Kevin (24) gjekk grense­sprengande søndagstur: – Ikkje lyst til å gjere det igjen

2 weeks ago 10


– Når eg veit kor vondt det er, då har eg ikkje lyst til å gjere det igjen.

Det seier ein groggy Kevin Ramsfjell til NRK.

Han har akkurat vekt kroppen til liv etter ei ekstrem treningsøkt. No sit han igjen nærast fyllesjuk på grunn av anstrenginga han har vore gjennom. Musklane verker og kroppen jobbar på høggir med å behandle det han har utsett seg sjølv for.

For søndag morgon starta ei treningsøkt på rulleskimølla utanom det vanlege.

Inne på det som liknar på eit laboratorium starta ein tur som skulle vare i over 12 timar. Målet? Nå høgda av det høgaste fjellet i verda, Mount Everest, på 8.849 meter.

Adrian Brekken Ramsfjell/Privat

Innanfor idrettsverda blir dette kalla «everesting». Det går rett og slett ut på å klatre opp på det myteomspunne fjellet i talet på høgdemeter. Ingen har gjort dette på rulleski tidlegare, fram til Ramsfjell starta det evigvarande bandet på Lillehammer.

Kvar time og kvart minutt går like seint. Du må berre vere hard med deg sjølv, seier Ramsfjell.

Gudbrandsdølen Dagningen omtalte den spesielle treningsøkta først.

– Det tøffaste er det mentale

Frå Ramsfjell starta klokka 7 om morgonen søndag til han hadde «erobra» toppen, gjekk det over 12 timar. Med andre ord eit halvt døgn på ei tredemølle – og det heile utan underhaldning som for eksempel ein skjerm.

Da 8849 meter var erobra og «everesting»-forsøket var over, så Ramsfjell nærast urørt ut.

Men sjølv om sveitten ikkje rann der og då, hadde utfordringa kosta.

– Det tøffaste er det mentale for det er så monotont og du får aldri kvile eller eit avbrekk. Det er tungt uansett rørsleform, men skøyting og padling gjer det veldig tungt.

Landslagsskryt

Den tøffe søndagsturen har etterlate seg spor i Idretts-Noreg. Fleire har late seg begeistre for utfordringa, blant dei er to skiskyttarar i verdstoppen.

«Hua ditt», skriv Vebjørn Sørum på Instagram-innlegget til Ramsfjell som er publisert etter prøven.

Sørum er ein del av rekruttlandslaget i skiskyting og er ikkje framand for lange eller harde økter. Denne søndagsturen derimot blir han imponert over.

– Først og fremst så er dette sjukt. Det å berre bestemme seg for å gjere noko slikt er sjukt, det å då fullføre er berre rått. Vi gjer mange harde og ekstreme turar og pushar på vår måte på rekruttlaget, men dette blir noko heilt anna, seier Sørum.

– Det er ei jæskla lang økt, for å seie det slikt. Han viser ei utruleg imponerande stayerevne. Hadde han brukt det til noko fornuftig i toppidretten så ville han blitt livsfarleg på sisterundar, seier landslagsskiskyttar Vetle Sjåstad Christiansen om Ramsfjell.

Stafett Östersund mars 2023

VERDSCUP-SKRYT: Kevin Ramsfjell får skryt frå 50 prosent av dette norske laget som vann stafetten i verdscupen i Östersund i 2023. Frå venstre: Vetle Sjåstad Christiansen, Johannes Dale-Skjevdal, Vebjørn Sørum og Endre Strømsheim.

Foto: Anders Wiklund / TT/NTB

Lyst til å sjå kor langt ein kan dra det

Hverken Sørum eller Christiansen, som er i verdstoppen i skiskyting, hadde klart å sjå for seg at dei kunne klart å fullføre ei slik anstrenging.

Ramsfjell beskriv den mentale utfordringa som den største. Det at du i tillegg ikkje har noko variasjon, gjer at du ikkje kan beskrive stuntet som noko anna enn ekstremt.

Ein har lyst til å sjå kor langt ein kan dra det. Det er kult å gjere ting som ikkje har blitt gjort tidlegare, seier Ramsfjell.

Kevin Ramsfjell underveis på «everesting»-forsøket i Lillehammer på en rulleskimølle

UNDERVEGS: Dette var utsikta til Kevin Ramsfjell under dei 12 timane på rulleskimølla.

Foto: Adrian Brekken Ramsfjell / Privat

Han er ikkje ukjent for det som kan beskrivast som utanomjordiske prestasjonar. Han har blant anna noregsrekorden for å gå Noreg på tvers på rulleski og har også sprunge frå Bergen til Oslo med fire timar søvn.

No blir det nokon dagar på sofaen, før nye utfordringar ventar. Til NRK kjem han allereie med eit aldri så lite hint:

Eg pleier aldri å gjere det same prosjektet på ny. No veit eg kor vondt dette er, då har eg ikkje lyst til å gjere det igjen. Ein kan også gjere utfordringa på sykkel. Tar eg det på sykkel så har eg på ein måte tatt alle tre: løping, rulleski og sykling.

Publisert 04.11.2024, kl. 20.27

Read Entire Article