Wennesland til NRK: Framgang i gisselforhandlingane

4 hours ago 3



– Det er meir konkrete diskusjonar no enn det har vore på ei stund, og det er meir konkret i detaljane om byte av gislar mot fangar.

Det seier FNs spesialutsending for fredsprosessen i Midtausten til NRK torsdag morgon, norske Tor Wennesland.

Han seier han har fått dette stadfesta av den egyptiske utanriksministeren i Oslo denne veka. I tillegg har han snakka med dei israelske forhandlarane.

Men partane har fått dårlegare tid.

– Det som er greia her, er at eg trur ein deadline for den prosessen som skjer no er 20. januar. For då kjem det eit nytt regime i Washington, seier han.

– Eg trur at moglegheita for å få til ein avtale vil vere best dersom det blir ei løysing i Gaza, med dei ordningane og forhandlarane vi har no.

«Heilt ubegripelege» tap i Gaza

Det siste døgnet har minst seks personar blitt drepne i eit israelsk luftangrep mot eit hus i Gaza by, og minst åtte i grensebyen Rafah, ifølge helsepersonell på Gazastripa.

Dei drepne i Rafah skal ha jobba med å sikre lastebilar med naudhjelp, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Det israelske militæret (IDF) har ikkje kommentert skuldingane.

Tor Wennesland vaksinerer barn i Gaza mot polio

Wennesland var inne i Gaza då helsepersonellet der starta med poliovaksinar.

Foto: FN

– Eg trudde vi var nærme fred då eg starta i jobben for fire år sidan, og har berre måtta sjå på at verden blei snudd på hovudet og vesentleg vanskelegare, seier Wennesland.

– Tapa i Gaza er heilt ubegripelege. Det vil vere å håpe at ein finn ei løysing, og den løysinga må vere politisk.

Overveldande fleirtal i FN for våpenkvile

Onsdag kveld vedtok FNs hovudforsalming ein resolusjon som tek til orde for ei umiddelbar, vilkårslaus og permanent våpenkvile i Gaza.

Den ber samtidig om at alle gislar blir slepte fri.

FN-avstemming om våpenkvile

Onsdag heldt FN si hovudforsamling avstemming om ein symbolsk resolusjon om våpenkvile i Gaza.

Foto: KENA BETANCUR / AFP

Den symbolske avstemminga i New York skjedde etter at USA stoppa ei liknande ei i FNs tryggingsråd. Alle dei 14 andre landa i tryggingsrådet støtta resolusjonen.

Årsaka til vetoet, ifølge USA, var at dei meiner alle krav om våpenkvile også må krevje lauslating av alle gisla på Gazastripa.

Publisert 12.12.2024, kl. 07.41 Oppdatert 12.12.2024, kl. 07.59

Read Entire Article