Vil ikkje frikjenne Sissel Knutsen Hegdal frå ordførarvervet

2 weeks ago 11



Det er over ein månad sidan stavangerordføraren varsla at ho ville trekke seg etter å ha brukt partimiddel til private formål.

Det er no avklart at ordføraren har sendt inn søknad om avskjed, og kven partiet peiker på som etterfølger.

Men det er framleis eitt spørsmål som står att:

Får Sissel Knutsen Hegdal lov til å trekke seg?

For lovverket har nemleg strenge reglar for kva som må til for at folkevalde i Noreg skal få lov til å trekke seg.

Saka skal etter planen til behandling i bystyret måndag 14. oktober, men fleire har allereie varsla at dei ikkje vil gi Knutsen Hegdal fritak frå ordførarvervet.

Rødt og MDG vil ikkje godkjenne søknaden

– Det som er oppgitt som gyldig årsak i kommunelova, er ikkje tråd med søknaden, seier gruppeleiar Sara Nustad Mauland i Rødt.

Rødt leder, Sara Nustad Mauland, på Rødt sin valgvake 2023.

Sara Nustad Mauland i Rødt seier søknaden no ikkje er i tråd med kommunelova.

Foto: Erik Waage / NRK

Ho fortel at dei ikkje vil godkjenne fritakssøknaden til Knutsen Hegdal. Kriteria for at folkevalde skal kunne fråtre frå verv er strenge i Noreg, presiserer Nustad Mauland.

Gruppeleiar Daria Maria Szymaniuk i MDG seier at dei på gruppemøte i går tok ei avgjerd om at dei ikkje vil godkjenne fritakssøknaden slik han er no.

Daria Maria Szymaniuk

Daria Maria Szymaniuk er gruppeleiar for MDG i Stavanger.

Foto: Dan Uneken / MDG

– Viss det kjem ein meir utfyllande søknad frå sittande ordførar, vil vi sjølvsagt vurdere søknaden på nytt, seier ho til NRK tysdag.

Ingen vesentleg ulempe

Når ein har gått til val for eit verv i ein kommune, så har ein forplikta seg for heile valperioden. Ein kan ikkje fritt tre ut av vervet fordi ein ikkje lenger har lyst til å vere der, forklarer professor emeritus Jan Fridthjof Bernt ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen (UiB).

Jan Fridthjof Bernt

Jan Fridthjof Bernt er professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Han har gitt ut ei rekke bøker innan blant anna forvaltningsrett og kommunalrett.

Foto: Åge Algerøy

– Men så kan ein folkevalt søke kommunestyret om å bli fritatt for vervet. Då er det kommunestyret som avgjer om det er god nok grunn til det, forklarar han.

Ifølge kommunelova § 7–9 er det berre når vervet fører til «vesentleg ulempe» at den folkevalde kan bli fritatt frå vervet.

Det er nettopp denne formuleringa som har skapt problem i Stavanger. Ordføraren har nemleg ikkje oppgitt at det er ein vesentleg ulempe for ho å halde fram.

Kommunedirektøren har derfor innstilt å ikkje innvilge fritak frå ordførarvervet for Sissel Knutsen Hegdal.

– Det er ei formulering som er veldig rund, som gir plass til å ta inn mange typar omsyn. Ikkje berre det reint arbeidsmessige, forklarar jussprofessoren. Han held fram:

– Ein kan til dømes komme i ein situasjon der det av politiske grunner er vanskeleg eller umogeleg å utføre vervet tilfredsstillande. Dette er særleg aktuelt for ein ordførar eller andre som er valde til eit leiarverv.

Bystyret har siste ord

Ifølge Nustad Mauland i Rødt er det nettopp termen «vesentleg ulempe» som skapar problem.

– Politisk har vi ingen problem med at ho går av, men juridisk må vi behandle denne søknaden på lik linje med andre fritakssøknadar, seier ho.

