Taliban-forbod vekker harme: – Usmakeleg

5 hours ago 2


– Heilt sprøtt!

Det er NRKs sjakkekspert Kristoffer Gresslis omgåande reaksjon når han får høyre om den nyaste bannlysinga til Taliban-regimet.

Ifølge den afghanske nyheitsnettstaden Khaama Press har Talibans departement for moral og etikk suspendert sjakk-speling i landet.

Det blir grunngitt av religiøse årsaker.

– I samsvar med sharia er sjakk å rekne som ei form for pengespel, seier talsmann for idrettsdirektoratet, Atal Mashwani, til AFP.

flere tomme sjakkbord i en stor sal

TOMT: Borda ved Kabul elite sjakklubb i den Afghanske hovudstaden står tomme etter nyheita.

Foto: AFP

Mashwani fortset:

– Det finst religiøse omsyn knytte til sjakksporten. Inntil desse omsyna er avklarte, er sjakk suspendert i Afghanistan.

Sjakkpresidenten i Afghanistan, Ghulam Ali Malak Zad, bekreftar til Chess.com at sjakk - i både formell og uformell setting - er midlertidig suspendert. Han legg til at det ikkje er gitt nokon informasjon for når og korleis sjakk igjen kan bli lovleg i landet.

NRK har vore i kontakt med den afghanske ambassaden i Noreg. Dei ønsker ikkje å kommentere saka.

Afghansk kaféeigar: – Skader drifta

Azizullah Gulzada eig ein sjakkafé i hovudstaden Kabul. Der har fleire uformelle konkurransar blitt halde dei siste åra.

Han nektar for at gambling har skjedd, og noterer seg at fleire andre muslimske land tillèt sjakk.

– Unge folk har ikkje så mange aktivitetar i dag, så mange kom hit kvar einaste dag. Her kunne dei få ein kopp te og utfordre vennene sine i sjakk, seier kaféinnehavaren til AFP.

Gulzada fortel at han vil respektere forbodet, men at det vil skade drifta og dei som liker å spele.

to afghanere spiller sjakk i en kafé

Azizullah Gulzada (til høgre) eig sjakkafeen Cupcake Coffee Shop i Kabul.

Foto: AFP

– Fell på sin eigen absurditet

Sjakkekspert Gressli reagerer sterkt på avgjerda.

Han meiner det ikkje er grunnlag for å seie at det går føre seg gambling i sjakksporten.

– Absolutt alt er kjent i forkant. Det er ingen formar for flaks. Den einaste måten å tape eit parti på, er ved at motstandaren speler betre. Å kalle sjakk for gambling fell på sin eigen absurditet, meiner 42-åringen.

Portrettbilde av Kristoffer Gressli

SJAKK: NRK-ekspert Kristoffer Gressli forstår svært lite av Talibans avgjerd.

Foto: Jørund Wessel Carlsen

Får ikkje imam-støtte

Men det er ikkje berre i sjakkmiljøet av bannlysinga fører til heva augebryn.

Musawer Ahmed Shahid er hovud-imam for Ahmadiyya-moskeen på Furuset i Oslo.

Han støttar ikkje forbodet.

– Slik eg ser det er ikkje sjakk haram. Det er så lenge det ikkje blir brukt til å spele om pengar, eller går ut over andre religiøse forpliktingar. Det er heilt fint å ha ein hobby, meiner imamen.

Imam Musawer Ahmed Shahid i Ahmadiyya-moskeen på Furuset i Oslo

BLIR IKKJE STØTTA: Imam Musawer Ahmed Shahid i Ahmadiyya-moskeen på Furuset i Oslo støttar ikkje sjakk-forbodet.

Foto: Hallgeir Braastad

– Taliban-regimet grunngir forbodet med at det i samsvar med sharia ikkje er lov. Korleis kan de ha ei ulik tolking?

– Sharialovene er ikkje nedfelte på same måte som for eksempel den norske grunnlova. Det er mange ulike tolkingar av sharia. Eg synest at å bannlyse sjakk er å gå for langt, seier Shahid til NRK.

– Usmakeleg

Sjakk er ikkje den einaste sporten dei afghanske myndigheitene har sett på med det vonde auget.

Dei siste åra har Taliban innført restriksjonar på ei rekke idrettar, og kvinner har i praksis blitt nekta å delta.

Etter kva Gressli kjenner til, er nå Afghanistan det einaste landet i verda som ikkje tillèt å spele sjakk.

– Sjakken har mange raritetar. For eksempel får ikkje iranarar lov til å spele mot israelarar, for da blir dei nekta å spele på landslaget. Det er også nokre land der kvinner må spele med hijab. Men at sjakken samla sett er bannlyst finn eg usmakeleg, seier han.

et tomt sjakkbord

Taliban grunngir avgjerda med at sjakk ikkje er i høve til tolkinga deira av sharia.

Foto: AFP

Håpar på Iran-effekt

Det afghanske forbundet er rangert som nummer 129 i verda av det internasjonale sjakkforbundet Fide, av 201 totalt.

Noreg er til samanlikning nummer 16 på same liste.

Men Gressli har eit håp for kva sjakkforbodet kan føre til på lang sikt:

– Eit liknande forbod kom på 80-talet i Iran. Da voks det fram eit undergrunnsmiljø som etter kvart blei ganske gode. Iran er no i den ypparste verdseliten, og det er eit produkt av dette undergrunnsmiljøet.

Her suser geita inn i sykkelfeltet: – Oi, oi, oi! 00:34

Publisert 14.05.2025, kl. 07.59 Oppdatert 14.05.2025, kl. 08.04

Read Entire Article