Vil koste 550 millionar å flytte vikingskipa om lag 100 meter

1 month ago 18



I fjor vår blei det henta inn ny kunnskap om det gamle vikingskipsmuseet.

Skipa står oppbevart i stålrammer som veg om lag 50 tonn. Det viste seg at golvet ikkje vil tole den belastninga.

Den nye kunnskapen gjorde at Statsbygg måtte endre strategi. Flyttinga av skipa vil i staden skje i kranbaner i taket.

Hausten 2022 blei det anslått at å flytte skip og sledar 100 meter ville koste 269 millionar kroner.

Kostnadene inkluderer materiell, trening og testing av utstyr og sjølve flyttinga av tre vikingskip og tre vikingsledar.

I dag er kostnadene betydeleg høgare. Nye utrekningar viser at prislappen nå er oppe i 550 millionar kroner.

– Nybrottsarbeid

Bygging av nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy er godt i gang.

Sjølve flyttinga av dei tre vikingskipa frå gammalt til nytt museum vil etter planen starte i september 2025. Og håpet er at museet kan opne for publikum i utgangen av 2027.

Ifølgje Statsbygg, som er ansvarleg for byggeprosjektet, var dei tidlege anslaga på 269 millionar kroner basert på eit umodent underlag.

Mangel på erfaring knytt til denne type arbeider er, ifølgje Statsbygg, også ein grunn til at ein har bomma grovt på prisestimata.

– Vi må hugse at dette prosjektet er eit nybrottsarbeid, seier prosjektsjef i Statsbygg Lars Christian Gomnæs.

Ein kan slå fast at å flytte skjøre vikingskip som er meir enn tusen år gamle er unikt i verdssamanheng. Og erfaring eller referansar er det også dårleg med.

– I prosjektet er det viktig at det er vi sjølv som tileignar oss kunnskap om dette. Det blir til undervegs når vi jobbar og får detaljane og løysningane på plass, seier Gomnæs.

På byggeplassen til det nye Vikingtidsmuseet ser ein gropa der Osebergskipet skal stå.

TEK FORM: På byggeplassen til det nye Vikingtidsmuseet ser ein gropa der Osebergskipet skal stå.

Foto: Helga Tunheim / NRK

For tungt for golvet

Tidlegare i prosjektet blei det planlagt å frakte skipa på skjener langs golvet.

Men det viste seg at det ville vere nærast umogleg å sikre det gamle dekket om ein frakta skipa på skjener.

– Golvet vil ikkje tole belastninga av skipa og dei 50 tonn tunge stålriggane som skipa vil bli frakta i. Det er heller ikkje mogleg med understøtting mot kjellergolvet som ligg på leirgrunn, seier konservator ved Kulturhistorisk museum David Hauer.

I staden har Statsbygg landa på plan B, ein kranbane i taket, som er forankra i grunnmuren. Løysninga er å heise skipa opp og frakta dei i lufta.

Ein plansje som viser kranbanen i taket der skipa vil bli frakta inn i det nye vikingtidsmuseet.

KRANBANE: Plansjen viser dei såkalla A-rammene som vil bli forankra i veggen. Dei skal bere kranbanen der skipa vil bli heist opp og frakta inn i nytt museum.

Foto: Helga Tunheim / NRK

– Rammer oss uheldig

Leiinga ved kulturhistorisk museum, som Vikingtidsmuseet er ein del av, er uroa over den veldige budsjettauken i den posten som omhandlar flytting av skipa.

– Nå har vi stor forståing for at det har vore vanskeleg å stipulere. Vi er også opptekne av at dette blir godt i varetatt, seier direktør for kulturhistorisk museum Aud Tønnessen.

Heile sikringsprosjektet, som sjølve flyttinga er ein del av, hadde i 2022 eit budsjett på 464 millionar kroner. I april året etter auka denne posten til 825 millionar kroner.

For å finansiere dei auka kostnadene i forbindelse med flyttinga har Statsbygg fått ja frå regjeringa til å hente 350 millionar frå ein buffer, pengar kulturhistorisk museum og direktør Aud Tønnessen gjerne skulle brukt til andre ting.

– Det som er problemet sett frå vår side, er at vi blir sittande igjen med ein del av museet som ikkje blir ferdigstilt, og som vi skal finansiere. Og akkurat nå opplever vi at det er vanskeleg å få politisk gehør for det, seier Tønnessen.

I 2022 gjorde regjeringa ein rekke kutt i det planlagde vikingtidsmuseet. Kutta er knytt til publikumsareal, laboratorium og areal for handtering av dei fleire tusen andre vikinggjenstandane.

– Får ikkje alt på ønskelista

Forskings- og høgare utdanningsminister, Oddmund Hoel seier derimot at kostnadssprekken knytt til flytting av skipa ikkje vil gå ut over andre ting i prosjektet.

– Fordi sikkerheita til samlingane er så kritisk og så viktig så har vi sagt ja til å bruke 350 millionar av bufferen som alt er sett av til uføresette kostnader. Men det får ingen konsekvensar for andre deler av prosjektet, meiner Hoel.

Like fullt er situasjonen nå at kutta som blei gjort i 2022 langt unna å bli realisert.

– Vi forstår at dei som skal bruke bygget gjerne vil ha oppfylt alle punkta på ønskelista, men sånn er det ikkje. Vi får likevel eit heilt fantastisk bygg som vil gjere den norske kulturskatten tilgjengeleg for både nordmenn og utlendingar på ein helt ny og flott måte, seier Hoel.

Publisert 23.08.2024, kl. 06.51

Read Entire Article