Herjar på «norsk» sykkel: – Han er kravstor

1 day ago 1


– Han har alltid nye idear, skryter sykkeldesignar Torgny Fjeldskaar.

Han snakkar om Tadej Pogacar. Den slovenske sykkelstjerna som under Tour de France i år har fortsett herjinga han har drive dei siste åra.

– Du har sykkelproffar som ikkje bryr seg så mykje. Ein kan gi dei nesten kva som helst og dei er fornøgde. Og så har du nokon som er veldig klar over detaljar, og det er Tadej.

– Han er kravstor, men det er ikkje nokon «divanykker», fortset han.

Vestfoldingen har samarbeidd tett med Pogacar dei siste åra og har vigd dei siste åra av sitt liv til at stjerna skal ha den beste sykkelen. Det er først og fremst styret og rammene som nordmannen har ansvar for.

Blei som eit barn

Frå sykkelstudioet sitt i Sveits har Fjeldskaar, og dei vesle tremannsteama hans, jobba dei siste 3,5 åra for å utvikle sykkelen som både Pogacar og resten av UAE har sykla på denne sesongen.

Men sjølv om dei jobbar for heile laget, er det den fremste syklisten til laget som er prioritert.

– Vi startar alltid med Pogacars størrelse, fordi han får prototypane først og må ha meir innverknad i utviklingsprosessen. Han har veldig mykje bra tilbakemeldingar og veit kva han vil, seier Fjeldskaar.

For tre år sidan fekk Pogacar for første gong prøve ein sykkel designa av Fjeld studio. Fjeldskaar opplevde at slovenaren lyste opp.

– Da var han veldig fornøgd, det var kult å sjå. Han blei litt barnsleg. Som om han var eit barn og fekk ein ny sykkel.

Fjeldskaar meiner forklaringa er enkel.

– Det var eit stort sprang frå den førre modellen han sykla på, seier han.

Ekstra sykkelinteresserte kan lese meir om Pogacars sykkel her:

Trappeløp med tung sekk

Gjennom fleire møte dei siste åra, sist på treningsleir i vinter, har Fjeldskaar merka korleis Pogacar elskar å sykle.

– Han er veldig lidenskapeleg. Eg trur ikkje alle proffar liker dei lange treningsturane dei har like godt som han. Han ser ut til å sjå fram til kvar einaste ein.

Torgny Fjeldskaar

STØTTESPELAR: Torgny Fjeldskaar innrømmer at det er ekstra viktig å optimalisere sykkelen til Tadej Pogacar.

Foto: Privat

Sykkeldesignaren beskriv han som innovativ – ikkje berre når dei utviklar syklar – men også i måten han trenar på.

Han fortel blant anna at Pogacar driv med trening ein gjerne ikkje knyter til syklistar: Løping i trapper med tung ryggsekk.

– Det gjer han for å bli meir eksplosiv i beina. Han eksperimenterer mykje med trening, fortel Fjeldskaar.

– Blant dei beste utøvarane vi har

NRKs sykkelekspert Sondre Sørtveit bruker store ord når han beskriv ryttaren Fjeldskaar designar for.

– Det Pogacar driv med, synest eg kvalifiserer for å vere blant dei beste idrettsutøvarane på tvers av alle idrettar, seier Sørtveit.

Han beskriv det som ganske unikt, at ein nordmann bidrar til den suksessen Pogacar har hatt.

I tillegg peikar han på detaljane i utstyret som spesielt viktig i sykkelsporten.

– Det er små marginar. Særleg på tempoetappane. Om du er eit halvt sekund dårlegare per kilometer og skal sykle ein tempoetappe på 40–50 kilometer, så kan det vere utslagsgivande for om du vinn eller blir nummer ni, seier Sørtveit og fortset:

– Sjølv om Pogacar er så god som han er fysiologisk og mentalt, så er det viktig at han har utstyr som er konkurransedyktig mot det konkurrentane har.

Portrettbilde av Sondre Sørtveit

VIKTIG: NRKs sykkelekspert Sondre Sørtveit meiner godt sykkelutstyr er ein viktig nøkkel for å trekke det lengste strået i ritt som Tour de France.

– Han gjer ein god jobb

Etter ein etappe i begynninga av Tour de France spurde NRK UAE-ryttaren Tim Wellens om korleis dei nye syklane kjennest.

– Syklane er veldig bra, så han gjer ein god jobb, svarte Wellens og fortsette:

– Dei er raske og aerodynamiske, og laga med luksuriøst bra materiale.

Nettopp aerodynamikk har blitt eit nøkkelord i Fjeldskaars kvardag. Fleire gonger i året testar han syklane i vindtunnel.

– Den klart største motstanden ryttarane møter er lufta dei må brøyte vekk. Særleg om ein ligg føre, som Pogacar har ein tendens til å gjere når han går i angrep, så har ein ingen å ligge bak og da er aerodynamikk utruleg viktig, seier Fjeldskaar.

Tadej Pogacar

SYKKELSTJERNE: Tadej Pogacar blir rekna som ein av dei beste syklistane i verda.

Foto: LOIC VENANCE / AFP / NTB

Han fortel at deira arbeid har blitt mykje meir vitskapleg basert sidan han begynte som proffdesignar i 2003.

– Det er utruleg mange ting som har endra seg. Vi har mykje meir simulasjonar enn det vi hadde før. Vektgrensa på syklane er den same så det ein har kunna gjere størst framsteg på er aerodynamikken.

Former seg etter rumpa

Fjeld studio har som nemnt rammene og styret som hovudansvar på UAE-syklane.

Styret er delen av sykkelen som møter lufta, og blir beskriven av Fjeldskaar som avgjerande.

– Jo smalare styre, jo meir aerodynamisk kan du sitte som ryttar.

Breidda på Pogacar styre er 36 centimeter.

Fjeldskaar forklarer at sykkelsetet ikkje er spesialdesigna etter rumpa til kvar ryttar, men 3D-printa i eit materiale som gjer at det former seg etter rumpa.

Fjeldskaar påpeikar at sjølv om detaljane i utstyret er viktig, er det ikkje han som er hovudgrunnen til Pogacars suksess.

– Det er først og fremst han sjølv, smiler han.

Alle etappane i Tour de France kan du høyre på NRK sport.

Er det greit å jogge i baris? 01:18

Publisert 21.07.2025, kl. 13.49 Oppdatert 21.07.2025, kl. 14.00

Read Entire Article