Når det kjem til behandlinga av fritakssøknaden er det Stavanger bystyre som har siste ordet. Dei kan velje å innfri søknaden trass i kommunedirektøren si innstilling.

– Kommunedirektørens innstilling er berre ein fagjuridisk vurdering av om det er ein god nok grunn, forklarar Jan Fridthjof Bernt.

Det er opp til kommunestyret om dei vil følgje denne, eller likevel gje fritak. Men, då risikerer dei at nokon set fram krav om at statsforvaltaren kontrollerer lovlegheita til vedtaket.

– Det skal skje viss tre av kommunestyremedlemmene ber om det, eller viss Statsforvalteren sjølv meiner det er grunn til å vurdere om eit vedtak om fritak er lovleg, held jusprofessoren fram.

Fleire skal ha gruppemøte i morgon

Fleire av gruppeleiarane i bystyret som NRK har snakka med, oppgir at dei ikkje endå har bestemt seg for korleis dei vil stille seg i forhold til fritakssøknaden.

Gruppeleiarane for Arbeidarpartiet, Høgre, KrF, Venstre og SV seier dei skal ha gruppemøte onsdag for å diskutere saka. Eirik Sakariassen i SV seier dei mellom anna vil vurdere om dei skal utsette saka.

Budsjettmøte i Stavanger, med flertallet og opposisjonen. Henrik Halleland (KrF) og Dag Mossige (Ap) var blant deltakerne.

Budsjettmøte i Stavanger, med fleirtalet og opposisjonen. Henrik Halleland (KrF) og Dag Mossige (Ap) var blant deltakarane.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Gruppeleiarane i Sp og INP seier dei er innstilt på å gi Sissel Knutsen Hegdal fritak.

Gruppeleiar i Frp seier dei ønsker å følge opp Hegdals ønske om å fråtre, men at ho bør rette opp i ordlyden i tråd med innvendingane frå kommunedirektøren. Gruppeleiar i Pensjonistpartiet seier at dei også kjem til å imøtekomme søknaden, men at dei ventar ein revidert søknad på bordet innan måndag.

– Bergen hadde monopol på slike politiske viderverdigheiter

– I storbysamanheng i Noreg er dette ei ganske unik sak. Det pleidde jo vere Bergen som hadde monopol på slike politiske viderverdigheiter, men nå har Stavanger gjort veldige byks fram på kontroversskalaen, seier Harald Birkevold, politisk redaktør i Stavanger Aftenblad.

Saka skal etter planen til behandling i bystyret kommande måndag 14. oktober. Dette er likevel ikkje heilt sikkert.

– Det er nokre folkevalde som lurer på om det ville vore lurt å utsette heile saka til neste bystyremøte i november. Årsaka er at ein vil ha meir informasjon, forklarar Birkevold.

Viss Sissel Knutsen Hegdal får lov til å trekke seg, blir neste steg i stavangerpolitikken å finne ein etterfølgar. Høgres ordførarkandidat Tormod Losnedal er klar favoritt.

Harald Birkevold i Stavanger Aftenblad

Politisk redaktør Harald Birkevold i Stavanger Aftenblad.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Høgre har saman med partia som styrer byen no knappast mogleg fleirtal, med 34 mot 33 representantar.

Harald Birkevold seier at bystyret i Stavanger no er ein ganske unik situasjon, der det berre er ein stemme som skil dei to blokkene frå kvarandre.

– Ein kan hamne i ein situasjon der det blir stemmelikskap. Viss berre ein som sit i bystyret vel å stemme blankt, og det blir 33–33. Då seier kommunelova at det neste som skjer er mynt og kron, seier Birkevold.

Vi kan i teorien hamne i ein situasjon der det blir myntkast om kven som får ordføraren. Det har ikkje skjedd før, men denne saka har lært oss at ein ikkje skal utelukke nokon ting, avsluttar han.

Publisert 08.10.2024, kl. 18.02

Read Entire Article