Ein kajakk var sakna ved Askøy utanfor Bergen. Kajakkpadlaren var i følge med to andre kajakkpadlarar, og var iført gul flytedrakt. Det vart sett i verk redning/søk etter vedkomande.
– Vi har brannbåten Sjøbrand på veg. Luftambulansen vil søke og vi har brannressursar på land, sa vaktkommandør Helge Lund ved 110 Vest.
I tillegg var det ei redningsskøyte med i søket.
Sakna blei funnen i god behald på eller ved land. Det hadde vore ei misforståing.