Aktor: Ber om 15 års forvaring for drapsmann

10 hours ago 3


Mannen frå Serbia ringde sjølv til politiet og fortalde at han hadde drepe Laura Putane (35), på kvelden den 6. januar i år.
I retten erkjente han å ha knivstukke henne 21 gonger fleire stader på overkroppen.

Han forklarte at han høyrde stemmer i hovudet. Stemmene oppmoda han til å utføre handlinga.

Statsadvokat Bærland sa i si prosedyre at eit viktig spørsmål i saka er om dette førte til at han var utilreknelig da han drap Putane. Påtalestyresmaktene meiner han var tilrekneleg. Og at det kvalifiserar til fengsel i 16 år, men at tiltalte får fratrekk i eitt år fordi han innrømma drapet.

Sakkyndige Fefor-drapet

Dei sakkunnige, psykologspesialist Rune Hatlestad Karlsen og overlege og spesialist i psykiatri, Oksana Flåan.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Forsvarer Erik Dammen Stoltz sa i retten tidlegare i veak at rapporten var for lite nyansert og hadde mangelfulle vurderinger, av sentrale spørsmål.

Han meinte den mangla ei fullstending utgreiing for det som har dukka opp i løpet av saken og ein refleksjon av hva som komme fram i retten.

Han har derimot sagt seg samd i at gjerningsmannen ikkje var i psykose på handlingstidspunktet.

Ikkje psykotisk

Den tiltalte mannen har vorte dømd for vald fleire gonger tidlegare. Frå heimlandet har han dommar frå 2011, 2012 og 2017.

– Han har uttrykt haldningar som rettferdiggjer og batatelliserar ansvar for vald, sa psykologspesialist Rune Hatlestad Karlsen.

Dei to sakkunnige konkluderte med at han oppfyller kriteria for ei dyssosial personlegdomsforstyrring og avhengigheit av alkohol.

Nina Bråthen Hjortdal

Nina Bråthen Hjortdal er bistandsadvokat for familien til den drap Laura Putane.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Meldte seg sjølv for politiet

I løpet av rettssaka vart lydopptaket av samtala den tiltalte hadde med politiet drapskvelden spelt av. Der fortalde han heilt opent at han hadde drepe kollegaen sin inne på i eit rom. Da var det berre dei to på heile hotellet.

Da politiet kom fram, verka ikkje mannen rusa, og han blåste under promillegrensa.

Dette var tredje sesongen Laura Putane jobba på Fefor høgfjellshotell.

Ein gjest ved hotellet, forklarte i retten at ho var eit genuint menneske, som det var lett å komme i kontakt med.

Bistandsadvokat for familien, Nina Bråten Hjortdal har fortalt at Laura Putane var veldig facinert av naturen i Noreg.

Også tiltalte har sagt at Laura var ein god, men sterk person. Og at dei to hadde eit vennskapeleg forhold.
Første dag i retten vendte han seg mot familien og beklaga det han hadde gjort.

Publisert 04.12.2024, kl. 10.07 Oppdatert 04.12.2024, kl. 10.15

Read Entire Article