Britiske medium: Tate-brørne skal ha reist frå Romania

1 day ago 5


Brørne står overfor fleire kriminelle skuldingar i landet. Dei hadde blitt lauslatne frå husarrest, men fekk ikkje forlate Romania. Det bestemte ein domstol i 2023.

Det var torsdag morgon at brørene reiste ut av landet med eit privatfly, melder Sky News og BBC. Brørne skal ha sett kursen mot USA.

Ifølge Reuters har den rumenske påtalemakta gitt brørne løyve til å reise ut av landet i påvente av straffesaka mot dei.

Romania Tate Appeal

Dei to brørne i 2023 på veg til ankedomstolen i Bucuresti.

Foto: AP

Tidlegare i februar meldte The Financial Times at Donald Trump hadde gjort fleire forsøk på å presse Romania til å lette på reiserestriksjonane mot Tate-brørne.

Andrew Tate har vore uttalt Trump-tilhengar.

Tiltalt for valdtekt og menneskesmugling

Den tidlegare kickboksaren Andrew Tate, broren og to andre kvinner er tiltalt for mellom anna valdtekt og menneskehandel.

Dei skal vere ein del av eit kriminelt nettverk i heimlandet, der formålet var å utnytte kvinner seksuelt.

Tate-brødrene har også blitt skulda for skattesvindel på fleire millionar kroner i Storbritannia og er etterlyst at britisk politi.

Begge nektar for skuldingane om menneskesmugling, seksuelle overgrep og kvitvasking av pengar, samt å ha starta ei organisert kriminalitetsgruppe.

Publisert 27.02.2025, kl. 09.18 Oppdatert 27.02.2025, kl. 10.04

Read Entire Article