Første runde i saka mellom Trump og Harvard

1 day ago 1


Første runde i rettssaka mellom Trump-administrasjonen og USAs eldste universitet er i gang.

I dag møttest advokatane på begge sider for første gong, etter fleire månadar med brevveksling og førebuingar.

Det kvite huset har frose meir enn to milliardar dollar i finansiering til Harvard, med krav om at universitetet gjer endringar i tilsettings-, opptaks- og undervisningspraksisar for å få bukt med antisemittisme og DEI-program.

Dei har også forsøkt å hindre universitetet i å ta inn utanlandske studentar.

Harvard meiner saka handlar om ytringsfridom. Trump-administrasjonen meiner det berre er snakk om pengar og kontraktar.

  • Demonstranter holder opp plakater der det står fingrene av fatet! Harvard

    Nicholas Pfosi / Reuters / NTB

    Harvard vs. Trump

    I vår vedtok Trump-administrasjonen å kutte milliardar av dollar i finansieringsstøtte til Harvards forsking på fleire felt, mellom anna helse, klima, teknologi og samfunn.

    Dette skjedde etter at universitetet nekta å gå med på ei rekke krav frå administrasjonen.

    Harvard såg på kuttet som eit angrep på deira akademiske ytringsfridom og ulovleg. Difor gikk dei til sak mot amerikanske myndigheiter.

  • en person som står bak et podium med flagg bak seg

    Julia Nikhinson / AP / NTB

    2024

    I 2024 lovde Det republikanske partiet i sitt valprogram å gå til sak mot amerikanske universitet og høgskular for brot på sivile rettar. Trumps eigen kampanje lufta også bekymringar over antisemittisme på campus rundt om i landet etter fleire pro-palestinske demonstrasjonar i forbindelse med krigen i Gaza.

  • en person som håndhilser på en annen mann foran flagg

    JIM WATSON / AFP / NTB

    Januar 2025

    Trump peika ut advokaten Leo Terrell som rådgivar i justisdepartementet. Terrell, som tidlegare hadde kalla Harvard for eit "jødehatande universitet", reagerte med tweeten: "Harvard, no kjem eg og tar dykk!".

  • en gruppe mennesker utenfor en bygning

    LIBBY O'NEILL / AFP / NTB

    Februar

    Trump-administrasjonen opna etterforsking av fire medisinutdanningar, mellom anna den på Harvard, etter at enkelte avgangsstudentar bar pro-palestinske symbol på vitnemålsutdelinga si.

    Same dagen kunngjorde justisdepartementet at dei oppretta ei antisemittisk ekspertgruppe, "Task Force to Combat Anti-Semitism", med Terrell som leiar.

  • en gruppe mennesker som går foran en stor murbygning

    JOSEPH PREZIOSO / AFP / NTB

    Mars

    Trump-administrasjonens antisemittiske ekspertgruppe starta gjennomgang av Harvards kontraktar og tilskot.

    Dei opna også etterforsking av 80 utdanningsinstitusjonar for antisemittisme, blant dei Harvard.

    Mot slutten av månaden fastslo dei at dei ville granske totalt 8.7 milliardar dollar i forskingsfinansiering til Harvard.

  • en gruppe mennesker som holder skilt

    Adam Gray / Reuters / NTB

    April

    I eit brev til Harvard stiller administrasjonen ei rekke krav, mellom anna til kutt i mangfald- og inkluderingstiltak, endra opptaksprosessar og studentdisiplinering. Universitetet svarte på dette med eit tydeleg avslag.

    Deretter fraus Trump-administrasjonen så omtrent 2.2 milliardar dollar i føderale midlar til Harvard, og trua med å fjerne Harvards rett til å ta imot utanlandske studentar.

  • en gruppe mennesker utenfor en bygning

    RICK FRIEDMAN / AFP / NTB

    21. april: Harvard saksøker Trump-administrasjonen

    Universitetet bad ein føderal domstol stoppe administrasjonens pengefrys. Dei meinte Trump-administrasjonen hadde handla utover si myndigheit og brukt finansieringskutt for å "tvinge og kontrollere" Harvard, og at dette var i strid USAs første grunnlovstillegg, som går på ytringsfridom.

  • en gruppe mennesker som holder skilt

    RICK FRIEDMAN / AFP / NTB

    Mai

    Utdanningsminister Linda McMahon meldte full stans i nye forskingsmidlar.

