Skrekkfilm handlar for mange om å bite negler og ikkje ville skru av ljoset om kvelden, men mine favorittskrekkfilmar er ofte dei som ikkje tek seg sjølve så seriøst.
Desse filmane treng likevel eit haldepunkt, ein menneskeleg kjerne, som held sjåaren frå å vere heilt likegyldig til det som skjer.
Akkurat den balansen syns eg står godt i «Cold Storage», som må vere ein av dei kinofilmane eg har kost meg mest med så langt i år.
Fæl fungus
Dette er splatterflekka sci-fi-skrekk av den tullete sorten. Her snakkar me om parasittisk romsopp som får folk til å eksplodere, prosjektiloppkast og infiserte dyr på sjølvmordsoppdrag.
MAN TAGER KVA MAN HAVER: Alt kan vere eit våpen i ein naudssituasjon - berre spør Naomi (Georgina Campbell).
Foto: Reiner Bajo / Ymer MediaDå systemet som har halde ein livsfarleg sopp isolert i eit gammalt militærlager sviktar, får minstelønnstilsette Teacake (Joe Keery) og Naomi (Georgina Campbell) eit stort problem.
Lagerbygget der dei to jobbar, ligg nemleg på toppen av dette militærlageret. Legg til dårlege sjefar, ein plagsam ekskjærast og ei militærleiing som ikkje tek trusselen seriøst, då fell sjansen for å overleve nattevakta drastisk.
Likande kollegaer
Trass i at eg aldri enda opp med å sjå «Stranger Things», som mange nok misunner meg no, har eg vore svært begeistra for Joe Keery som skodespelar heilt sidan eg såg han som jovial seriemordar i «Spree». Han har berre ein energi som lar han spele strålande gode taparar.
Det seier eg av rein kjærleik: På film er det ingen eg har større hjarte for enn taparane, og Keery får det til igjen her.
I SKRANKEN: Ein dritjobb er betre enn ingen jobb for Teacake (Joe Keery).
Foto: Reiner Bajo / Ymer MediaTeacake er pratsam og lett påverkeleg, eigenskapar som ikkje har gjort han godt i eit kronglete liv. Nytilsette Naomi går derimot sin eigen veg. Ho lar ikkje eit godt mysterium bli liggande.
Ikkje den ideelle kombinasjonen når livet står på spel.
I klassisk skrekkoppskrift tek dei to ei rekke dårlege val, utan at det blir skubba til det frustrerande ekstreme. Samspelet mellom dei er eit høgdepunkt for meg: Første vakt saman og dei greier paradoksalt nok å bringe ut både det beste og verste i kvarandre.
HJELPEN KJEM: Robert (Liam Neeson) hadde eit skjebnesvangert møte med soppen for mange år sidan.
Foto: Reiner Bajo / Ymer MediaEit fint motstykke kjem i Robert (Liam Neeson), den profesjonelle og hardbarka soldaten som er for gammal til alt dette, men held nøkkelen til å stoppe utbrotet.
Topp underhaldning
Dette er ikkje høg filmkunst på noko nivå. Eg kan førestille meg at spesielt dialogen vil irritere ein del sjåarar. Det er mange kommentarar av sorten «kva skjedde nettopp?» og «dette er ikkje normalt», og Teacake kan det å plapre tull.
Eg, derimot, kjøper det berre heilt og halde. Kanskje fordi eg hadde reagert heilt likt om dette skjedde med meg.
Det er som om ein kan høyre manusforfattar David Koepp («Jurassic Park») knise for kvar banale, kaotiske situasjon som oppstår. Det humøret smittar. Handlinga gav meg også ein del assosiasjonar til ein av mine favorittar frå 80-talet, «Return of the Living Dead», som aldri er feil.
EKSPERTANE: Robert Quinn (Liam Neeson), dr. Hero Martins (Sosie Bacon) og Trini Romano (Lesley Manville) på skjebnesvangert oppdrag.
Foto: Reiner BajoFilmen taper seg litt mot klimakset, men leverer ein eksplosiv finale med ein gong han er over den humpen. Effektane er heller ikkje heilt på det truverdige nivået, utan eg synest det gjer så mykje. At det er underhaldande å sjå på, er det det viktigaste.
Det er tilfellet her.
«Cold Storage» er teit på akkurat dei måtane som varmar mitt splatterhjarte. Frå dei minst subtile songvala ein kan førestille seg til grønguggete gladvald – dette er skikkeleg koseskrekk.
Eg hadde kalla han lettfordøyeleg om ikkje det var så mykje oppkast involvert.
Publisert 12.02.2026, kl. 13.50















English (US)