Vil gi kvinner mensfri med lønn: – Kjenner meg som eit gigantisk blåmerke

2 weeks ago 24



– Det skal ikkje vere ei vesentleg ulempe å vere kvinne og menstruerande, seier Lan Marie Berg, stortingsrepresentant i MDG.

Noreg bør gjere som Spania og gi kvinner med sterke mensplager mensfri med lønn, meiner Berg.

Det bør vurderast om menstruande bør få fleire eigenmeldingsdagar viss dei har legeerklæring på at dei har sterke kronisk smerter, seier ho.

Dette vil ho foreslå for Stortinget i haust.

– Det er ein god idé for å gjere det enklare for fleire å halde ut i skole og jobb, seier Berg.

Lan Marie Berg i MDG står i en korridor på Stortinget og har på seg en stripete bluse og ser mot en person.

Lan Marie Berg i MDG.

Foto: William Jobling / NRK

– Det handlar rett og slett om å ta kvinnehelse på alvor. Det har ikkje helsesektoren og arbeidsgivarar i Noreg i stor grad gjort fordi vi ikkje har hatt ein god diskusjon om det, seier ho.

Nyleg skreiv NRK om at 8 av 10 jenter på vidaregåande har menssmerter, og halvparten av desse har vore borte frå skolen på grunn av smerter.

Menssmerter bør vurderast som gyldig fråvær i nye fråværsreglar, meiner Berg.

– Når regjeringa skal ta stilling til nye fråværsreglar i haust, bør dei vurdere menssmerter som gyldig fråvær utover fråværsgrensene utan behov for legeerklæring kvar gong, seier Berg.

Har du vært borte fra skolen eller jobb på grunn av mensen?

Meiner lovfesta fridagar vil hjelpe

– Eg kjenner meg eigentleg som eit gigantisk blåmerke, seier Maia.

24-åringen fekk sterke mensplager då ho var 15. Hormonbehandling førte til at ho mista mensen, men no slit ho med kroniske smerter i livmora.

På det verste er ho fullstendig sengeliggande med sterke smerter i livmor, blæra, korsryggen og nedover beina.

Smertene kan komme plutseleg og endre seg frå dag til dag.

– Ein kjenner seg veldig sårbar. Det er spesielt i situasjonar der det oppstår veldig plutseleg og det ikkje passar å ha eit lite samanbrot. Men ein blir veldig flink til å skjule smertene over tid, fortel ho.

Maia jobbar som grafisk designar og illustratør i ei lita bedrift.

Ho fungerer i jobben fordi ho har ein arbeidsgivar som forstår situasjonen.

– Eg har kjent meg trygg og varetatt i arbeidssituasjonen min. Eg har vore open om korleis eg har det, og på den måten fått tilrettelegging og høve til å jobbe heimanfrå, seier ho.

Ho meiner det ville hjelpt kvinner som henne å ha lovfesta rettar til ekstra fridagar når ein har sterke og kroniske mensplager.

– Det kan ikkje berre vere sånn at du får tilrettelagt arbeidsplass fordi sjefen synest synd på deg, seier ho.

NRK har vore i kontakt med fleire kvinner med sterke mensplager som meiner mensfri er ein god løysing:

  • Meriem Saleem smiler mot kameraet.

    Meriem Saleem (34), veileder i Nav

    Jeg har til tider gått til jobben med varmepose som følge av intense smerter. Jeg har vært åpen om min helsesituasjon og hvordan min arbeidsevne er påvirket når jeg har sterke menstruasjonssmerter. Jeg har blitt møtt med full forståelse av min nærmeste leder, og derfor fått tilrettelegging i form av hjemmekontor den dagen jeg har akutt magesmerter. Jeg kan ikke bruke smertestillende på grunn av magesår.

  • Siv Kristin Kongsrud har tatt en selfie og smiler til mobilkameraet i sort t-skjorte.

    Siv Kristin Kongsrud (29), barnehagelærer

    Jeg har både endometriose og adenomyose. Dette har påvirket hverdagen min siden jeg gikk på ungdomsskolen. Jeg har kroniske smerter, spesielt i buken, rundt livmor og tarm. Vi som jobber i barnehage har ikke mulighet å trekke oss unna på jobb om smertene blir store. Bare det å gå fra for å skifte bind og tamponger på grunn av store blødninger er en utfordring. Det som hadde fungert er å få inn andre rettigheter for kvinner generelt i slike yrker. 

