Jula er høgtid, også for vald.
Det merker krisesentera rundt om i landet. Og det går også ut over dyra.
– I familiar der det blir utøvd vald, er jula ein vanskeleg tid der valden eskalerer, seier Vanja Sæther, leiar ved krisesenteret i Salten.
– Om ein må flykte til eit krisesenter i jula, er det viktig å vite at dyra også er trygge.
Likevel er det stort sett ikkje mogleg å ta med seg dyra når familien er i krise. Det går ut over både dyr og eigar, ifølge Dyrebeskyttelsen.
Men for første gong har dyra no fått sitt eiget krisesenter i Noreg.
– I dag utsett mange å få hjelp fordi dyra ikkje får vere med på krisesenter. Det synest vi er tragisk, seier Melanie Merz, leiar for det nye senteret.
– For at folk kan senke skuldrene
Melanie Merz viser stolt fram heimesnikra bur til alt frå kattar, til ilder, marsvin og hund.
– Alt av byggemateriale de ser har vi fått i donasjonar frå lokale butikkar, fortel ho.
Dei ulike dyra har sine eigne område der alt er lagt til rette for at dei skal ha det best mogleg i sine nye midlertidige heim, medan eigarane er på krisesenter.
Allereie kan eigarar frå heile landet nytte tilbodet. Merz meiner dette tilbodet er sårt trunge.
Dei fleste krisesentera for menneske løyver nemleg ikkje at ein tar med seg dyra sine.
– Dette skal vere eit tilbod for at folk kan senke skuldrene og ta imot hjelpa dei sjølv treng.
Korleis dei løyser til dømes transport for kvart enkelt dyr, seier Merz at dei tar med kvar enkelt eigar.
Dyrebeskyttelsen: Særleg viktig for eigar
Åshild Roaldset, dagleg leiar for Dyrebeskyttelsen Noreg, seier det er viktig å trygge dyra under familievaldsproblematikk.
– Kvifor er det så viktig?
– Det er viktig for dyrevelferda, men også fordi vald og truslar om vald får fortsette mot dei valdsutsette på krisesenter om dyret er med valdsutøvar, seier Roaldset og legg til:
– Då fortset den psykiske valden, og valdsutøvar har makt over situasjonen. Ein får ikkje stansa valden i nære situasjonar, om ein ikkje stoppar valden mot dyra.
David Persson, president i Den norske Veterinærforening, fortel at dyra kan bli skadd både fysisk og psykisk.
– Det kan føre til store skader på dyret. I verste fall med dødeleg utfall, seier han.
Ifølge lovverket er dyr rekna som gjenstandar. Det gjer at dei har hatt få rettar.
Til no har Dyrebeskyttelsen sine 25 avdelingar rundt om i landet hatt nokon fosterheim til dyr. I tillegg er det nokon krisesenter, som til dømes i Agder, der ein kan ta med dyr.
– Det blir handtert veldig ulikt forskjellige stader. Eg trur dei som jobbar på krisesentera er veldig klar over problematikken, seier Roaldsen.
– Ein stor belastning å forlate dyra heime
Det kan Wanja Sæther, leiar ved krisesenteret i Salten, skrive under på.
Om lag 2200 menneske nyttar seg no av krisesenter. Fleire av dei eig dyr.
Sæther fortel at i dei familiane der det blir utøvd vald, og det bur kjæledyr, er det stor sannsyn for at også kjæledyra opplever vald.
– Det er ein samanheng mellom vald mot menneske og vald mot dyr.
Til no har ein stort sett løyst dette med hjelp frå kennel eller Dyrebeskyttelsen. Men då får ikkje brukarane på krisesenteret ha kontakt med dyra.
– Det er heilt klart naudsynt med eit koordinert større tilbod til dyr som skal bli varetatt på krisesenteret for dyra.
Men over heile landet blir krisesenter for menneske lagt ned.
– Kvifor er det då rett å bruke pengar på krisesenter for dyr?
– Mange vel å ikkje dra til krisesentera fordi dei er redd for kva som skjer med dyra.
– Det kan vere ei stor belastning å forlate dyr heime hos valdsutøvar, seier Sæther.
Politiet: – Kan løyse det umiddelbare problemet
Krisesentera har fleire eksempel på at valden faktisk rammar dyra når eigarane har flykta.
Også politiet kan stadfeste at tiltaket er naudsynt.
– Eg ser at det er potensial i rask bistand for dei som er i ein situasjon der dei ikkje kan ha dyret sitt, seier Atle Rokkan som jobbar som dyrepoliti i Nordland.
Politiet har ein god del saker om vald mot dyr, og dårleg dyrevelferd. Etter at fleire politidistrikt fekk stillinga dyrepoliti, seier Rokkan at det har fått meir merksemd i samfunnet.
Han vil gjerne bidra med å informere om tilbodet og få folk til å nytte det når dei er i ein situasjon der dei ikkje kan passe dyret sjølv.
– Om dette fungerer, ser eg mange situasjonar der ein kan løyse det umiddelbare problemet.
Skal oppdage valden tidleg
I tillegg til aukande medvit i samfunnet, er det no òg aukande medvit om tema hos fagfolka.
Roaldsen i Dyrebeskyttelsen i jobbar no i eit prosjektet saman med Krisesentersekretæriatet og forskarar frå Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskulen.
– Slik kan ein oppdage tilfelle der personen, dyret eller begge deler er utsett for vald.
Håpet er at instansane skal samarbeide om å si ifrå til kvarandre, til dømes om veterinærane får inn eit skadd dyr kan dei melde frå om at familien kanskje ikkje har det så bra.
– Kunnskapsdeling og å samarbeide på tvers av institusjonar som forsøker å hjelpe menneske og dyr er nøkkelen, seier Persson i Den norske veterinærforeining.
Publisert 20.12.2024, kl. 05.49