Vil ikkje behandle ordføraren annleis etter vintabbe

1 month ago 18



– I lys av hendinga under kampen mot Røde Stjerne kjem FK Bodø/Glimt til å prioritere tydelegare markering av reglar i Sportsbaren framover, skriv Bodø/Glimt i ei pressemelding på sine eigne nettsider.

Frå tidlegare blir det kommunisert ut til alle gjestar før kvar kamp at alkohol på tribuna ikkje er lov. Det vil altså bli tydelegare presisert, står det i pressemeldinga.

Aspmyra Sportsbar har i fleire sesongar vore drifta som ein møteplass for partnarar, supportarar og andre inviterte.

Etter kampen mot Røde Stjerne vekte ordførar i Bodø, Odd Emil Ingebrigtsen i Høgre, oppsikt etter at han tok med seg vin ut på tribuna.

Han vil ikkje bli behandla noko annleis, presiserer Bodø/Glimt.

– FK Bodø/Glimt har på ingen måte tenkt å behandle ordføraren annleis enn kva ein gjer med andre personar på Aspmyra Stadion, skriv Simen Pettersen og held fram:

– Kjem du til kva som helst inngang på Aspmyra berande på alkohol, blir dette tatt frå deg, og du blir gjort merksam på at det ikkje er tillatt med alkohol inne på tribuna.

Pettersen skriv også at dei ikkje opplever å måtte gi beskjeden til same personar fleire gongar.

Ordføraren har sjølv lagt seg flat og sagt at det heile var ein glipp.

– Eg gløymde meg rett og slett av. Eg skulle ikkje ha tatt det med meg ut, har han sagt til NRK:

Read Entire Article