Her brenner stemmesedlane

3 weeks ago 7


Tidleg måndag morgon begynte det å brenna i ei stemmeurne i byen Portland i den amerikanske delstaten Oregon.

Få timar seinare, i nabobyen Vancouver i delstaten Washington, blei ein annan brann i ei stemmeurne fanga på kamera av eit TV-team.

Til saman er hundrevis av førehandsstemmer øydelagde.

Politiet mistenker at det er snakk om brannstifting, og FBI er kopla på saka.

Det kvite hus jobbar nå i lag med lokale myndigheiter for å gje folk som fekk stemmeseddelane sine øydelagde, nye stemmesetlar.

Etterlyser mørk Volvo

Ein mørk Volvo nå etterlyst i tilknyting til brannane.

Bilen blei sett på eit overvakingskamera ved stemmeurna som brann i Portland, like før sikkerheitsvakter oppdaga brannen i urna, skriv AP.

Den etterlyste bilen etter at to stemmeurner angiveleg blei påtent i Washington og Oregon.

Den etterlyste bilen som politiet trur er kopla til dei mistenkte brannstiftingane på stemmeurner i Washington og Oregon.

Foto: Jenny Kane / AP

Begge brannane skal ha starta etter at eit brannapparat blei festa på stemmeurnene.

I Portland blei berre tre førehandsstemmer øydelagde.

Både stemmeurnene i Portland og Vancouver har eit innebygd branndempande system, som blir aktivert når temperaturen når eit visst punkt.

Dette systemet blei aktivert i Portland, men ikkje i urna i Vancouver.

Politiet koplar også dei to brannane til ein tredje brann i ei stemmeurne i Vancouver den 8. oktober. Då tok ingen stemmesetlar skade.

Førebels er ingen arresterte.

– Direkte angrep på demokratiet

Hundrevis av stemmer i stemmeurna i Vancouver gjekk tapt som følge av at det brannhemmande systemet ikkje so ut, fortel fylkesrevisor Greg Kimsey til AP.

Kimsey skildrar det som «hjarteskjerande».

– Det er eit direkte angrep på demokratiet, sa han til AP.

Stemmeurna blei sist tømd klokka 11 lokal tid laurdag 26. oktober, ifølge fylkesrevisoren. Dei som la stemmene sine i urna etter dette, kan ta kontakt for å få ein ny stemmesetel, fortel Kimsey.

Framover vil stemmesetlane bli henta inn oftare og på kveldstid for å hindra at dei står fulle over natta, opplyser han til AP.

Ei nyleg erstatta valurne i byen Vancouver i delstaten Washington i USA, etter at den andre blei øydelagd i brann. Ein mann legg inn ein stemmeseddel i boksen frå bilen sin.

Ein person legg ein stemmesetel i den erstatta valurna i Vancouver, etter at den førre blei øydelagd i det politiet mistenker er ei brannstifting.

Foto: John Rudoff / Reuters

Venta tett løp i valet

Vancouver er den største byen i Washingtons tredje kongressdistrikt.

Det er venta eit tett løp mellom den demokratiske representanten Marie Gluesenkamp Perez og den republikanske utfordraren Joe Kent, skriv CBC.

– Eg håpar gjerningsmannen bak denne kritikkverdige handlinga fort blir pågripen. Dei lokale og føderal rettshandhevande instansar har mi fulle støtte i arbeidet med å halda våre demokratiske prosessar trygge og sikre, sa Perez i ei utsegn.

Fylkesordførar i Multnomah i Oregon og demokrat Jessica Vega Pederson kom med ei oppfordring etter å ha høyrt nyheita.

– Ver så snill og ikkje la denne hendinga eller noko anna som skjer frå nå og fram til valdagen å hindra deg frå å uttrykka deg sjølv gjennom å stemma, sa Pederson.

Publisert 30.10.2024, kl. 22.32

Read Entire Article