Lom vidaregåande skule er ein av dei som blir lagt ned.
– Vi ser på moglegheita for å starte eigen skule i Lom. Vi ser på litt fleire alternativ, seier Kristian Frisvold, ordførar i Lom kommune til NRK Innlandet.
Onsdag sat han i møte saman med ordføraren i Skjåk kommune med tanke på å starte eigen skule.
– Skjåk skal ha formannskapsmøte i kveld, mens vi skal ha kommunestyremøte om dette fredag. Sidan det brenner på dass nå jobbar vi med å få det klart på kort tid, seier Frisvold.
Om det skal bli ein privatskule eller offentleg skule held han ope.
– Det er litt fleire alternativ vi ser på, sidan det svever litt. Vi må avklare ein del ting fyrst, men vi har gode intensjonar, seier Frisvold.
Han forteller at dei ikkje vil sende elevane bort på hybel og mange timar i buss.
– Vi vil ivareta elevane. Vi kan invitere fleire kommunar om det blir aktuelt, seier Frisvold.
Møtet kom i stand etter at fylkestinget vedtok onsdag å legge ned to vidaregåande skular og fire skulestader.
I same møte vart dei samde om å anke vedtaket som vart gjort i fylkestinget i dag.
– Det gjer oss i bakgrunn at vi tykkjer det er for svakt saksgrunnlag. Vi har kontakta KS og vi håper å få med fleire kommunar, seier Frisvold.
Publisert 23.10.2024, kl. 16.49 Oppdatert 23.10.2024, kl. 16.55