Tonight on Love Island...
Den ellevte sesongen av Love Island UK er over, og den vart avslutta med ein historisk finale.
Etter å ha vore opptil åtte veker i ein villa på Mallorca, stod det fire par igjen i finalen:
Nicole Samuel og Ciaran Davies,
Mimii Ngulube og Josh Oyinsan,
Jessica Spencer og Ayo Odukoya
og Matilda Draper og Sean Stone.
Då programleiar Maya Jama ropte opp Mimii og Josh som vinnarar, vart dei det fyrste mørkhuda paret som nokosinne har vunne serien.
Nicole og Ciaran kom på andreplass, Matilda og Sean på tredje og Jess og Ayo på fjerde.
Finalen gjekk direkte på britiske ITV2 måndag 29. juli, slik at sjåarane heime kunne stemme fram paret dei meiner fortente serien.
Det vart ganske jamt mot slutten, men Mimii og Josh vann publikumsstemmene og kunne dermed ta med seg premien på 50.000 britiske pund, som er nesten 700.000 kroner.
Drama og skuldingar om mobbing
Men det har ikkje berre vore kos og kjærleik. Fleire sjåarar har i løpet av sesongen reagert på måten nokre av deltakarane har snakka til kvarandre.
Dette var spesielt etter Casa Amor, då «The Only Way Is Essex»-stjerna Joey Essex og godterimannen Sean, vart veldig fokusert på at Ayo og Mimii framleis hadde følelsar for kvarandre – sjølv om dei hadde snakka saman og var fornøgde med sine respektive partnarar.
Etter dette skal fleire ha klaga inn Love Island, og oppførselen til nokre av deltakarane til Ofcom. Det er Storbritannia sitt medietilsyn. Totalt skal dei ha fått rundt 2000 klagar. ITV har enno ikkje uttalt seg om desse klagene eller skuldingane.
– Det er forskjell på morosamt drama og at ting blir på grensa til ukomfortabel TV for min del, seier Adelina Ibishi.
Saman med Arianrhod Engebø og Anna Helene Folkestad har dei laga podkasten «Gruppechatten» der dei har snakka om kvar av episodane så fort dei kom ut.
Ho støtter publikum som synest det er rart at ikkje produksjonen har gripe inn.
– Eg har reagert på den gjentatte negative merksemda Joey og Sean har hatt mot dei andre deltakarane.
Arianrhod Engebø er einig med Ibishi i at det ikkje alltid har vore like hyggeleg å sjå på når det har stått på som verst.
– Eg trur likevel at det er mykje me ikkje får sjå frå produksjonen si side i dei situasjonane, og håper dei har gitt alle involverte i dramaet tett oppfølging for å passe på at alle har det bra i villaen.
Trekantdrama
Totalt var 37 personar innom villaen, i eit håp om å finne den store kjærleiken.
Og med så mange som alle er på leit etter ein kjærast – eller berre litt fleire instafølgarar, om me skal vera heilt ærlege – så blir det jo fort både drama og krangling over partnarar.
Dei største trekantdramaa me hadde denne sesongen var det i hovudsak to menn som stod for:
Fotballspelaren Ronnie Vint, og Joey Essex.
Begge desse hadde fleire damer som var interesserte i seg, og som dei ikkje alltid heilt klarte å bestemme seg for, eller som dei berre bytta ut ein etter ein.
I tillegg var det ei kort liten greie med Ayo, Mimii og Jessica, då Ayo valde Jessica framfor Mimii i Casa Amor.
Men dette ordna dei tre opp seg i mellom ganske fort.
Populær serie
– Årets sesong har vore ei gåvepakke. Det har vore veldig gøy å følge deltakarane, som har bydd på mykje personlegdom og humor i år, seier Ibishi.
– Eg synest sesongen har vore megagod! Ofte kan det vere litt treigt i start og slutt, men i år synest eg det har vore dramatisk og underhaldande over heile linja, seier Engebø.
1,5 millionar britar benka seg framfor skjermen under finalen.
Her i Noreg har me ikkje tala for finalen enno, men 145.000 såg premieren på TV 2 Play, og rundt 80.000 i snitt som har følgt sesongen, sjølv om tala aukar dagleg, ifølge pressesjef i TV 2, Jan-Petter Dahl.
Både Ibishi og Engebø har sine teoriar om kvifor programmet er blitt såpass populært.
– I botn og grunn handlar det om relasjonar, både i kjærleik og vennskap, noko alle har eit forhold til, seier Engebø.
Ho meiner mange liker å sjå på dating-program og at deltakarane på Love Island ofte er såpass underhaldande at det trekk sjåarar. Noko Ibishi er einig i.
– Eg trur det er summen av fleire ting; både at det er live og at det blir skapt ei kjensle av fellesskap ved å sjå på det, at det er enkelt å kjenne seg igjen i tematikken og at det er britar. Britar gjer seg utruleg godt på TV.
Hallaisen!
Så kjekt at du har lest deg heilt ned hit.
Eg jobber for det meste med å lage innhald for unge vaksne, så har du nokre tips om saker eg burde skrive? Send meg ein e-post då vel!
Publisert 05.08.2024, kl. 09.23