Zelenskyj seier den russiske framrykkinga er stansa

1 month ago 22



I eit intervju med den franske kringkastaren sa presidenten at situasjonen for dei ukrainske styrkane er mykje betre enn han har vore dei siste tre månadane.

Zelenskyj seier også at Ukraina no bygger over 1000 kilometer med forsterkingar langs fronten.

Russland har så langt ikkje kommentert utsegnene.

Frontlinjene har stort sett stått stille, men Russland har hatt initiativet på slagmarka dei siste månadane. Ukrainas forsvarsminister vedgjekk i slutten av februar at situasjonen var krevjande.

I midten av februar tok russiske soldatar kontroll over byen Avdijivka etter å ha pressa på i lang tid. Det var det største nederlaget for Ukraina sidan mai 2023. då dei russiske styrkane tok Bakhmut.

Naturleg at det stoppar opp

Professor Tormod Heier ved Forsvarets høgskole seier at det kan godt vere at Ukraina har klart å stoppe russiske framrykkingar aust i Ukraina. Men at det truleg berre gjeld enkelte stader langs fronten.

– Kvar ein offensiv må stoppe etter ei stund. På eit tidspunkt går lufta ut av han. Styrkane må vente på nye forsyningar og våpen. men den ukrainske framgangen skjer ikkje over heile den meir enn 1000 kilometer lange frontlinja.

Heier trur utsegnene til den ukrainske presidenten kan vere retta mot Vesten som forsyner dei med våpen og materiell, og hindre at gjevarlanda ikkje mister motet og trua på at det nyttar å kjempe vidare.

Men meldinga kan også vere retta mot ukrainarar, seier han.

– Den siste tida har det vore ein liten tendens til pessimisme blant folk. Det kan gjere det vanskelegare å få nye rekruttar til å melde seg til å kjempe i krigen.

Read Entire Article