Ein dag gjekk Patrycja Karolina Nosal opp til pleieheimen Tjønnmosenteret i Tynset.
Sjølv om ho ikkje hadde trua på å få jobb, spurde ho om det.
Dei spurte tilbake om ho kunne skrive kontrakt med ein gong.
STUDENT: Ofte studerer Patrycja Karolina Nosal på dagtid og jobbar på kveldstid. I mellom der er ho mor til Sander på 11 månadar.
Foto: Bjørnar Morønning / NRK– Eg fekk jobben eigentleg veldig på sølvfat, seier sjukepleiarstudenten.
– Men ho som tilsette meg, sa at dei gjerne vil ha studentar, for da veit dei at dei har sjukepleiarar der, og ikkje berre hjelpepleiarar.
Kø for studentane
Hennar oppleving er samstundes ikkje unik for dei som studerer i Tynset.
Patrycja er student på Høgskulen i Innlandet. Dei har ikkje campus i Tynset, men gjer tilbod om samlingsbasert sjukepleiarutdanning på deltid.
Fleire av dei fekk tilbod om fast jobb i helsetenesta allereie på fyrste samling.
I hennar kull er det 48 deltidsstudentar på sjukepleiarutdanninga.
Halvparten, deriblant Patrycja, kjem frå regionen. Dei andre kjem frå resten av landet.
ETTERSPURDE: Kristin Aas-Berntsen, prosjektleiar i Tynset Studie- og Høgskulesenter, får ofte førespurnadar frå det lokale næringslivet om studentane.
Foto: Bjørnar Morønning / NRK– Fyrste studieår sto det kommunar, helsearkivet, sjukehus på gangen her og byr på faste stillingar nærmast, seier prosjektleiar i Tynset Studie- og Høgskulesenter, Kristin Aas-Berntsen.
I 2023 brukte Kommune-Noreg 4 milliardar på sjukepleiar-vikarar, som er ein firdobling på rundt ti år.
Aas-Berntsen trur studentane løysar mange flokar i distrikta.
– Det er skrikande manko både i kommunehelsetenesta og på sjukehusa. For å klare å halde fram med å fylle stillingar, må vi ha sjukepleiarutdanninga her, seier Aas-Berntsen.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at offentleg, høgare yrkesfagleg utdanning i helse-, sosial- og idrettsfag, hadde nesten ei dobling i antal studentar mellom 2019 og 2023.
Sjukepleiarstudentane skal øve på anatomieksamen i dag.
Korleis kan ein lære det best mogeleg?
Ein måte er å lære det vekk til fyrsteklasseelevar på Nord-Østerdal vidaregåande skule.
Patrycja har sjølv merka det gode i å bruke kjennskapen i praksis, da ho er på jobb som sjukepleiar.
Forresten, dette er innsida av ein kalv, ikkje eit menneske.
Usentralt studietilbod
Patrycja (22) trur ikkje ho hadde studert til å bli fagutdanna sjukepleiar, om høgskulesenteret i Tynset, gjennom Universitet i Innlandet, ikkje hadde hatt utdanninga der.
– I vår situasjon så er eg veldig usikker på det. Eg og mannen min har jo diskutert det mykje. Skal eg studere, så vil eg helst gjere det her. For da slepper han å få snudd om kvardagen dei dagane eg skal på samlingar, seier småbarnsmora.
FULLT: På sjukepleiarutdanninga i Tynset køyrer nokre av dei opptil ti timar i bil med glede.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKEin som gleder seg over tilbodet på Tynset, er Oddmund Hoel (Sp).
Han er forskings- og høgare utdanningsminister.
– Tynset er eit prakteksemplar av eit studiesenter som driv veldig godt og har gjort det i lang tid, seier Hoel.
IMPONERT: Oddmund Hoel, forskings- og høgare utdanningsminister, seier at utdanningstilbod som i Tynset er viktig for deira regjering.
Foto: Henrik Einangshaug / NRKMinisteren er samd med Aas-Berntsen, om at studietilbodet løyser eit stort samfunnsproblem.
– Det manglar folk og arbeidskraft. Det problemet er størst i dei minst sentrale kommunane. Derfor har det vore viktig for oss å byggje opp eit nett av studiesenter over heile landet, som er koplingsboksar mellom lokale krefter og utdanningsinstitusjonar, seier Hoel.
Meir familietid
Sjølv om både studiet og jobben er deltid, innrømmer Patrycja at kvardagen som småbarnsmor kan bli ekstra krevjande.
– Ein blir jo sliten. Det er mykje, men da er det viktig å ha støttespelarar som besteforeldre og ein partnar som kan avlaste litt, seier Patrycja.
FAMILIETID: Patrycja (22) sett pris på å få tid med familien, i staden for å pendle.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKMen ho er overtyda på at ho val rett yrke.
– Eg er veldig glad i å hjelpe folk. Du får lære om heile kroppen og bruke det til å hjelpe andre. Om det er nyfødde, om det er de som er mot endens veg. Det verkar som eit perfekt yrke for meg.
Publisert 02.12.2024, kl. 12.54