Vil selje «heile» Beitostølen etter 60 år: – Nå er tida inne

1 month ago 15



Området blir omtala som ein av dei største turistdestinasjonane i Noreg.

Familien Hovi har vore eigar av selskapet Beitostølen resort gjennom 60 år. Brørne Atle og Bjørnar Hovi skal ha investert meir enn 100 millionar kroner i lokalsamfunnet dei siste åra.

Men nå vil dei altså selje rubbel og bit. Det melder Dagens Næringsliv.

– Vi har ingen ny generasjon Hovi til å ta over selskapet, seier Atle Hovi.

Barna er for unge. Det blir for lenge å vente i 20–25 år, og han veit ikkje om dei vil vere interesserte heller.

– Difor passar det bra å selje nå. Eg tenker at nå er tida inne, seier Atle Hovi til NRK.

Atle Hovi

GOD TIMING: Atle Hovi er ein av brørne som sel verksemda i Beitostølen, som meiner tida er inne.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Heil bygd til sals

Selskapet består av fleire hotell, hytter, leilegheiter og eit heilt skisenter med sju skiheisar, og er ein av Noregs største turistdestinasjonar.

Meklarhuset Nordhaven, som har fått salsoppdraget, reknar med at det vil vere leigeinntekter på dei ulike eigedommane på over 100 millionar kroner i 2025, skriv DN.

Beitostølen

SKIANLEGG: Skianlegget på Beitostølen har sju skiheisar og fleire nedfartar.

Foto: Anders Bakkerud Larsen / NRK

– Nå er krona billig. Det strøymer til med turistar. Og nå er rentetoppen nådd. Vi har jo dei siste 20 åra hatt interesse frå heile verda, og nå har vi funne ut at timinga er rett, seier Atle Hovi.

Han seier dei har eit ope vindauge fram til jul for å sjekke marknaden. Så vil tida vise om dei har ein god kjøpar. Viss ikkje vil dei drive vidare sjølv.

– Vemodig

Ordførar i Øystre Slidre, Bjarne Budal (Ap), vart ringd av Atle Hovi torsdag, som fortalde om salet.

Han har respekt for valet til brørne.

– Det er vemodig, men samstundes vel eg å vri det til noko positivt. Eg kjenner dei fine folka og har respekt for deira avgjerd og situasjon.

Bjarne Budal, ordførar Øystre Slidre kommune

POSITIV: Ordførar Bjarne Budal (Ap) i Øystre Slidre trur Beitostølen utviklar seg vidare på lang sikt.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Ordføraren vil ikkje spekulere i kven han trur vil kjøpe verksemda, men han har tru på at salet vil gi nye moglegheiter for utviklinga av Beitostølen på lang sikt.

BI-professor Ragnhild Silkoset er ikkje like roa.

Ho kallar dette er ei særleg spesielt sak.

– Det viser at ei bygd kan bli veldig sårbar om ein aktør er så dominerande. Det aukar risikoen for kommunen betrakteleg.

– Om den eine aktøren som er så stor går konkurs, så går det hardt utover bygda, seier Silkoset.

Ragnhild Silkoset

RISIKO: Ragnhild Silkoset, BI-professor, meiner kommunen blir ekstra sårbar med berre ein stor aktør.

Foto: Torbjørn Brovold / BI

– Gjer kommunen sårbar

For bygda ville det vore betre om eigarane selde bit fot bit, i staden for heile verksemda, meiner BI-professoren.

– Det kan jo gå kjempebra om dei klarer å finne ein kapitalsterk kjøper. Men sjansen for at det ikkje kan gå så bra, er jo også ganske stor, seier Silkoset.

Det er ikkje mange døme på ein slik eigarsamansetning i andre marknadar, poengterer professoren.

Ho fortel at frå ei konkurranseperspektiv så ønsker ein ikkje ein dominerande aktør, men fleire slik at alle må vere ekstra gode for å kunne overleve i marknaden.

– Det er ikkje noko negativt med at dei har investert heile livet sitt på ein stad. Men sett frå kommunen sitt perspektiv, så gjer det dei veldig sårbare, seier BI-professoren.

Øystre Slidre-ordføraren er ikkje uroa.

Eg vel å ikkje vere uroa. Ein tung investor som vil inn og tenke langsiktig her, vil jo spele på lag med resten av næringa og ikkje minst kommunen.

Dei som er ute etter kort profitt, trur eg ikkje ser verdien i Beitostølen og utviklinga av staden.

Beitostølen Skiheiser

HEILÅRSDESTINASJON: Beitostølen er godt kjend som vinterdestinasjon, både på bortover og nedover ski. Dei seinare åra har Beitostølen også utvikla seg til å bli ein heilårsdestinasjon.

Foto: Frode Meskau / NRK

Usikker på verdien

Hovi meiner det bør vere attraktivt å kjøpe Beitostølen resort, og viser til at dei har bygd opp ein solid heilårsdestinasjon med heile verdikjeda i eitt selskap.

Meklarhuset skal ut i marknaden i heile verda for å leite etter ein aktuell kjøpar.

Atle Hovi seier han ikkje har nokon oppfatning om kva det heile er verd.

Han er heller ikkje opptatt av om det blir ein norsk eller utanlandsk eigar.

– Det bror min og eg er opptatt av, er at det blir ein eigar som kan løfte Beitostølen vidare, få enda fleire turistar dit, sikre heilårs arbeidsplassar og bygge eit sterkt lokalsamfunn.

Han trur den aktøren finst.

  • Regjeringa vil krevje førehandsgodkjenning av utanlandske eigedomskjøp. Les kvifor her.

Publisert 31.08.2024, kl. 09.40

Read Entire Article