Ikkje alle vil hjelpe sine gamle foreldre. Kvifor?

1 week ago 10


Denne artikkelen er produsert og finansiert av OsloMet – storbyuniversitetet - les mer.

Omsorga for eldre foreldre kan vere både praktisk hjelp og personleg pleie. (Foto: Colourbox)

Det er andre ting enn haldningar som avgjer kven som hjelper foreldra sine når det er tid for å stille opp. 

Kva forventningar har folk til at vaksne barn skal stille opp for eldre foreldre som treng hjelp? Og bør foreldre tilpasse livet sitt slik at dei kan hjelpe vaksne barn som treng det?

Dette er spørsmål som inngår i Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG). Det er forskarar i Noreg og Sveits som har undersøkt dette nærare.

Er det samanheng mellom haldningar og handlingar?

– Dei som ti år tidlegare oppgav å ha eit godt forhold til foreldra sine, gir meir omsorg til enn dei som vurderte kvaliteten på forhaldet som dårlegare, seier forskar Hanna Vangen. (Foto: StudioVest / OsloMet)

Følgde dei same personane over tid

Forskarane Hanna Vangen og Katharina Herlofson ved Velferdsforskningsinstituttet NOVA på OsloMet har undersøkt samanhengen mellom haldningar til hjelp og omsorg, og faktisk hjelp.

Dei utnyttar moglegheitene i NorLAG til å kunne følgje dei same personane over tid.

Først undersøkte forskarane dei generelle haldningane personane i studien hadde til kva ansvar vaksne barn har for å gi omsorg til gamle foreldre. 

I neste omgang såg dei haldningane i samanheng med kva omsorg deltakarane sjølv gir til eigne foreldre ti år seinare. 

Omsorga det er snakk om, kan vere både praktisk hjelp og personleg pleie.

Forholdet mellom foreldre og barn er viktigast

– Resultata viser at tidlegare haldningar ikkje har noka betydning for om vaksne barn faktisk hjelper foreldra på eit seinare tidspunkt, seier Vangen.

Det er andre ting som synest å ha meir å seie for om barna gir slik hjelp. 

Ein viktig faktor er kvaliteten på relasjonen til foreldra.

– Dei som ti år tidlegare oppgav å ha eit godt forhold til foreldra sine, gir meir omsorg til foreldra enn dei som vurderte kvaliteten på relasjonen som dårlegare, fortel ho.

Forskarane finn òg at det har noko å seie både for søner og døtrer om foreldra bur åleine og kor langt unna dei bur. Det har også betydning kor stort behov foreldra har for hjelp.

Eit anna funn er at døtrer gir meir omsorg til mødrer enn fedrar.

Forskjell på biologiske foreldre og steforeldre

NorLAG-dataa inneheld mykje informasjon om ulike familiekonstellasjonar.  

Forskar Julia Sauter ved Universitetet i Genève har sett på forskjellar i haldningar til familieomsorg mellom dei som har stebarn, dei som har eigne barn og dei som har begge delar.

Ho finn at haldningane til omsorg og hjelp er ulik for biologiske foreldre og steforeldre.

Studien tek utgangspunkt i ein hypotese om at personar som har stebarn, har mindre forventningar til at vaksne barn skal hjelpe eldre foreldre enn dei som berre har biologiske barn.

Ho finn ikkje støtte for hypotesen. Analysane viser at steforeldre i større grad enn biologiske foreldre meiner at vaksne barn har ansvar for å hjelpe dei gamle foreldra sine. 

Ei av forklaringane kan vere at steforeldra synest partnaren får for lite støtte frå dei biologiske barna sine, ifølgje Sauter.

Men kva med spørsmål om kva hjelp dei vaksne barna bør få frå foreldra? 

Her skil også steforeldre og dei som berre har eigne barn, lag. Steforeldra synest i mindre grad at foreldre bør late etter seg noko til barna eller tilpasse livet sitt dersom barna treng hjelp.

Viktig å studere familierelasjonar

Begge studiane viser betydninga av relasjonelle forhold for både haldningar til familieomsorg og utøving av slik omsorg.

Forskingaviser at det kan vere større grunn til å studere familierelasjonar enn å sjå på generelle haldningar til omsorgsansvar viss ein er oppteken av potensialet for framtidig familieomsorg i norske familiar.

Om NorLAG-studien

I Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon (NorLAG) følgjer forskarar kvinner og menn over tid frå 40-års alderen og oppover. Studien klargjer viktige livsområde som mellom anna arbeid, familie, bustad, omsorg og livskvalitet. 

Det er samla inn data i fire rundar: 2002, 2007, 2017 og 2024.

Referanser:

Julia Sauter: Norwegian biological parents and stepparents’ attitudes towards family obligations in middle and old age. Journal of Family Issues, 2024. Doi.org/10.1177/0192513X241236

Hanna Vangen og Katharina Herlofson: Why care? How filial responsibility norms and relationship quality matter for subsequent provision of care to ageing parents. Ageing & Society, 2023. Doi:10.1017/S0144686X23000235

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article