«Viser teaterets moglegheiter for skrekk»

2 weeks ago 13



Mange oppsøkjer skrekk­historier på film eller i bøker. Men sjansen for å bli skremt, er vel så stor i teateret. Der skjer alt på ekte, teateret har effektar som kan halda illusjonen oppe, og du kan ikkje skru av eller gå nokon stad.

Det er kanskje også grunnen til at det teaterstykket som har gått lengst i London – altså eit stykke som ikkje er musikal – er «Musefella» av Agatha Christie.

På andre plass kjem «Kvinna i svart» med over 13 000 framsyningar fram til i fjor. No speler stykket i norsk versjon på Det Vestnorske Teateret i Bergen.

Kven lurer i skuggane? Det er spørsmålet i «Kvinna i svart».

Fra Kvinna i svart ved Det Vestnorske Teatret

MINNE: Advokat Arthur Kippe (Øystein Martinsen) gjennomlever eit minne som ligg tretti år tilbake i tid.

Foto: Andreas Roksvaag

Skumlare enn skrekkfilm?

Men «Kvinna i svart» er skremmande lite skummel og skrekkeleg i forhold til kva ein bør kunna forventa. Noko av skulda må eit ganske tynt og ikkje særleg originalt manus ha – her tek det tid før handlinga strammar seg til, og det tek tid å etablera historia.

Den handlar om ein advokat (Øystein Martinsen) som er heimsøkt av eit minne frå 30 år tilbake i tid. For å bli kvitt dette, vil han fortelja historia si.

Og for å få hjelp til det, oppsøker han ein skodespelar (Cato Skimten Storengen). Snart spelar dei ut episode etter episode av marerittet frå tre tiår tilbake.

Fra Kvinna i svart ved Det Vestnorske Teatret

ÅLEMYR: Kva hende eigentleg på Ålemyr gods den gongen for tretti år sidan? Arthur Kippe (Øystein Martinsen) er heimsøkt av hendinga.

Foto: Andreas Roksvaag

Men om manuset ikkje er av det heilt store, må skremminga i alle fall vera det. Her tek det tid før publikum får seg ein støkk og to.

Og det i ei framsyning teateret reklamerer med at er «skumlare enn nokon skrekkfilm».

Godt skodespel

Det er kanskje det at det er langt mellom overraskingane i manus. Ein stor del av det å verta skremt handlar om å bli overraska.

Heldigvis veg godt skodespel opp for mykje av dette. Storengen og Martinsen er gode komedie­skodespelarar, og dei har god timing.

Særleg effektfullt er det når Martinsen held tilbake, når han dreg ut scenene, ser på den andre med eit mørkt blikk som han held. Lenge. Slik gir han rom for den uroa som er naudsynt for at publikum skal tenka at her kan noko uhyggeleg hende.

Fra Kvinna i svart ved Det Vestnorske Teatret

SKODESPELARAR SIKRAR GRØSS: Måten Øystein Martinsen lar blikket dvela skapar skummel stemning og løfter framsyninga.

Foto: Andreas Roksvaag

For ein som sit i teatersalen med store forventningar til å bli skremt, er første del langdryg. Først i andre del kjem dei skumle effektane verkeleg til si rett, men samstundes kjem dei tett i tett.

Grøssa er gode – men dei kjem nesten for tett når dei først kjem. Ei porsjonering av effektane og spenninga hadde tent framsyninga.

Regissør Yngve Sundvor har saman med dei to skodespelarane òg ansvar for scenografien og kostyma. Det fungerer greitt, men eg sit med kjensla av at det visuelle har rom for fleire overraskingar. Noko eg trur eit scenograf­blikk utanfrå kunne vore med og løfta fram.

Men lyssettinga fungerer godt. Lys og lyd er blant dei viktigaste elementa for å underbygga kjensla av skrekk. Om lydeffektane til tider er litt konvensjonelle, er dei like fullt effektive.

Fra Kvinna i svart ved Det Vestnorske Teatret

UTSTOPPA: Ein utstoppa rev med lysande auge er blant dei scenografiske elementa i framsyninga. Utan at reven har så mykje å seia for historia.

Foto: Andreas Roksvaag

Friskt

Det er noko friskt med å gå høgt ut med underhaldande skrekk-teater. Og sjølv om framsyninga ikkje treff heilt blink, viser ho kva fantastiske moglegheiter som ligg i teateret.

For den som trur norsk teater berre er Ibsen og Fosse, bør teatera rakrygga hevda at det er dei som er best på grøss.

Gode skodespelarar i kombinasjon med grøssande underhaldning kan vera nett det ein ønsker seg medan kalenderen tikkar mot halloween.

Publisert 17.09.2024, kl. 12.49

Read Entire Article