VR-spel kan erstatte løpeturen – Isak (16) vel heller å spele enn å trene

2 weeks ago 15



Isak Arna Liverød (16) hoppar opp frå stolen og gir frå seg eit skuffa brøl.

Dei andre gutane ler, men stirer framleis inn i skjermen og trykker febrilsk på konsollane. Isak er ute av spelet.

– Gaming kan vere nokså altoppslukande og kan gjere at ein sit i fleire timar, seier han.

Isak Arna Liverød sitter og gamer utenfor gamingrommet i Vomheim kulturhus i Kodal sammen med kompiser.

Sjølv om 16-åringen frå Sandefjord likar å trene, innrømmer han at gaming er ein stor del av livet, og at det kan gå utover andre aktivitetar i kvardagen.

– Om eg kjedar meg etter skulen og har valet mellom å springe meg ein tur eller å spele, vel eg oftast heller å spele.

To av tre unge gamar dagleg

Før kunne Isak game i opptil ni timar kvar dag. No blir det gjerne rundt fire timar etter skuletid, forklarar han.

Isak er ikkje aleine. To av tre barn og unge speler digitale spel dagleg, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Det betyr mindre tid til fysisk aktivitet, ifølge forsking.

Men kva om ein kan spele digitale spel og vere fysisk aktiv samtidig?

Det meiner forskarar på Universitetet i Søraust-Noreg (USN) at de no har funne svaret på.

Meiner VR er løysinga

I eit nytt forskingsprosjekt i Bø har forskarar testa ut kor fysisk aktive ungdommar er når dei speler VR-spel

– Vi har funne ut at den fysiske aktiviteten ein får ved å spele VR, svarar til det å gå seg ein roleg tur ute.

Det seier postdoktor på USN i Bø, Jan-Michael Johansen. Han er blant dei som står bak studien.

Jan-Michael Johansen tester O2-opptaket til en elev mens hun går.

Ifølge Helsedirektoratet er ein stor del av befolkninga for lite fysisk aktive, og i dei nyaste faglege råda slår dei fast at all fysisk aktivitet tel.

No kan VR vere ein del av løysinga, meiner Johansen etter at dei nye forskingsfunna blei klare.

– Viss nokon slit med motivasjonen, og heller vil vere inne og spele, kan dei med VR få fysisk aktivitet med på kjøpet, forklarar han.

Etterlyser meir variert aktivitet

Divisjonsdirektør i Helsedirektoratet, Linda Granlund, er positiv til forskinga.

Ho påpeiker at dei faglege råda for fysisk aktivitet opnar opp for dataspel som ein måte å vere aktiv på.

Linda Granlund, divisjonsdirektør i folkehelse og forebygging i Helsedirektoratet.

Foto: Finn Oluf Nyquist / Helsedirektoratet

– All aktivitet er bra frå eit helseperspektiv, og det er svært positivt at det blir forska på korleis ulike grupper med ulike utfordringar kan auke aktivitetsnivået sitt.

Samtidig meiner Granlund at friske barn, ungdommar og vaksne bør variere aktiviteten meir.

Testa energiforbruket

I prosjektet målte forskarane først den fysiske aktiviteten og energiforbruket til ungdommar når dei går og spring, og deretter når dei speler VR-spel.

Målingane gjorde dei ved å sjå på puls, oksygenopptak og aktivitetsmålarar.

Johansen viser korleis prosjektet blei utført på tredjeårsstudent Camilla Rugtveit Brekstad (23).

Ungdommane fekk spele blant dei vanlegaste VR-spela: Beat Saber. Det går ut på at ein skal slå på klossar som kjem mot ein, i takt med musikken i spelet.

Funna viser at ein halvtime med Beat Saber på middels vanskegrad, svarar til ein roleg gåtur ute på grus eller asfalt.

– Når vi auka til ein høgare vanskegrad, auka også energiforbruket, og den fysiske aktiviteten nærma seg den same som ved roleg jogg, seier Johansen.

FOTO: Linea Anvik og Universitetet i Søraust-Noreg

Fleire speler VR

VR-briller har blitt stadig meir populært dei siste åra. Tal frå Elkjøp viser at salet har auka med 120 prosent på eitt år.

Isak frå Sandefjord er blant dei som kasta seg på trenden for nokre år sidan, og favorittspelet er nettopp Beat Saber.

– Etter ein stund blir eg ganske sliten i armane. Da kan det gjerne komme litt dogg inne i brillene, seier han og ler.

Han er derfor ikkje overraska over at VR-spel kan gi god fysisk aktivitet og meiner at det kan ha mykje å seie for unge gutar som likar å game.

Isak spiller VR-spill på gata.

– Det er bra å gå tur, men det er mykje gøyare å spele VR. Så når eg no veit at det også er god fysisk aktivitet, kjem eg til å spele mykje meir framover, slår han fast.

– Du skal ikkje gå tur i skogen da?

Isak blir stille før han snur seg og tittar mot skogen bak seg. Han rynkar augebryna og svarer:

– Det er så mykje gjørme i den skogen og det orkar eg ikkje.

Hei!

Har du tankar om saka du har lese? Eller har du kanskje tips til noko anna eg burde sjekke ut?

Send meg gjerne innspel på e-post!

Publisert 17.09.2024, kl. 05.31

Read Entire Article