Ingen veit når GTA 6 kjem: – Folk kjem til å ta seg fri frå jobben for å spele

1 week ago 14


– Det er litt som å vinne gull som idrettsutøvar, samtidig som ein stor krig bryt ut.

Slik samanliknar spelgründer, Bendik Stang, i det norske spelselskapet Snowcastle Games, å lansere eit spel i same tidsrom som Grand Theft Auto (GTA) 6.

Spelet er venta å bli den største spellanseringa i historia, både i sal og omtale. Utgivaren TakeTwo, avventar må å sleppe ein lanseringsdato for å «bevare spenning».

Og det skaper trøbbel for ein heil bransje - fordi ingen «tør» å lansere spela sine i same periode.

Det same gjeld den norske spelbransjen.

– GTA 6 vil mest sannsynleg støvsuge opp all mediemerksemd når det blir lansert, seier Stang.

Styreleder Snowcastle Games

Bendik Stang er styreleiar i Snowcastle Games.

Foto: Privat

Rapportar antydar at GTA 6 skal vere klart i slutten av 2025 eller tidleg 2026.

Stong og Snowcastle Games jobbar med spelet «Lysward» som dei har planlagt å publisere i slutten 2026.

Han fortel at dei aktivt har prøvd å navigere seg rundt tidsrommet GTA 6 kjem ut.

– Det er ein del flaks inne i bildet, viss spelet ditt skal bli ein supersuksess. Og den flaksfaktoren er nesten nede i null om du lanserer i same periode.

Og merksemda spelet kjem til å få, gjer at ein heil spelbransje avventar å bekrefte ein lanseringsdato på spela sine.

GTA VI Skjermdymp

Foto: Peter Morgan / AP / NTB

Hauser hausa opp

Mannen som sit med fingeren på den store raude knappen for GTA 6 er Sam Hauser.

Han er toppsjef i Rockstar, og har i svært liten grad kommentert alle rykta om det nye spelet.

Hauser er svært sjeldan avbilda og det er få som veit noko om privatlivet hans no. Han starta Rockstar saman med broren Dan.

Men i fjor bidrog han sjølv til å skru forventningane opp i vêret. Han la då ut ein tekst på heimesida til selskapet.

– Vi er svært glade for å kunne fortelje at den første traileren blir lansert tidleg i desember, skreiv Hauser.

Ein trailer som hittil er sett over 248 millionar gonger.

Han skreiv også at Rockstar Games blei grunnlagd i 1998 på ideen om at videospel kunne vere like essensielt for kulturen som all annan form for underhaldning.

– Vi håpar at vi har laga spel du elskar i forsøket vårt på å vere ein del av den utviklinga.

– Stillstand

NRK sin spelmeldar, Rune Fjeld Olsen, meiner at det nærast er meiningslaust å lansere andre spel samstundes med GTA.

– Folk kjem til å ta seg fri frå jobben for å spele. Nokon kjem til å spele GTA 6 i månadsvis, kanskje årevis, trur Olsen.

Han peikar på at det kan hende at GTA 6 kan bli eit dårleg spel som kan kome å selje dårleg.

– Men sannsynlegheita for det er ekstremt liten. Så du ser ein slags stillstand i bransjen no.

Publisert 09.04.2025, kl. 05.12

Read Entire Article