Vil ha «utskjelte» Dæhli tilbake på landslaget

1 month ago 39



– Eg hadde tatt han med, seier Åge Hareide.

Tysdag presenterer landslagssjef Ståle Solbakken troppen som skal møte Tsjekkia og Slovakia mot slutten av mars.

Der gjør Solbakken lurt i å gje Patrick Berg konkurranse om plassen på den sentrale midtbanen, meiner Hareide.

I comebacket for Molde har Mats Møller Dæhli levert sterkt mot internasjonal motstand. Derfor trur Hareide at midtbanespelaren no kjem tilbake på landslaget.

– I den posisjonen kan han faktisk ta opp kampen med Berg, seier Hareide.

Mads Møller Dæhli mot Legia Warszawa i serieligaen

FÅR SKRYT: Åge Hareide er imponert over det Mats Møller Dæhli leverte mot Legia Warszawa og Club Brügge.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Ekstremt god

Enkelte meiner at Møller Dæhli har blitt behandla respektlaust dei siste åra.

Nyleg tok TV2s ekspert Yaw Amankwah opp temaet i podkasten «Spiss Vinkel».

Der sa han at Dæhli har blitt latterleggjort og reagerte sterkt på korleis fleire norske fotballfans skal ha omtala Møller Dæhli:

– At han er ein ferdig spelar og ein sånn «happy go lucky»-spelar som har forvilla seg inn på landslaget. Eg synst det er ei skam, sa Amankwah om omtalen.

Fotballeksperten meiner Møller Dæhli er ein av dei smartaste fotballspelarane med norsk pass.

Det meiner også Hareide, som viser til Dæhlis sterke spel i hans siste kamp. I førre veke slo Molde belgiske Brügge 2-1 i europacupen.

– Dæhli var ekstremt god. No har han fått vist seg fram i Europa. Det har vore nyttig, seier Hareide.

Før returen til Molde spelte Dæhli for Nürnberg og Genk.

– Han har kanskje ikkje vore så mykje i rampelyset som ein del andre spelarar.

4 runde i cupen mellom Viking og Rosenborg

IKKJE OVERRASKA: Åge Hareide seier til NRK at han ikkje er overraska dersom Mats Møller Dæhli er med i neste landslagstropp.

Foto: Carina Johansen / NTB

Usikker trenar

Trenar Erling Moe seier at den sentrale midtbanestrategen Dæhli også møtte skepsis i Molde.

– Han tente veldig på måten vi hadde tenkt til å bruke han. Eg veit at det var tvilarar der ute som stilte spørsmål rundt det, men der har vi vore trygge, seier Moe.

– Bør han inn på landslaget igjen?

– Det trur eg dei har kontroll på. Han har jo vore lenge i troppen.

– Men i den rolla?

– Eg synst det hadde vore fantastisk om han fekk vere her heime i landslagspausen og finpussa mot seriestart. Dette har heilt sikkert Ståle (Solbakken) god kontroll på. Men at han er bra, og utfører den rolla på den måten vi ønsker at den skal utførast på, det er vi glade for, seier Moe.

Erling Moe

MEKTIG IMPONERT MOE: Molde-trenar Erling Moe er glad for at Mats Møller Dæhli har funne seg så raskt til rette i Molde.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Sunt

Hareide meiner Dæhli uansett har eit godt grunnlag for å briljere i Molde.

Han kallar Dæhli for årets kjøp i eliteserien.

Og kanskje blir 28-åringen årets utfordrar på landslaget.

– Det er jo berre sunt med god konkurranse. Han har litt av dei same eigenskapane som Patrick Berg også. Han er kjapp i beina, har funksjonell teknikk og speler framover når han kan spele framover, seier Hareide.

Han har latt seg imponere av desse kvalitetane hos Dæhli:

  • God som stabiliserande og ballfordelande brikke bak på Moldes midtbane
  • Teknisk sterk med begge bein.
  • Kan snu spelet raskt på midtbanen

– Det er utruleg verdifullt i internasjonale oppgjer å kunne spele diagonalt gjennom motstandaren som Mads gjør, seier Hareide.

Patrick Berg under pressemøte på Aspmyra før kampen mot Bohemians.

KONKURRENT: Kan Patrick Berg få konkurranse på landslaget? Ja, meiner Åge Hareide.

Foto: Kasper Holgersen / NRK
Read Entire Article