Fekk over 1 million på konto etter smutthol – advokaten seier banken bør takke mannen

7 hours ago 4


Ifølge dommen skal mannen frå Karmøy sletta bankkortet sitt 7 239 gonger i løpet av ein periode på to år.

Etter NRKs utrekningar fekk mannen utbetalt rett over 153 kroner kvar gong han sletta kortet.

Dette betyr at mannen i snitt gjennomførte slettinga ti gonger kvar dag i den aktuelle perioden, og til slutt sat han igjen med 1 109 702 kroner.

Desse må han no betale til banken. Det var Haugesunds Avis som fyrst omtala saka.

Mannen er dømd for grovt bedrageri og må sitte åtte månader i fengsel, etter han erkjente straffskuld etter tiltalen.

En bygning med et skilt foran

Saka gjekk føre seg i Haugaland og Sunnhordland tingrett i april i år.

Foto: NTB

Meiner banken har medskuld

Advokat, Erik Lea som forsvarte mannen meiner banken bør takke han for å ha funne systemfeilen.

– Ein skarve million for å få ein ufør mann til å avdekke systemfeil var ein billig pris, seier Lea til NRK.

Som meiner at banken har ein del av ansvaret, sidan feilen låg hos dei.

– Ein lapsus i banksystemet er openbert aktlaust av banken. Etter mi meining skal erstatningskravet mot tiltalte reduserast fordi banken har medverka.

Erik Lea - utenfor tinghuset i Haugesund

Erik Lea seier mannen heller ikkje fekk brukt pengane til noko anna enn vanleg forbruk.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen

Han påpeikar at banken nærmast har invitert til utnytting av systemet.

Retta opp feilen

Men etter konklusjon frå retten, kan ikkje banken bebreidast for feilen, som banken retta opp rett etter dei vart gjort merksame på smuttholet.

Det var banken sjølv som til slutt oppdaga aktiviteten frå mannen.

– Banken fekk då ordna opp, og sparte seg for at mange fleire kunne ha nytta seg av systemsvikten.

Det var mannen sjølv som slutta å slette kortet, etter to år.

– Han stoppa fordi han sjølvsagt såg at dette var gale, seier Lea.

Mannen kjem truleg ikkje til å anke dommen.

NRK har kontakta DNB, som ikkje ville kommentere saka.

Publisert 20.05.2025, kl. 16.35

Read Entire Article