Gode nordlys-sjansar i kveld – men kvifor ser kameraet det betre enn deg?

3 hours ago 3



– Det er fordi eit kamera er meir følsamt for lys enn auga. Særleg viss du brukar lang lukkartid, så klarer det å fange mykje meir lys enn auga klarer å fange.

Det seier fysikar, vitskapsformidlar og nordlysekspert Veronica Danielsen.

Veronica Danielsen, fysiker.

Veronica Danielsen har skrive boka «Nordlyset – Aurora Borealis, menneskene, mytene og vitenskapen».

Foto: Lina Hindrum

Då rosa og grønt nordlys farga himmelen i går kveld, var det mange som opplevde at dei såg dette betre med mobilen.

– Viss ein har svakt mørkesyn ser ein dårlegare nordlyset. Men, det tar også veldig lang tid å få fram sitt beste nattesyn, så viss du vil sjå nordlys bør du eigentleg sitte ute i mørket, utan å sjå på mobilen, seier Danielsen.

Har du blitt skuffa av å sjå nordlys?

Meir nordlys i vente

Viss ein skulle sett nordlys betre med augo, burde ein ifølge Danielsen, kome seg ut av sentrum, til ein stad det ikkje er så mykje lysforureining.

– Og sjå mot nord. Iallfall om ein er i Bergen. Er ein på Svalbard må ein nokre gonger sjå mot sør, seier Danielsen.

Knæsj rosa Nordlys over Vassenden i Jølster.

Rosa nordlys skein på himmelen over Vassenden i Jølster i Vestland fylke den 10. oktober.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Timingen er også viktig.

Nokre har appar som varslar når det kan kome nordlys, men Danielsen fortel det er størst sjanse for nordlys rundt haustjamdøgn og vårjamdøgn.

Altså i månadsskiftet september/oktober og mars/april.

– Ikkje midt på vinteren, som ein kanskje trur. Akkurat no er ei ganske bra tid.

– Bur ein i Nord-Noreg er det sjanse heile året på haust, vinter og vår, men under haustjamdøgn og vårjamdøgn skal det mindre solstormar til for at det blir effekt.

– Fredag kveld kan det bli ein del nordlys, men ikkje så kraftig som i går, seier fagsjef ved Norsk Romforskning, Pål Brekke.

  • Nordlys i Lønborglien i Bergen.

    Nordlys i Lønborglien i Bergen.

    Foto: Jan Børge Leirvik / NRK
  • Rosa nordlys observert på Sotra

    Rosa nordlys fanga av kamera på Sotra i Øygarden i Vestland.

    Foto: Pia Nærø
  • Nordlys over Vassenden i Jølster.

    Rosa og grønt Nordlys over Jølster i Vestland.

    Foto: Oddleif Løset / NRK
  • Nordlys, fotografert i Knarvik utenfor Bergen

    Rosa og grønt nordlys fanga av eit kamera, i Knarvik utanfor Bergen.

    Foto: Tiril Tveito
  • Nordlys fra Nordnes i Bergen.

    Nordlys frå Nordnes i Bergen.

    Foto: Christel Higraff / NRK
  • Nordlys i Bergen

    Fotografen av dette biletet meiner kameraet fanga nordlyset betre enn kva auget kunne sjå.

    Foto: NRK-tipsar

I går var det ein KP-indeks på 8 av totalt 9. Med ein KP-indeks på 4 i kveld, ser det mørkt ut sør for Midt-Noreg, seier Brekke.

Men det kjem mykje godt i vente for nordlys-entusiastar framover, seier han.

– Me får no to-tre år framover med masse nordlys, sånn som vi har sett nå de siste ukene her sør også.

Fekk mykje reaksjonar

Anna T. Takle

Anna Takle er fotograf og har over 70.000 følgarar på Instagram.

Foto: Anna T. Takle

Fotograf Anna Takle fanga også nordlyset i Bergen i går.

– Først syntest eg at det begynte nokså svakt. Det var berre nokre strekar på himmelen. Då eg tok opp mobilen såg eg at det blei grønt og litt rosa, seier Takle.

Sjølv brukte ho ein iphone med nattmodus og lang lukkartid for å fange nordlyset.

  • Nordlys i Bergen

    Utover kvelden blei det meir nordlys, og fotograf Anna T. Takle fanga dette med mobilen.

    Foto: Anna T. Takle
  • Rosa nordlys i Bergen.

    Takle fekk mange reaksjonar på bileta ho la ut.

    Foto: Anna T. Takle
  • Nordlys i Bergen.

    – Det var veldig mange utanlandske, som skal kome til Bergen, som spør akkurat om den plassen eg stod på. Då trur dei at viss dei står på den plassen, så vil dei sjå nordlys. Men, i går trur eg du ville sett det over heile Bergen, seier Takle.

    Foto: Anna T. Takle

– Mobilen med innebygd nattmodus fangar opp mykje meir lys enn kva du ser. Mobilen tar også lang lukkartid, og då klarer den også å fange meir enn auget ser.

– Aller helst bør ein bruke eit kamera der ein kan stille inn på blendar, iso, og lang lukkartid sjølv. Men, i dag kan ein få veldig bra bilete ved å bruke mobilen. Stabilisatoren gjer at ein kan ta bilete når ein held mobilen, utan å bruke stativ.

– Er det juks å redigere nordlysbilete etterpå?

– Ja, viss du legg på noko, vil eg seie det er juks. Eg tar mine bilete i RAW og hentar tilbake fargane, og då meiner eg det ikkje er juks. Så lenge du ikkje legg på noko som ikkje er der frå før, så tenker eg det er innafor.

Nordlys over Bergen
Nordlys over Bergen

Bilete fanga av kamera og redigert bilete. Er det juks å redigere?

Kari Nygard Tvilde

– Rosa er sjeldan

Nordlysekspert Veronica Danielsen var også ute og såg på det rosa nordlyset i bergensområdet i går kveld.

Skal ein få med seg dette, må ein vere på rett stad til rett tid.

– Rosa nordlys er ganske sjeldan, seier Danielsen.

Ho fortel at dei forskjellige fargane på nordlyset kjem frå ulike gassar i atmosfæren, i kvar sine høgder.

– Det rosa nordlyset kjem frå nitrogengass, som er cirka på 80 til 100 kilometer over bakken. Det er ikkje så ofte at solvindpartiklane, dei som set i gang nordlyset, kjem seg så langt ned i atmosfæren.

– Dei som har fått med seg dette, er veldig heldige.

Publisert 11.10.2024, kl. 19.14

Read Entire Article