5 gjennombrot forma det norske demokratiet

1 month ago 14


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

– Ytringsfridomen og det diskuterande demokratiet er føresetnaden for demokratiet vårt. Derfor er det også viktig å lære dei unge kritisk tenking og å lese bøker, seier professor. (Foto: Evelina-g / Wikimedia commons / Public domain)

Folkestyret treng framleis vern og støtte frå kunnskapsrike borgarar, seier professor. – Derfor er det viktig å lære dei unge kritisk tenking og å lese bøker.

– Starten på det norske demokratiet var eidsvollsmennene og Grunnlova i 1814. Sidan den gongen har stadig fleire grupper fått ei stemme og ein plass i det norske folkestyret, seier Knut Dørum.

Han er forfattar av lærebøker og professor i historie ved Universitetet i Agder (UiA).

Fri debatt og kompromiss har skapt det norske demokratiet, seier UiA-professor Knut Dørum. (Foto: UiO)

No er han ute med boka Demokrati og medborgerskap, fra 1814 til i dag. Målgruppa er lærarar, studentar og andre interesserte.

Det er nemleg nedfelt i den overordna læreplanen at demokrati og medborgarskap skal prege alle fag frå barnehagen til den vidaregåande skulen her i landet. 

Dei unge skal lære å sjå samanhengen mellom ytringsfridom og demokrati, heiter det mellom anna i planen (utdanningsdirektoratet.no).

Fri diskusjon er utgangspunktet for demokratiet

– Ytringsfridomen og det diskuterande demokratiet er føresetnaden for demokratiet vårt. Derfor er det også viktig å lære dei unge kritisk tenking og å lese bøker, seier Dørum.

Professoren er uroa over ei utvikling der vi nektar å snakke med folk vi er usamde med.

– Ein kultur der vi kansellerer kvarandre fordi vi er usamde, byggjer verken demokrati eller ein trygg og interessant kultur for å dele idear og synspunkt på samfunnet, seier Dørum.

Ifølgje han er det nettopp samtalen og kompromisset som har skapt det norske demokratiet.

– Dei som er usamde om korleis ein skal ordne samfunnet, snakkar saman. Så finn dei ei mellomløysing alle kan leve med. Kompromisset er den raude tråden i utvikling av det norske demokratiet, seier han.

Demokratar møtest på halvvegen

Kompromisset er også den raude tråden i boka til Dørum.

– Smarte kompromiss betyr ofte at avtalar om endring vert formulerte litt ullent. Då står du nokså fritt når du skal tolke avtalen. Det tvingar gjerne partane til å møtest på halvvegen og inngå kompromiss, seier Dørum.

Han trekkjer fram innføringa av parlamentarismen i 1884 som eit døme. 

Avtalar om mindre makt til konge og regjering var vage og litt vanskeleg formulerte. Det førte til ei ny maktfordeling mellom storting og regjering.

– Ulne avtalar førte til eit kompromiss som bidrog til at parlamentarismen vart gradvis innført i 1884 og fullt gjennomført i 1905, seier Dørum.

Eidsvollsmennene frykta demokratiet

I dag er demokrati eit honnørord. I 1814 var det ukjent og skummelt.

– Eidsvollsmennene hylla folket som kjelda til makt. Men samtidig åtvara dei mot folkestyret. Dei assosierte demokrati med anarki og lovløyse. Demokratiet og måten vi forstår det på, har endra seg opp gjennom åra, seier Dørum.

Eidsvollsmennene meinte at det breie lag av folket ikkje var modne for å delta i demokratiet. Dei ønskte seg ingen organisert opposisjon. 

Dørum understrekar likevel at grunnlova, 1814 og eidsvollsmennene er det store og avgjerande steget mot demokrati her i landet.

– Vi har sett ein tendens til å tone ned dette i nyare historieskriving. Det er det ingen grunn til, seier han.

1968-opprøret mot autoritetar utvida demokratiet

Også i nyare tid har demokratiet endra seg. Dørum peiker på 1968 for å forklare dei demokratiske gjennombrota i vår tid. 

Her snakkar han ikkje berre om året 1968, men om dei ideane og ideala som 68-generasjonen førte med seg utover 1970-åra og fram til i dag.

Både den politiske venstre- og høgresida bidrog til å svekke etablerte autoritetar. Det førte fleire kvinner inn i politikk og næringsliv. Homofile, samar, kvener, funksjonshemma og andre minoritetar fekk fleire rettar. Ytringsmangfaldet vart utvida. Og blasfemiparagrafen vart etter kvart oppheva.

– Mens venstresida var mot kapitalkreftene og arbeidde for like rettar for fleire, var høgresida oppteken av å byggje ned autoriteten til byråkrati, ekspertar og ein mektig stat, seier Dørum.

Professoren er ikkje i tvil om at vi har meir demokrati i dag enn tidlegare i historia. Han minner likevel om at makta stadig er skeivt fordelt.

– Næringsliv og organisasjonar har sine interesser. Dei har meir pengar, makt og gjennomslag enn den enkelte av oss. Politikarar har også meir makt enn før, men den enkelte av oss har samtidig større fridom og fleire rettar enn tidlegare, seier han.

Fem demokratiske gjennombrot

Her er fem gjennombrot som ifølgje Knut Dørum har forma det norske demokratiet:

1. Grunnlova av 1814 og avskaffinga av eineveldet: Den norske eliten avskaffar det danske eineveldet og innfører Grunnlova. Makta vart delt mellom storting, domstolar og kongen. Det innebar mellom anna at kongen fekk svekt den eineveldige makta si.

2. Arbeidarorganisasjonar og partidanning (1848): Thranebevegelsen med Marcus Thrane i spissen leia arbeidaropprøret. Det førte til danninga av arbeidarorganisasjonar over heile landet. Dei vedtek politiske program med planar på område som skatt og arbeidstid. Foreiningane set standarden for korleis politiske parti seinare i hundreåret vart etablert.

3. Innføring av parlamentarisme i 1884 – og 1905: Innføringa av parlamentarismen inneber at regjeringa styrer så lenge fleirtalet i stortinget støttar opp om det. Kongen hadde framleis vetorett i 1884. Det endelege gjennombrotet og fullføringa av parlamentarismen kom i 1905 då unionen med Sverige vart oppløyst.

4. Arbeidarklassen og bøndene går saman i 1935: Etter mange år med bitter og stri politisk konflikt går Arbeidarpartiet og Bondepartiet saman. Samarbeidet sikra viktige økonomiske interesser for bønder, fiskarar og arbeidarar. Arbeidslivet vart demokratisert, og tariffavtalar gav arbeidsfolk nye rettar.

5. 1968 og opprøret mot autoritetane: Den politiske venstre- og høgresida opponerer mot etablerte autoritetar frå 1968, utover 1970-åra og fram til i dag. Ytringsfridomen vart styrkt og monopola for tv, radio og telefoni vart oppløyste. Politiske rettar til stadig fleire grupper kom på dagsordenen. Det gjeld kvinner, homofile, samar, funksjonshemma og andre minoritetar.

Referanse:

 Knut Dørum: Demokrati og medborgerskap. Fra 1814 til i dag. Cappelen Damm, 2024. (Sammendrag)

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article