Gravide Adriana (30) er hjernedød, men må bere fram fosteret

7 hours ago 4


I tre månader har 30 år gamle Adriana Smith lege i koma på sjukehuset i Atlanta.

Men fordi ho er 21 veker på veg med sitt andre barn, tvingar Georgias strenge abortlov legane til å halde kroppen hennar i gang til fosteret kan opererast ut, melder den lokale TV-stasjonen WXIA.

Det er først om nesten tre månader. Blir fjerna pusterøyret og andre livreddande einingar før det, vil fosteret sannsynlegvis døy.

– Det er tortur for meg. Eg ser at dotter mi pustar, men ho er ikkje der, fortel mora April Newkirk til WXIA.

Historia om Adriana går no verda over og reaksjonane er sterke.

Demonstranter med skilt med slagord om retten til abort.

Det har vore fleire demonstrasjonar mot Georgias strenge abortlov. Her frå ein demonstrasjon utanfor delstatsbygningen i Atlanta i 2022.

Foto: Ben Gray / AP / NTB

– Gispa etter luft

Smith var ni veker på veg da ho i februar fekk kraftig hovudverk. På sjukehuset fekk ho medisinar, men blei sendt heim igjen utan vidare oppfølging, ifølge mora.

Neste morgon forstod Smiths kjærast at noko var alvorleg gale.

– Ho gispa etter luft mens ho sov og gurgla. Det var mest sannsynleg blod, fortel Newkirk til TV-kanalen.

Smith blei frakta til sjukehus. Ei CT-skanning avdekte fleire blodproppar i hjernen. Da var det allereie for seint, og Smith blei erklært hjernedød, skriv WXIA.

en stor bygning med et skilt på

Hjernedøde Adriana Smith er for tida innlagd på dette sjukehuset i Atlanta.

Foto: Brynn Anderson / AP / NTB

Veit ikkje om barnet overlever

Over 90 dagar seinare sit familien framleis ved hennar side. Den fem år gamle son hennar forstår ikkje at mamma er borte, skriv The Independent.

Legane er også usikre på korleis det går med veslebror i magen, ifølge Newkirk. Dei har fortalt familien at dei har oppdaga væskesamling i hovudet til fosteret.

– Ho er gravid med barnebarnet mitt, men han kan vere blind, ikkje kunne gå eller måtte gjennomføre livet i rullestol. Vi veit ikkje om han overlever når han blir fødd, seier Newkirk til WXIA.

– Eg seier ikkje at vi hadde valt å avslutte svangerskapet, men vi burde fått valet.

Kontroversiell lov

Men familien har ikkje noko dei skulle ha sagt.

Georgias såkalla «hjarteslaglov» er krystallklar: det er ulovleg å ta abort etter at hjartet til fosteret bankar, vanlegvis rundt seks veker inn i svangerskapet.

Det er på eit tidspunkt når mange kvinner ennå ikkje veit at dei er gravide, har ekspertar forklart New York Times.

Det er nokre unntak for lova, for eksempel ved valdtekt, incest eller viss livet til mora er i fare. Men ettersom Smith er hjernedød og ikkje lenger blir rekna for å vere i livsfare, er legane pålagde å halde henne i live til fosteret kan overleve utanfor livmora.

Dei har fortalt familien at lova ikkje tillèt dei å vurdere andre alternativ, ifølge The Independent.

Sjukehuset som for tida tar hand om Smith, seier dei ikkje kan kommentere saka av personvernomsyn.

I ei fråsegn gitt til NPR heiter det likevel at dei ved hjelp av «ekspertråd, forsking og juridisk rettleiing støttar helsepersonell i å legge til rette for behandlingar som er i samsvar med Georgias abortlover og andre gjeldande lovverk».

– Vår høgaste prioritering er framleis sikkerheita og velværet til pasientane våre, heiter det vidare.

et sykehusskilt med trær i bakgrunnen

Emory University Hospital Midtown har ikkje kommentert saka av omsyn til personvern.

Foto: Brynn Anderson / AP / NTB

Familien må betale

Smiths sak har kasta lys på dei juridiske gråsonene i lova. At det ikkje finst unntak i desse tilfella er problematisk, åtvarar organisasjonen SisterSong, som jobbar for framme reproduktive rettar for svarte kvinner.

– Dessverre finst det gråsoner som våre folkevalde, delstaten og guvernøren ikkje har tatt høgde for når dei innførte abortforbodet. Det er da det blir farleg, seier direktør Monica Simpson i SisterSong til NBC.

en person med svart maske med slagordet "Black Lives Matter".

Ei kvinne deltar i ein demonstrasjon for abortrettar i Atlanta i 2021. Svarte kvinner har tre gonger så høg dødelege under svangerskap og fødsel som andre kvinner i USA, ifølge AP.

Foto: Megan Varner / AFP / NTB

SisterSong har saman med andre tatt ut eit søksmål som utfordrar Georgias abortlov.

– Smiths familie fortener retten til å bestemme kva som skal skje med henne, seier Simpson.

– I staden har dei i over 90 dagar måtta stå i sjokket og sorga, dei dyre sjukehusrekningane og råskapen ved å ikkje vere stand til å gå vidare med livet.

Og mens tida går, stig sjukehusrekninga. Den er det framleis familien som må betale, ifølge The Independent og NBC, som siterer Newkirk.

Før fosteret er levedyktig, vil rekninga truleg vere på titusenvis av dollar, tilsvarande hundretusenvis av kroner.

Publisert 16.05.2025, kl. 20.26

Read Entire Article