Akutt snømangel har nemleg tvinga det svenske langrennslandslaget til å utsette treningsleiren i svenske Vålådalen.
Samtidig er det snø i Idre – litt lenger sør i Sverige. Der held heile sju norske landslag til akkurat nå, og stortrivst.
– Det dei har fått til her i år er ekstremt bra. Eg har sjeldan vore på ein plass med betre forhold og lengde på løypa, seier langrennsveteran Didrik Tønseth til NRK.
Han får støtte av landslagssjef Ulf Morten Aune:
– Idre er best i Europa på å lagre og køyre ut snø. Det er ein snøgaranti, i tillegg til rimeleg gode overnattingsmoglegheiter.
Idre har frå i fjor vinter samla over 2000 kubikkmeter med snø. Det har gitt ei løype på sju kilometer, som absolutt ikkje er vanleg kost for løparane tidleg i november.
– Løypelengda gjer at vi får gjort det vi skal, utan at det kostar for mykje psykisk. Det kostar litt å gå ein runde på to–tre kilometer fem timar om dagen, men her er det veldig bra, seier Tønseth.
Og nå får Tønseth og co. straks besøk av ein tidlegare landslagsløpar.
– Eg snakka nettopp med Emil Iversen og teamet hans, som er i Vålådalen, og dei drar hit nå. Der hadde det nesten blitt vår igjen og ikkje eigna for å gå lenger, seier Tønseth.
– Dårleg gjort
Mens dei norske utøvarane jublar over den svenske snøen, er ikkje stemninga like god hos «söta bror».
– Det er dårleg gjort, men det er berre å gratulere Noreg.
Det seier svenske Edvin Anger til Expressen. Han er ein av dei som har måtta endre planane – vel tre veker før sesongpremieren.
Det same gjeld landslagskollega Calle Halfvarsson. Han kjem med eit spøkefullt forslag.
– Kanskje du burde teikne grensa på nytt og sende Idre over til Noreg, seier han til Expressen.
Millionavtale
Skiforbundet har ein avtale med Idre som gjer at 70 norske utøvarar får gratis bustad, mat og løypeavgift. Etter det NRK kjenner til har dette ein verdi på fleire millionar kroner.
– Det er ein bra avtale vi har med det norske skiforbundet. Vi ønsker å ha dei beste utøvarane på plass her, og vi prøver heile tida å utvikle oss. Det gjer vi når vi samarbeider med dei beste, seier Tommy Halvarsson, marknads- og kommunikasjonssjef i Idre.
Han fortel at dette er ein av Idre sine aller største avtalar.
– Vi er verkeleg stolte over at Noreg vel oss. Det er det beste landslaget i verda. Dei kan hjelpe oss å ta neste steg, seier Halvarsson.
Det svenske landslaget har på si side ein avtale med Vålådalen og Bruksvallarna, der dei har gratis overnatting.
– Så det er også eit økonomisk spørsmål, seier den svenske landslagssjefen Anders Byström.
Northug: – Djup medkjensle
– Eg skjønner at det er kjipt å gå på sørpe i Vålådalen, når det er så fint her i Idre. Eg har djup medkjensle, seier Even Northug.
Han er tydeleg på også han trivst godt i Idre.
– Vi tar imot Idre. Du såg jo kor nært det var grensa, så eg trur alle her kjenner seg litt norske om dagen, svarer han til Halfvarssons utspel.
Noreg har tatt eit aktivt val når dei vel «söta bror». Dei har vraka stader som Beitostølen, Lillehammer, Sjusjøen og Trysil til fordel for svensk mark.
– Det er fint å dra dit det er best forhold. Det er her det er lengst løype per nå, så vi drar dit vi kan trene med best mogleg kvalitet. Det er ei rett prioritering.
– Er det noko anna å gjere her enn å ete, stå på ski og sove her?
– Nei, men det er veldig viktig å ha samling på slike stader før sesongstart. Det er litt som Muonio i Finland der vi var i fjor. Det er ikkje mogleg å gjere noko anna enn å trene, ete, sove eller vere i badstue. Det er det vi gjer her.
Også det kvinnelege landslaget er på plass over grensa. Lotta Udnes Weng argumenterer med at det er bra skiføre og fine løyper der. Ho meiner likevel at også svenskane er velkomne.
– Det var sikkert litt overdrive frå svenskane si side. Dei kunne også vore her. Det er ikkje sånn at dei har inngangsforbod her, seier Udnes Weng.
Sendte Bergen til himmels med dette langskuddet 00:31
Publisert 08.11.2024, kl. 18.16 Oppdatert 08.11.2024, kl. 19.30