FN: Nærare 70 prosent av drepne i Gaza var kvinner og barn

2 weeks ago 13


Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 8.11.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 368 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

Fredag fordømer FN talet på sivile som har blitt drepne i Israels krig i Gaza, og sa at kvinner og barn utgjorde nær 70 prosent av dei tusenvis av dødsfalla dei har klart å verifisere. Det melder nyheitsbyrået AFP.

Over 43.000 menneske er ifølgje palestinske helsemyndigheiter drepne i israelske angrep på Gazastripa det siste året.

Over 100.000 er såra.

Israel har ikkje kommentert funna i rapporten endå.

Publisert liste over namn på drepne

Palestinske helsemyndigheiter publiserte 16. september ei liste med namn og identitetsnummer på rundt 34.500 personar som vart drepne i løpet av dei seks fyrste månadene av krigen, skriv NTB.

Lista som er òg publisert av Al Jazeera og Le Monde, er på 649 sider og sortert etter alder, og dei 214 første sidene inneheldt namn på drepne born.

FNs menneskerettskontor (OHCHR) har no gått gjennom lista og verifisert identiteten til 8.119 av ofra.

Dei meiner at nær 70 prosent av dei var born og kvinner.

Det yngste var ti månader gamle Noura Walid Abdelsalam Shahine.

Det eldste offeret var 101 år gamle Ahmad Ibrahim Al-Tahraoui.

– Vi trur dette er representativt for det totale talet på drepne, og det stemmer med opplysningane frå myndigheitene i Gaza, seier OHCHRs talsperson Ravina Shamdasani.

FN krev at identiteten til ofra blir bekrefta av minst tre uavhengige kjelder.

Verifisering er svært vanskeleg sidan store delar av Gaza er øydelagt, 90 prosent av innbyggjarane er drivne på flukt, og dei israelske åtaka held fram.

– Ein dyster og dramatisk lesnad

Catharina Bu, leiar i FN-sambandet, seier til NRK at den nye rapporten frå FNs høgkommissær for menneskerettar er ein dyster og dramatisk lesnad.

– I over eitt år nå har vi sett, i sanntid, drap på sivile og brot på folkeretten i Gaza. Desse brota kan utgjere krigsbrotsverk.

Bu meiner om at verdssamfunnet tek grep og sikrar rettferd for desse alvorlege folkerettsbrota.

Catharina Bu

Catharina Bu, leiar i FN-sambandet.

Foto: Inge Lie

Ho ber òg om at Israel må oppfylle forpliktingane sine.

Bu meiner at Noreg har eit enormt ansvar:

– Vi må handle for å forhindre råskapsbrotsverk, og sikre at moglege mål om Gazas fullstendige øydelegging ikkje blir ei verkelegheit.

Har ikkje kommentert rapporten

Israel kommenterte ikkje umiddelbart funna i rapporten.

Det israelske forsvaret (IDF), som starta offensiven setter terroråtaket 7. oktober 2023 der Hamas-krigarar drap omlag 1.200 menneske og kidnappa 250 gislar.

Dei har uttala at dei prøver å unngå å skade sivile i Gaza.

Ifølgje Israel har omlag ein sivil har blitt drepen for kvar krigar.

Det har dei skulda på Hamas, og sagt at den palestinske militante gruppa bruker sivile fasilitetar.

Hamas har nekta for å bruke sivile og sivil infrastruktur, inkludert sjukehus, som menneskelege skjold.

Publisert 08.11.2024, kl. 12.31 Oppdatert 08.11.2024, kl. 12.36

Read Entire Article