Gigantisk steinblokk stengjer E16 i Aurland

2 weeks ago 10


Ein bilist som såg røyskya melde om steinraset klokka 11.23. Ingen skal vere trefte av raset.

E16 gjennom Aurland er ei av hovudfartsårene mellom Aust- og Vestland.

– Den blir skildra som ei stor steinblokk, og storleiksmessig kan den samanliknast med ein Volkswagen Transporter som står på tvers i vegbana, seier operasjonsleiar Tore André Brakstad ved Vest politidistrikt.

Statens vegvesen opplyser at vegen er stengd. Det er venta ny vurdering klokka 20. Stengd er også både Onstad- og Fretheimstunnelen.

– Politi og brannvesen er akkurat komne på staden. Det kan sjå ut til at steinen ikkje har kome frå stor høgd, men har losna i området nærme vegen, seier Brakstad.

Geolog og entreprenør er på veg for å vurdere om det kan kome meir, eller om de kan starte opprydding med det same. Geologen er venta framme litt før kl.13.

Bilisten som melde om steinraset såg ikkje sjølv at steinen trefte vegbana.

– Men han skildra det som at røykskya stod i det han kom, så steinen kom nok ned like før han kom, seier Brakstad.

Det er ikkje lokal omkøyringsveg, så Vegtrafikksentralen rår til omkøyring om Hardangervidda for dei som skal mellom aust og vest.

Nautaviki er mellom Aurlandsvangen og Flåm i Aurland.

Publisert 06.11.2024, kl. 11.50 Oppdatert 06.11.2024, kl. 12.07

Read Entire Article