Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_68245ef4922a86a98a95c3774f4c239f, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Alex må køyre omveg på 70 mil for ikkje å bryte lova - NorwayToday

Alex må køyre omveg på 70 mil for ikkje å bryte lova

2 hours ago 3


– Det er berre byråkratisk tull.

Det seier Alex Robins.

Han driv selskapet Arctic North Adventures i Sigerfjord.

Nordlys, elg og bratte fjell som stuper ned i havet er noko av det turistar frå heile verda vil sjå når dei kjem til Vesterålen og Lofoten.

Men det å ta med turistane på safari i Nordland har vist seg å vere enklare sagt enn gjort.

Robins kan nemleg ikkje krysse fylkesgrensa til Troms når han har turistar i baksetet.

Gjer han det, risikerer han bot og å miste køyresetelen.

Å følge lova byr på utfordringar og omveg på 70 mil:

Bedrifta til Robins ligg heilt på grensa til Troms fylkeskommune.

Skal han til dømes hente turistar på nærmaste flyplass, kryssar han grensa og køyrer ulovleg.

Skal han følge reglane må han køyre rundt. Ein tur på 16 timar og 70 mil.

Tolkar regelverket ulikt

– Det er heilt urimeleg at eg skal få bot. Eg skal berre køyre langs E10 frå Sortland til Evenes, seier Robins.

Grunnen til dette er at Troms og Nordland tolkar lovverket ulikt.

I Nordland kan ein få fritak for taxiløyve om ein skal frakte nordlysturistar eller folk.

Medan Troms fylkeskommune gir ikkje fritak, men dispensasjon for enkelte krav.

Difor må ein turistguide som tek med seg turistar på tur ha offisielt taxiløyve for å frakte turistar.

El-bilen og eigaren Alex Robins som vil drive med guida turar i Vesterålen og Lofoten.

Alex Robins vil ha eit regelverk som gjeld for heile landet.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Likevel har Robins søkt Troms fylkeskommune om fritak frå drosjeløyve i Troms, for å vere på den sikre sida. Men fekk avslag på søknaden.

– Ein gjer jo alt lovleg, så prøvar dei på eit vis å sabotere det, eller legg hindringar i vegen.

Han er tydeleg på kva han ønskjer.

– Det skulle ha vore ei felles ordning for heile Noreg, så hadde det vore enklare.

Avisa VOL har også omtalt saka.

– Fortvilar

Det at reglane er ulike mellom Nordland og Troms fortvilar ein heil bransje, ifølge Line Samuelsen.

Ho er reiselivssjef i Destinasjon Lofoten.

– Det er utfordrande, og så er det utruleg dumt at ein ikkje kan gi dispensasjon til dei bedriftene som driv heilt lovleg i Nordland.

Ho seier aktørane risikerer bot på mellom 60.000 og 70.000 kroner.

Reiselivssamling på Thon Lofoten med Line Samuelsen som ordstyrar.

Reiselivssjef i Lofoten, Line Samuelsen ønskjer seg eige løyve for turisttransport.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Troms på si side meiner det kan gå utover tryggleiken om dei gir fritak for drosjeløyve.

– Skal ein begynne å gi fritak i den ordenen der, då er det ikkje unntaket lengre. Då begynner det å bli normalen.

Det seier Jan Egil Vassdokken, assisterande etatssjef ved Samferdselsetaten i Troms fylkeskommune. Han legg til:

– Når vi stiller krav om løyve, så må òg dei som har det løyvet, ha ein fagleg kvalifikasjon. Og køyretøy må registrerast som drosje, som betyr at dei blir underlagde ein årleg EU-kontroll. Så det er litt fokuset på trafikksikkerheit i vinterturismen som gjer at vi har valt å halde oss til den løysinga her.

Fylkesgrensa mellom Nordland og Troms fylkeskommune

Eit guideselskap berre få kilometer frå grensa til Troms kan risikere å få bot om dei hentar gjester på Evenes lufthamn.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Ikkje godt svar på

Men kva skal dei lokale reiselivsaktørar i Vesterålen gjere når dei ikkje får lov til å hente kundane sine på nærmaste flyplass?

Det har ikkje Vassdokken eit godt svar på.

– Men vi har ein dialog med Nordland. Vi har gjennomført eit møte med Nordland fylkeskommune, diskuterer problemstillinga. Og så må vi prøve å løyse henne innanfor det regelverket vi har i dag. Der må vi berre sjå om vi kan finne praktiske løysingar på den utfordringa.

Jan Egil Vassdokken, assisterende etatssjef ved Samferdselsetaten i Troms fylkeskommune

Jan Egil Vassdokken, assisterande etatssjef ved Samferdselsetaten i Troms fylkeskommune.

Foto: Per Inge Anthi Åsen / NRK

Han innrøm også at dagens lovverk er vanskeleg å forhalde seg til for reiselivsaktørane.

– Det er vanskeleg for næringa, for det er eit uoversiktleg regelverk slik det er i dag. Det har vore mange endringar i regelverket dei siste fem åra.

– Styresmaktene må på banen

Er det ein ting både Samuelsen i Lofoten og Vassdokken i Troms er einige om, så er det at nasjonale styresmakter må på banen.

–Vi har hatt næringsministeren på besøk for å sjå på utfordringa. Men nasjonale styresmakter som styrer lovverket, må inn og ta tak i utfordringane her, seier Vassdokken.

Ifølge Samuelsen har dei sendt ein førespurnad til Samferdselsdepartementet for å få ei avklaring.

– Så håpar vi at det løyser seg. For regelverket er kronglete nok sånn som det er.

Ho vil eigentleg ha eit eige løyve for turisttransport som gjeld for heile Noreg, og som ikkje har noko med taxi å gjere.

– Kva er det vi driv med? Driv vi mykje med drosjar, eller driv vi opplevingsnæring?

Publisert 27.02.2026, kl. 20.15

Read Entire Article