Gene Hackman og kona funne døde

1 month ago 36


Hackman og kona, den klassiske pianisten Betsy Arakawa, blei funne døde torsdag morgon, norsk tid. Hackman blei 95 år gammal.

Det lokale politiet i Santa Fe stadfestar dødsfallet overfor avisa Santa Fe New Mexican. Også hunden til paret er funnen død.

Han seier at det ikkje er mistanke om noko kriminelt, men går ikkje inn på dødsårsaka.

En eldre mann med dress og slips og en kvinne med svart kjole smiler til fotografen. De er på rød løper, på veg inn til et arrangement.

Gene Hackman og kona Betsy Arakawa på veg inn til Golden Globe-utdelinga i 2003. Han fekk heidersprisen Cecil. B. DeMille Award det året.

Foto: MARK J. TERRILL / AP / NTB

NRKs filmmeldar Birger Vestmo seier det var svært trist å få dødsbodskapen torsdag morgon.

– Gene Hackman var gjennom fleire tiår ein av dei mest markante skodespelarane i Hollywood, med eit intenst nærvær framfor kamera, som gjorde han til ein solid publikumsfavoritt.

Truverdig skodespelar

Hackman spelte i over 100 filmar, og fekk to Oscar-prisar i karrieren. Han pensjonerte seg som skodespelar i 2004. Han har i tillegg skrive fleire bøker. Blant anna historiske romanar saman med undervassarkeolog Daniel Lenihan.

Kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad om Gene Hackman.

NRKs kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad seier Hackman spelte med stor truverd, særleg i maskuline roller.

– Han var ein karismatisk skodespelar som kom sterkt gjennom lerretet. Han var ein slags «leading man» sjølv om han ikkje heilt hadde det klassiske filmstjerne-utsjånaden, som ein gjerne forbind med andre skodespelarar frå den tida.

En kvinne og tre menn kledd i svart. Alle har på seg solbriller og ser veldig tøffe ut.

I «Get Shorty» spelte Gene Hackman med blant andre Rene Russo, Danny DeVito og John Travolta.

Foto: MGM International Television

Starta seint

Hackman var infanterist i US Marines, og hadde også studert journalistikk, før han over 30 år gammal prøvde seg som skodespelar.

Han tok eit skodespelarkurs ved Pasadena Playhouse. Ei historie som går frå denne tida, fortel at Hackman, saman med vennen Dustin Hoffman, blei stemt fram som dei to elevane som hadde minst sjanse til å lukkast som skodespelarar.

To menn i smoking på rød løper før en filmpremiere. I bakgrunnen skimtes logoen til Supermann.

Gene Hackman spelte skurken Lex Luthor i den første Superman-filmen. Her er han saman med Christopher Reeve, som spelte Superman, på premieren i 1978.

Foto: REED SAXON / /Ap / NTB

På 1960-talet hadde Hackman fleire mindre roller på film. Han spelte blant anna rolla som Buck Barrow, Clyde Barrows bror i «Bonnie and Clyde» i 1967. Hackman blei Oscar-nominert til beste mannlege birolle for filmen.

Prislønt skodespelar

Det store gjennombrotet kom som politietterforskaren Jimmy Doyle i filmen «Brennpunkt New York» («The French Connection») frå 1971. Han fekk Oscar for beste mannlege hovudrolle for innsatsen.

– Denne filmen er kjent for å ha ei av dei mest berømte biljaktene i filmhistoria, seier Hobbelstad.

Han spelte også erkeskurken Lex Luthor i «Superman» frå 1978. I tillegg gjorde han stort inntrykk i filmar som «Mississippi i flammer», «Nådeløse menn», «Firmaets mann» og «Enemy of the State» på 1980- og 1990-talet.

To menn i smoking smiler til kamera. De har tre Oscar-priser.

Gene Hackman fekk Oscar for beste mannlege birolle i filmen «Nådeløse menn» frå 1993. Clint Eastwood hadde regi og hovudrolla i filmen. Han fekk prisane for beste film og beste regi.

Foto: Douglas C. Pizac / Ap / NTB

Han siste film blei «Welcome to Mooseport» i 2004. Men det er mange som har sakna Hackman etter han blei pensjonist, seier Vestmo.

– Så seint som i går såg eg ein episode av teikneserien «South Park», der ein versjon av Gene «Lex Luthor» Hackman kjempar mot Christopher «Superman» Reeve, som er eit eksempel på korleis Hackman festa seg i den popkulturelle verda.

Hackman vann blant anna to Oscar-prisar, to Bafta-prisar, fire Golden Globe og ein Sølvbjørn frå filmfestivalen i Berlin.

Publisert 27.02.2025, kl. 09.21 Oppdatert 27.02.2025, kl. 11.57

Read Entire Article