Vil ha kraftproduksjon i verna vassdrag

1 month ago 23



Philip Hofgaard

Vatnet får sildre fritt mot elva Kilåi i Fyresdal.

Inga menneskebygd demning har kontroll over vasskrafta.

Elvene Kilåi og Djupsåna er del av kring 400 verna vassdrag i Noreg.

Sylvi Listhaug står ved vannet i Tokke og ser opp på Tokke kraftverk

Hans Philip Hofgaard / NRK

Det vil Frp-leiaren endre på.

Kilåi gjennom Haukedalen

Hans Philip Hofgaard / NRK

Frp og Høgre vil opne verna vassdrag for kraftproduksjon for å hindre kraftunderskot.

Framstegspartiet-leiar Sylvi Listhaug har teke turen til Tokke kraftverk på Dalen. Her blir det laga straum frå kreftene i vassdrag med utspring frå Vinjevatnet.

Slikt ønskjer ho meir av. Listhaug ønskjer ei storsatsing på norsk vasskraft – og vil røre dei 389 verna vassdraga her i landet.

Sylvi Listhaug gjør seg klar for å bøte mye bråk

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

– Vasskraft har bygd Noreg, og vi meiner vi skal byggje ut vasskrafta vidare, slik at vi kan få auka tilgang til kraft, seier Listhaug.

– Mange vernet på 60-talet

Ho meiner anlegget på Tokke symboliserer ei svunnen tid i norsk industrihistorie.

For medan andre peiker på vindkraft som løysing på å forhindre kraftunderskot på kort sikt, meiner Listhaug løysinga er på oppgradere eksisterande kraftverk og sjå på nye utbyggingar i verna vassdrag.

– Vi må byggje meir og då er det vasskraft som er vår løysing, seier ho, som meiner at vindkraft raserer naturen.

Energikommisjonen har peika på at Noreg treng «minst 40 terawattimar (TWh)» ekstra innan 2030.

For å setje det i samanheng: Tokke kraftverk produserer kring 2,35 TWh årleg, ifølgje Statkraft. Altså treng ein kring 17 tilsvarande kraftverk for å oppnå målet.

– Men desse verna vassdraga er jo verna av ein grunn då?

– Ja, men det har jo skjedd ei utvikling sidan vi gjorde det. Mange av desse var jo verna på 60-talet, seier Listhaug, og legg vekt på at dei vil byggje ut på ein skånsam måte.

– Treng meir

Summen av svært høge straumprisar, grøn omstilling og flaumfare gjorde at fleire parti opna for bygging i verna vassdrag for eit par år sidan.

Frp røysta for dette i Stortinget allereie i 2021.

Året etter sette Høgre fyr på debatten, då også dei opna for bygging i verna vassdrag. Høgre står no på sitt.

Energipolitisk talsperson Bård Ludvig Thorheim meiner verneplanane i si tid vart malte med brei pensel.

– Når vi no treng mykje meir kraft, så meiner vi at vi kan sjå på dei stadane der ein sa full stopp utan nokon god grunn, og sjå om vi kan byggje ut på ein måte som tek vare på naturen, seier Thorheim.

Bård Ludvig Thorheim

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

– Skal vi droppe å bygge ut vindkraft og solkraft då?

– Nei, dette vil vere i tillegg til. Med eit fornybarsamfunn, så er det også viktig med den regulerbare vasskrafta. Den treng vi meir av, seier Thorheim.

I sommar vart titals elver stengde for fiske, som følgje av uvanleg lite laks i elvene.

– Vil ikkje det å gripe inn i enda fleire vassdrag berre legge stein til byrda?

– Vi har fleire eksempel på at kraftverk har bidrege til ei betre lakseelv. I nyare tid har vi klart å bygge ut på ein forsvarleg måte for naturen, seier Thorheim, som sjølv er ivrig laksefiskar.

– Lokalsamfunn ønskjer vasskraft

I Tokke kommune nyt innbyggjarane godt av ein makspris på straum på 38 øre per kilowattime.

Ved å opne fleire vassdrag for kraftproduksjon, vil Listhaug sikre fleire i Noreg tilgang på stabil kraft og kraftprisar.

Dalen i Tokke

Listhaug ser på eit bilde av då statsminister Einar Gerhardsen trykte på startknappen i Tokke kraftverk i 1961. Den gong gjekk Noreg frå straumrasjonering til å bli ein krafteksportør. Spørsmålet er om Listhaug får det politiske Noreg med seg på ei ny storsatsing på vasskraft.

Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK

Ho meiner kommunane vil vere meir positive til utbygging av vasskraft enn vindkraft.

Også Thorheim meiner det er stort engasjement blant ordførarar for meir vasskraft.

– Eg veit om fleire lokalsamfunn kor dei sterkt ønskjer vasskraft, seier Thorheim, og peiker blant anna på Verdalsvassdraget.

– Regjeringa bør lytte til sine lokale tillitsvalde, som ønskjer nettopp dette.

I 2021 røysta både regjeringspartiet Senterpartiet og Frp for å opne verna vassdrag for kraftproduksjon.

– Høyrer fortida til

– Dette er eit slag i lufta spesielt frå Frp, men no også Høgre.

Slår energiminister Terje Aasland (Ap) fast.

– Dei har jo sete åtte år i regjering, og dei har ikkje løfta ein finger for å gjennomføre noko av det. Vi veit også at støttepartia Venstre og KrF ikkje ønskjer dette.

Aasland nemner at NVE allereie er i gang med å sjå på alle dei verna vassdraga i Noreg.

I sin nyttårstale inn i året 2001 sa dåverande statsminister Jens Stoltenberg at «tida for nye store kraftutbyggingar i Noreg er over», og peika på vasskraft.

Bombetrussel mot Stortinget

Foto: Gorm Kallestad / NTB

No har likevel Ap-minister Aasland og regjeringa opna for kraftutbygging i enkelte verna vassdrag, men berre der det kan bidra til flaumsikring.

– Eg meiner vi skal ta vare på den vassdragsnaturen vi har. Vasskraftutbygging meiner eg høyrer fortida til.

– Vi har alternativ som er betre samla sett med havvind, oppgraderingar av vasskraftverk og skånsam utbygging av vindkraft på land, seier Aasland.

Publisert 30.09.2024, kl. 18.43

Read Entire Article