– Eg synest dette er ei uheldig utvikling. Dette er for dårleg.
Konstituert direktør i Språkrådet, Nina Teigland, er langt frå fornøgd. Dei har undersøkt språkbruken i departementa for fjoråret.
Kvart år sjekkar dei bruken av bokmål og nynorsk i statlege verksemder. Språklova krev minst 25 prosent bruk av begge målformer.
Men i regjeringa sine departement er snittet på berre 14 prosent nynorsk.
Stor nedgang
I 2024 var snittet på 22 prosent nynorsk. Året før nådde dei i snitt målet om 25 prosent.
I tala for 2025 er det berre seks departement som har klart kravet for nynorsk.
– Språkrådet har grunn til å tru at det er lite systematikk i arbeidet med språket i departementa. Arbeidet er for personavhengig og for tilfeldig, seier Teigland.
Konstituert direktør Nina Teigland i Språkrådet meiner at departementa må skjerpe seg.
Fotografi: Aina Hammari Lund / SpråkrådetKravet i språklova gjeld begge målformene. Men det er nynorsken som er under press, og som departementa slit med å bruke.
Språkrådet har sett på både regjeringsdokument og departementa sine nettstader. Språkbruken i sosiale medium er ikkje med i statistikken.
For dårlege rutinar
Det er Energidepartementet som er best i klassa med 50 prosent. Dei var også best i 2024.
På botnen finn vi Klima- og miljødepartementet. Den samla bruken av nynorsk her er på berre 3 prosent.
I ein e-post til NRK, på bokmål, svarar dei at rutinane har vore for dårlege og at dei jobbar for å snu den negative trenden.
No meiner dei at dei har fått på plass rutinar som skal sikre at minst 25 prosent av det dei publiserer blir skrive på nynorsk.
Svært kritisk
Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, seier nynorskbruken i det offentlege er avgjerande for at innbyggjarane skal få sjå og møte nynorsk i det han meiner er altfor bokmålsdominerte kvardagar.
Han er svært kritisk til at nynorskprosenten er så låg i mange departement.
– Det er rett og slett ikkje godt nok, og viser ei altfor slapp haldning i for mange departement.
Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner departementa må skjerpe seg.
Foto: Thomas Brun / NTBHauge meiner språkpraksisen er eit leiaransvar som ligg til departementsrådane og statsrådane.
– Det må vere så grenselaust pinleg å vere leiar i staten og ikkje klare å gjere jobben sin.
Men Noregs Mållag gir ros til dei departementa som har høg nynorskprosent. Og den høgaste prosenten har Energidepartementet.
Kommunikasjonssjef Arvid Samland er veldig godt fornøgd med resultatet.
– Vi prøvar å jobbe systematisk gjennom året med å løfte bruken av nynorsk i departementet, og då er det kjekt å sjå dei konkrete resultata av innsatsen. Og som det heiter på nynorsk: Hurra!
Samland seier dei gjer ein innsats for å få opp nynorskprosenten.
– Mellom anna så tilbyr vi nynorskkurs for dei tilsette. I tillegg diskuterer vi fordelinga mellom nynorsk og bokmål i leiargruppa i departementet.
Tilbyr hjelp
Det er ikkje første gang departementa får krass kritikk for nynorskbruken sin.
– Kombinasjon av mangel på kunnskap og vrangvilje, sa mållaget i 2023.
For eitt år sidan gav Språkrådet beskjed om at departementa måtte skjerpe seg. Men i 2025 har det motsette skjedd.
No vil Språkrådet hjelpe departementa i arbeidet med å få nynorskbruken opp til 25 prosent som språklova krev.
– Vi hjelper gjerne departementa med å lage gode språkplanar slik at dei kan gjere jobben på dette området betre og meir systematisk, seier konstituert direktør Nina Teigland.
For ordens skuld, NRK har også krav om 25 prosent nynorsk. I 2025 låg NRK på 23,4 prosent nynorsk på nettsida nrk.no. Slår ein sammen tala for nettsida og radio- og TV-tilbodet landa NRK på eit snitt på 26,6 prosent nynorsk.
Publisert 02.06.2026, kl. 06.04















English (US)