6 råd for å bygge meir klimavenlege hytter

20 hours ago 6


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Vestlandsforsking - les mer.

Endringar i arealbruk og natur er den aller største utsleppskjelda ved hyttebygging. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)

Skal du bygge ei ny hytte? Då er det fleire ting du kan gjere for at utsleppa av klimagassar og naturinngrep skal bli så små som mogeleg.

Drøymer du om ei hytte, samtidig som du vil vere så klimavenleg som mogeleg? Det finst måtar å gå fram på som gir reduserte utslepp.

Forskarar ved Vestlandsforsking har gjort utrekningar for eit byggefirma som ønskte ein kalkulator over utslepp knytt til nybygg. Dei tok utgangspunkt i Dombås hyttepark. Der skulle det reisast 40 hytter. 

Det som før var furu- og lauvskog, er blitt til hyttetomter og vegar. Det betyr at til saman 260.000 kvadratmeter norsk natur har skifta status til utbygd område.

Korleis kan slike utbyggingar gjerast på ein måte som er litt meir klima- og naturvenleg? 

Forskar Daniel Furberg samanfattar funn frå studien til seks råd om korleis du kan bygge nytt med reinare samvit for klimaet.

1. Vel areal som alt er bygd ut

Om du kan, er det aller beste for klimaet at du reiser hytta di på grunn som alt er bygd ut. Kanskje kan ein erstatte ei gamal hytte eller bygge på ei ledig tomt i eit hyttefelt som alt er etablert. 

Kvifor? Jo, fordi endringar i arealbruk og natur faktisk er den aller største utsleppskjelda ved hyttebygging.

I utbyggingsprosjektet på Dombås var den største arealbruken veg og hogst utanfor sjølve hyttetomtene. Tomteområdet utgjorde om lag 1.200 kvadratmeter.

Portrett forsker

– Når hytta først er bygd, legg til rette for å leige ho ut, oppmodar forskar Daniel Furberg. (Foto: Tore F. Lie)

– Klimautsleppa ved endring av arealbruk er desidert størst. Utsleppa frå dette er langt større enn alle dei andre utsleppa ved byggeprosjektet, også sjølve byggemateriala, seier Furberg.

Han fortel at det i utrekningane dei gjorde, rekna dei med at 15 prosent av tomta blei brukt. Dette anslaget er beskjedent. I røynda blir ofte mykje meir av området eller skogen rundt hytta grave opp eller hogd ned.

Forskarane var overraska over at utsleppa frå sjølve arealinngrepet raga såpass høgt over dei andre kjeldene til utslepp.

2. Styr unna myr

Dei siste åra har mange fått med seg at myr lagrar og held på karbon så det ikkje blir sleppt ut i atmosfæren. Å legge motorvegar over myr betyr store utslepp. Men mange små hytter på myr, pluss alt som følgjer med, er heller ikkje godt nytt.

Utsleppa knytt til eit hytteprosjekt blir særleg store om ein gjer om skog og myr til hytte og hage.

– Her bør alle som vurderer å bygge hytte vere kritiske, seier Furberg.

3. Spar nokre tre

Klimakrisa går hand i hand med ei naturkrise. Som NRK demonstrerte i programmet Oppsynsmannen, forsvinn det heile tida natur i Noreg, bit for bit. Viss du som hytteeigar står for ein av desse bitane, kan du gjere ditt ved å la vere å ribbe tomta di for grøne vekstar og tre, ikkje berre for å ha nærkontakt med ekorn, småfuglar og andre skapningar frå skogen gjennom hyttevindauget.

– Det største problemet med nedbygging av natur er jo ikkje nødvendigvis klimautsleppa, men at det forsvinn urørt natur.

– Vi tilrår å avgrense hogsten i hyttefeltet og la ein del tre stå att. Det ser òg mykje finare ut, seier Furberg.

4. Ver gjerrig med vegar

Ei klar tilråding frå forskarane er å bruke så lite areal på veg som du kan. I mange av landets nye hyttefelt er vegnettet omfattande, med romsleg parkeringsareal, slik at endå meir areal går med.

– Ein bør prøve å bygge nær vegar som alt finst og gjenbruke desse vegane viss det går, seier forskaren.

5. Vel fundament med omhug

Det mest tekniske rådet gjeld måten hytta blir bygd på. Det er nemleg ikkje hipp som happ for klimaet kva slags fundament fritidsbustaden blir reist på. 

Vanlege materiale, som betong og isopor, har eit stort klimafotavtrykk, men det finst alternativ.

Standardløysinga er ei heilstøypt plate av betong. Det klimakloke alternativet er å bygge med søyler og bjelkelag.

– Utsleppa blir då mykje mindre. Slike fundament gir òg mykje mindre terrenginngrep, fortel Furberg.

Han minner òg om fordelene ved ei sparsam grunnflate, arealeffektiv utforming og at ein legg hytta slik at ho passar inn i terrenget.

6. Leig ut!

Norske fritidsbustader blir i gjennomsnitt brukt femti av dei 365 døgna i året. I utrekningane til forskarane gir det høge klimagassutslepp per bruksdøgn. 

Det beste er om hyttene blir brukt meir.

– Når hytta først er bygd, legg til rette for å leige ho ut, oppmodar forskaren.

Kommunar kan støtte opp om utleige gjennom reguleringskrav. I hytterike Hemsedal blir 70 prosent av hyttene leigde ut takka vere slike krav. 

Ellers i landet leiger berre ti prosent av hytteeigarar ut fritidsbustaden sin. Dette er betydeleg fleire enn for tre år sidan, kanskje fordi privatøkonomien vår er blitt strammare.

– Meir utleige betyr mindre nybygging. Det vi treng i Noreg, er jo strengt tatt færre hytter, seier Furberg.

Slik kalkulerte dei utsleppa

    Oppdraget kom frå eit byggefirma i Vågå som ønskte å vere i forkant av nye krav og bruke kalkulatoren for å bygge hytter med lågare utslepp.

Forskarane baserte seg på eksisterande utsleppsinformasjon frå epd-norge.no, opplysningar om byggemateriale og materialmengder frå eit byggefirma og Miljødirektoratet sin kalkulator for utslepp ved arealbruksendring.

Referanse: 

Fredrik Johnsen og Daniel Furberg: Utrekning av verknad på klima og areal-/natur for hyttefelt, TrevævenRapport fra Vestlandsforsking, 2023.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article