Idretten ekskluderar ungdom: – Det er ekstremt viktig at me tilbyr den andre 50 prosenten noko

16 hours ago 6


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Trysil-knuten er eit av nærmiljøanlegga Tverga har vore med å utvikle. Ungdomane i Trysil sakna ein stad å treffast og vere aktive. I haust fekk dei det. (Foto: Tverga)

Mange ungdomar finn ikkje plassen sin i organisert idrett. Kva slags idrettsanlegg bør me bygge i framtida for å få flest moglege aktive?

– Me endar opp med veldig mange anlegg som berre halvparten av 15-åringene føler at dei har noko å gjere i.

Reidar Säfvenbom har forska på ungdom og eigenorganisert aktivitet i mange år. I Noreg er dei fleste barn innom den organiserte idretten, men fråfallet er stort i ungdomsåra.

I løpet av ungdomsskulen er det berre halvparten igjen i idretten, viser tal frå Ungdata.

Podcast: Kva idrettsanlegg trenger vi i framtida?

I NIH-podden tek Säfvenbom diskusjonen med Lisa Mari Watson, dagleg leiar for Tverga, ressurssenteret for eigenorganisert aktivitet, om kva som bør gjerast for at anleggspolitikken skal bli meir rettferdig i åra som kjem. 

Høyr heile episoden her.

Har ikkje ein tidsaktuell politikk

Professoren meiner det blir urettferdig for dei unge at dei aller fleste pengane som blir gitt ut for å bygge anlegg, går til fotballbanar, fleirbrukshallar og anlegg som idretten er meint til å bruke.

– Me veit at den organiserte idretten, den tradisjonelle olympiske ungdomsidretten, verkar ekskluderande. Ungdom opplever han som mykje meir vinnar- og konkurranseorientert enn dei gjer for eksempel på skulen, fortel Säfvenbom.

Reidar Säfvenbom har i mange år forska på ungdom og eigenorganisert aktivitet. (Foto: NIH)

Han understreker at det er fantastisk at idretten har eit godt tilbod til ein så stor del av barn og unge, og at det må ein jobbe for å halde på. 

– Men det er ekstremt viktig at me tilbyr den andre 50 prosenten noko. Viss fysisk aktivitet er så viktig i dagens samfunn, så er det viktig at me har ein tidsaktuell og rettferdig politikk på det her. Per i dag vil eg påstå at me ikkje har det, seier Säfvenbom.

I Noreg er det spelemiddelordninga som hovudsakleg finansierer nye anlegg for fysisk aktivitet og idrett.

I haust har ei endring av ordninga vore ute på høyring (høyringsnotat på regjeringen.no).

– Me har vore veldig gode på å lage rammer rundt den organiserte idretten og bygge fellesskapet innanfor det. Men ein har ikkje klart å forstå korleis ein skal stimulere til meir eigenorganisert aktivitet. Eg meiner jo løysinga til betre folkehelse både er organisert og eigenorganisert, og kanskje ein fleirbruk av begge to, seier Watson.

Hagadumpa Parcade er på veg til å bli bygd i Larvik. Det er ein «gamingpark» som nyttar element frå den digitale verda for å få unge fysisk aktive. (Foto: Asplan Viak)

Bør endre spelemiddelordninga

Tidlegare i år tok EUs idrettsministrar til ordet for at medlemslanda skal satse meir på eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet.

Lisa Mari Watson har sjølv erfaring frå den organiserte idretten frå jobb i Snowboardforbundet. (Foto: Tverga)

Ein fersk rapport fra Play the Game viser at 38 prosent av europearane deltek i sport og trenar regelmessig, og flesteparten gjer det utanfor idretten.

– Det handlar jo ikkje om ein kamp mellom den organiserte og det uorganiserte. Det handlar om at me må sjå heilskapen i behova til lokalbefolkninga. Pengane skal jo gå til at alle har like moglegheiter til å vere i fysisk aktivitet. Og det er litt av det EUs idrettsministrar har innsett. Dei ser at me er nøydd til å vere med og stimulere til meir eigenorganisert aktivitet, seier Watson.

Derfor meiner Tverga at spelemiddelordninga må endrast. Dei meiner den er laga med tanke på idrettens premiss og konkurranseaktivitet.

Om Tverga

Tverga er ein frivillig organisasjon etablert i 2018, på oppdrag fra Kulturdepartementet.

Dei rettleiar kommuner og frivillige i utviklinga av møteplassar for eigenorganisert aktivitet og idrett, heilt gratis. 

– Det er mogleg å søkje om pengar til nærmiljøanlegg og aktivitetsparkar i dag, og det er bra. Men utfordringa er at den er for lite fleksibel, seier Watson og nemner ein fleirbrukshall i Fredrikstad som eit eksempel.

Der fekk barna vere med å medverke på kva hallen skulle innehalde. Saman med skulen og Tverga fann dei ut at dei ville ha eit motorikknett i tillegg til den ordinære hallen.

– Nettet kom på plass, men gjekk ikkje innanfor rammene som spelemidlane støttar, og måtte bli finansiert på andre måtar, fortel ho.

Trosvikhallen i Fredrikstad har fått eit eige motorikknett i fleirbrukshallen som legg til rette for andre typar aktivitet enn idrett. (Foto: Fredrikstad kommune)

Burde ha vore laga for 20 år sidan

Rundt om i landet poppar det likevel opp nye typar anlegg som Tverga har vore med å utvikle.

Ein gamingpark i Larvik som knyttar den digitale verda saman med fysiske element.

I Bergen finst det tre såkalte Fysak-hus som er aktivitetshus med boltreplass for eigenorganiserte aktivitetar som skateboard, dans og parkour.

NIH-professoren meiner me er langt på etterskot med slike typar anlegg.

– Desse eksempla på anlegg burde vore utvikla for 20 år sidan. Alt som har skjedd på film- musikk og spelfronten, har ikkje vore utnytta med tanke på å gjere barn og unge meir interessert i å vere i bevegelse. Me har hatt ein politikk som har sett bakover og vore mest opptatt av å verne den tradisjonelle idretten, meiner Säfvenbom.

Tverga jobbar både for å utvikle nye nærmiljøanlegg som parken i Trysil, men også å bruke eksisterande anlegg på ein betre måte. (Foto: Tverga)

Oppveksten står på spel

Han er sjølv i ferd med å fullføre ein studie som viser at ungdom som ikkje er i aktivitet i det heile tatt, slit på veldig mange område.

– Det er akkurat dei 250.000 unge dette er viktig for. Det er barn og unges oppvekst som står på spel. Me er nøydd til å utvikle tilbod som gjer noko med involvering og tryggheit. Uansett korleis du ser på dette, så vil det vere med barn og unge med foreldre med dårleg økonomi og låg utdanning som vil ha problem med å involvere seg i det tilbodet me har i dag.

Anlegga og parkane Tverga er med på å støtte og utvikle er hovudsakleg gratis og opne for alle.

Dei har også trua på å utvikle dei anlegga som alt finst der ute.

– Eg har mest trua på dei nære og litt mindre anlegga. Grendehus som blir gjort om til bevegelesrom. Me må også tenkje på miljø og kan ikkje byggje ut anlegg i evigheita. Me må bruke dei areala me har og tenkje kreativt rundt det.

Høyr heile diskusjonen i NIH-podden. 

Referanse:

Steffen Rask mfl.: New study challenges European Model of Sport as EU ministers move to support self-organised sport. Play the Game, 2024.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article