  • Sare Elise Holtren til sak om mensen.

    Sara Elise Holtren (25), fagarbeider i barnehage

    Jeg har hatt endometriose siden jeg var 12 år, og blitt operert tre ganger med kikhulsoperasjon. Jeg har vært i 100 prosent jobb siden jeg var 19, men slitt mye med å samkjøre jobb og en kronisk sykdom. Det er vanskelig fordi det ikke er tilrettelagt på en god måte å kunne være i jobb hvis man er syk. Å gå med intense smerter er ingen dans på roser. Det er heller ikke kapasitet til å gå ifra for å bytte bind eller tampong. 

Endometriose er ein kronisk tilstand der vev av liknande type som slimhinna i livmora, veks utanfor livmora.

NRK har komme i kontakt med kvinnene gjennom Endometrioseforeningen.

Har rettar i dag

Tal frå Nav viser at menstruasjonsrelatert sjukefråvær utgjorde 44.442 tapte årsverk i fjor.

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) har uttalt til Dagens Næringsliv at arbeidsgivarar bør gi kvinner mens- og hetetokttilpassingar, for å få sjukefråværet ned.

Berg meiner det bør vurderast som ein lovfesta rett.

– Det er viktig å ha tydeleg rammar. Eg er ikkje sikker på om ei oppfordring frå arbeidsministeren er nok, seier ho.

Arbeids- og integreringsdepartementet svarer i ein e-post til NRK at rammeverket i dag gir høve til å tilpasse arbeidet til tilsetjast helse.

Per Olav Skurdal Hopsø har på seg hvit skjorte, mørk blazer og briller. Han ser mot kameraet og smiler litt.

Statssekretær Per Olav Skurdal Hopsø.

Foto: Peder Martin Bergholt / NRK

– Arbeidet skal så langt det er mogleg leggast til rette for arbeidstakarar med redusert arbeidsevne, seier Per Olav Skurdal Hopsø.

Han er statssekretær i Arbeids- og integreringsdepartementet.

Sjukelønnsordninga gir også rett til å vere borte frå jobb med full lønn viss ein ikkje kan jobbe på grunn av sjukdom, påpeikar han.

– Drastisk med automatisk rett

NHO meiner det ikkje er ein god idé å innføre mensfri.

– Eg tenker at det drastisk å innføre ein automatisk rett også no som vi slit med eit høgt sjukefråvær, seier regiondirektør i NHO Vestfold og Telemark, Kristin Saga.

Regionleder Kristin Saga i NHO i Vestfold og Telemark står ved siden av en murbygning og ser mot kameraet. Hun har skjerf i halsen og smiler litt.

Regionleiar i NHO Vestfold og Telemark, Kristin Saga.

Foto: Hege Therese Holtung / NRK

Ho meiner dagens ordningar med sjukelønn og eigenmelding varetar behovet for kvinner som slit med å gå på jobb på grunn av menssmerter.

– Det er legen til den enkelte som vurderer om ein treng ei sjukmelding, i tillegg har vi eigenmeldingsdagar som kan brukast, seier Saga.

– Kan det ikkje bety at kvinner med smerter klarer å stå betre i jobb viss dei får høve til to eigenmeldingsdagar i månaden?

– Vi kan jo sjukmelde oss sjølve uavhengig av årsak, og da blir det litt spesielt å skulle ha spesialordningar for enkeltdiagnosar. Da kan vi plutseleg få ein diskusjon om andre diagnosar òg, seier ho.

Saga meiner eit godt samarbeid mellom leiing og tilsette kan legge til rette for dette.

– Både medarbeidarar og leiarar har eit stort ansvar for å legge til rette for at ressursane og arbeidskvardagen til den enkelte blir mest mogleg varetatte, seier Saga.

Regjeringa har sett ned eit utval som skal sjå på kvinners helse på jobb, og forslag til tiltak skal leverast innan 1. april 2025.

Publisert 16.09.2024, kl. 14.07 Oppdatert 16.09.2024, kl. 14.18

Read Entire Article