Hackman og kona, den klassiske pianisten Betsy Arakawa, blei funnen torsdag morgon blei funnet døde torsdag morgon, norsk tid.
Sheriffen i Santa Fe, Adan Mendoza, stadfestar dødsfallet overfor den lokale avisa Santa Fe New Mexican. Også hunden til paret er funnen død.
Han seier at det ikkje er mistanke om noko kriminelt, men går ikkje inn på dødsårsaka.
NRKs filmmeldar Birger Vestmo seier det var svært trist å få dødsbodskapen torsdag morgon.
– Gene Hackman var gjennom fleire tiår ein av dei mest markante skodespelarane i Hollywood, med eit intenst nærvær framfor kamera, som gjorde han til ein solid publikumsfavoritt.
Karismatisk skodespelar
Hackman spelte i over 100 filmar, og fekk to Oscar-prisar i karrieren. Han pensjonerte seg som skodespelar i 2004. Han har i tillegg skrive fleire bøker. Blant anna historiske romanar saman med undervassarkeolog Daniel Lenihan.
NRKs kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad seier Hackman spelte med stor truverd, særleg i maskuline roller.
– Han var ein karismatisk skodespelar som kom sterkt gjennom lerretet. Han var ein slags «leading man» sjølv om han ikkje heilt hadde det klassiske filmstjerne-utsjånaden, som ein gjerne forbinder med andre skodespelarar frå den tida.
Kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad om Gene Hackman.
Hackman var marinejeger, og hadde også studert journalistik, før han over 30 år gammal prøvde seg som skodespelar.
På 1960-talet hadde Hackman fleire mindre roller på film. Han spelte blant anna rolla som Buck Barrow, Clyde Barrows bror i «Bonnie and Clyde» i 1967. Hackman blei Oscar-nominert til beste mannlege birolle for filme.
Det store gjennombrotet kom som politietterforskaren Jimmy Doyle i filmen «Brennpunkt New York» («The French Connection») frå 1971. Han fekk Oscar for beste mannlege hovudrolle for innsatsen.
Publisert 27.02.2025, kl. 09.21 Oppdatert 27.02.2025, kl. 09.59