    Samstundes mista Harvard løyve til å ta inn internasjonale studentar, noko som i praksis betyr at ingen utanlandske studentar får visum gjennom universitetet.

    Harvard saksøkte den amerikanske staten etter studentnekten, og ein føderal domstol sette vedtaket på pause medan saka blir behandla vidare.

  • en gruppe mennesker som holder et skilt

    Brian Snyder / Reuters / NTB

    Juni

    Trump kunngjer nye reglar som hindrar både nye og dåverande internasjonale studentar ved Harvard i å få visum. Harvard gjekk til sak, og studentane fekk bli i USA midlartid medan saka blir vurdert.

– Forsøk på å kontrollere

Under rettsmøtet argumenterte Harvards advokat Steven Lehotsky for at Trump-administrasjonen har forsøkt å kontrollere universitetets indre leiing, skriv BBC.

Michael Velchik, advokat for administrasjonen, hevda at universitetet hadde avvist ein presidentordre frå Trump som tok sikte på å bekjempe antisemittisme.

Både Trump og fleire i staben hans har hevda at fleire amerikanske eliteuniversitet, særleg Harvard, har blitt antisemittiske institusjonar på ytre venstre fløy.

Kenneth Stern, forskaren som formulerte den mest brukte definisjonen på antisemittisme, har sagt at Trump-administrasjonen bruker ordet som eit våpen og eit maktmiddel for å svekke ytringsfridom.

Rektor på Harvard, Claudine Gay, måtte gå etter at Kongressen vurderte at ho ikkje greidde å få bukt med antisemittiske uttrykk og handlingar på universitetet.

– Dette bruker Trump-administrasjonen for alt det er verd. Han bruker argumentet om antisemittisme for å ramme Harvard på område som medisin, helse og teknologi, altså område som ikkje har noko med dette å gjere, seier Eirik Løkke, rådgjevar i Civita.

  • Eirik Løkke er rådgjevar i Civita

    Eirik Løkke

    Rådgjevar i tankesmia Civita

Men dommar Burroughs sa at myndigheitene ikkje hadde lagt fram noko dokumentasjon eller prosedyre for å finne ut av om Harvard-administrasjonen hadde tatt nok steg for å få bukt med antisemittisme eller ikkje.

Spørsmål om ytringsfridom

For Harvard står 2.4 milliardar dollar i forskingsstøtte, kontraktar verd 60 millionar dollar, og nesten eitt tusen forskingsstipend på spel.

Utfallet av saka rører ved også eit meir overordna spørsmål i USA, nemleg kor mykje kontroll myndigheitene kan utøve over eit privat universitet.

Løkke meiner saka først og fremst stiller spørsmål ved om og i kva grad Harvard har ytringsfridom.

– Kan dei skrive og publisere det dei vil utan at dette får tilfeldige konsekvensar i møte med presidentadministrasjonen? seier han.

en person som har på seg et plagg

Demonstrantar møtte opp utanfor U.S. District Court i Boston, der høyringa gjekk føre seg.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Amerikanske myndigheiter står fritt til å velje kva universitet dei vil støtte, men Harvard argumenterer for at finansieringskuttet blei vedtatt som eit pressmiddel for å tvinge universitetet med på reformer dei ikkje ville ha.

I tillegg til brot på ytringsfridom, som i USA står sterkt under første grunnlovstillegg, saksøker dei difor myndigheitene for ugyldig prosess.

– Det handlar om grunnlaget myndigheitene har kansellert denne støtta på, og korleis dei har gjort det, seier Løkke.

Ber om rask avgjerd

Dette var første gong partane la fram sine argument for dommar Allison Burroughs.

Ho har allereie dømt i Harvards favør i eit anna søksmål som gjaldt løyvet til å gi visum til internasjonale studentar.

En refleksjon av en person i et vindu

Demonstrantar utanfor rettssalen.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Domstolen i Boston blir rekna for å vere meir progressiv, og Trumps advokatar har forsøkt å flytte saka til ein annan domstol.

Det er ikkje venta noko avgjerd etter denne første høyringa, men Harvards advokatar har bedt om avklaring innan 3. september. Det er fristen Trump-administrasjonen har gitt dei til å avslutte alle økonomiske forhold som er avhengig av dei midlane som står på spel.

Det er sannsynleg at eit utfall på eine eller andre sida vil bli anka heilt opp til høgsterett.

Publisert 21.07.2025, kl. 20.42 Oppdatert 21.07.2025, kl. 20.56

Read Entire Article