WHO evakuerer kvinner og barn frå Gaza

1 month ago 13



Dei evakuerte skal sendast til ulike europeiske land, seier Hans Kluge, som er direktør for WHO i Europa, til nyheitsbyrået.

– Israel har forplikta seg til ytterlegare 1000 medisinske evakueringar til EU i løpet av dei neste månadane, seier han.

Det er WHO som skal legge til rette for evakueringane til dei europeiske landa som er involvert.

Mann med briller sitter med halvåpen munn, som om han snakker.

Regiondirektør for WHO i Europa, Hans Kluge.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP/NTB

Sidan krigen i Gaza starta i oktober i fjor, er 600 personar evakuerte av WHO i Europa av medisinske årsaker frå Gaza.

– Dette hadde ikkje vore mogeleg om vi ikkje hadde ein open dialog med partane, seier Kluge.

WHO sa i mai at det er var rundt 10.000 menneske i Gaza som burde ha vore evakuerte fordi dei treng akutt medisinsk hjelp, skriv AFP.

Vaksinerer mot polio

Forholda i krigsområda gjer også at sjeldne sjukdommar blomstrar opp. I førre månad starta den første runden av vaksineringa av over ein halv million barn, etter at det blei påvist polio i Gaza for første gong på 25 år.

I førre veke starta dei på den andre runden med vaksinering.

Kampanjen er eit samarbeid mellom blant andre det palestinske helsedepartementet, WHO, FNs barnefond (Unicef) og FNs hjelpe- og arbeidsbyrået for palestinske flyktningar (UNRWA).

Humanitære pausar er eit vilkår for å kunne gi vaksinar og helsehjelp i Gaza, seier WHO.

– I område med humanitære pausar, gav kampanjen ikkje berre vaksinar, men også augneblink med ro, sa Rik Peeperkorn, som er WHOs representant i dei okkuperte palestinske områda, i samband med oppstarten av den andre runden med vaksinar.

Publisert 21.10.2024, kl. 10.46 Oppdatert 21.10.2024, kl. 11.26

Read Entire Article