Vil endre namn på skulen etter fleire år med systematisk samehets

2 weeks ago 20



Lågå sámegiellaj.

Utestenging og skjellsord har vore ein del av skulekvardagen til mange samiske elevar ved Knut Hamsun vidaregåande skule i Hamarøy.

Onsdag kveld arrangerte fylkeskommunen eit forsoningsmøte, der fleire tidlegare elevar møtte opp og fekk fortelje om skulekvardagen sin.

– Vi kunne bli kalla for «jævla lappar». Eg hugsar at dei trekte for gardinene og låste dørene på hyblane da dei hadde fest ein gong. Slike ting, fortalde tidlegare elev Benedikte Eriksen.

Og ein viktig del av møtet var namnet på skulen.

«Hvorfor har vgs tatt rasisten Knut Hamsuns navn?», stod det på eitt av punkta.

No vil Nordland fylkeskommune endre namn på skulen, som er eit av fleire tiltak for å gjere ting betre.

Og då fylkesråd for utdanning og kompetanse i Nordland, Joakim Sennesvik (H), fortalde nyheita på møtet, blei han møtt med stor applaus.

– Til namnet Knut Hamsun er det knytt politiske ståstad som vi ser kanskje særleg i ein prosess som det her, i alle fall ikkje bidrar til at ein skal kunne få til ei forsoning.

Kva for haldning hadde Hamsun til samar i bøkene sine? Les meir lenger ned i saka.

Rasistisk syn på samane

Knut Hamsun kom frå garden Hamsund i Hamarøy og er ein av Noregs fremste romanforfattarar. Men han var også kontroversiell. I for eksempel Markens grøde frå 1917 er det mange som meiner at diktaren hadde eit rasistisk syn på samane.

– Det er eit ønske frå det samiske. Spesielt med tanke på kva Knut Hamsun skreiv om det samiske. Dei synest ikkje det er greitt, og da må vi sette i gang ein prosess for å skifte namn på skulen, seier fylkesrådsleiar, Svein Øien Eggesvik (Sp).

Dei har ikkje eit nytt namn klart enno, men Eggesvik seier dei vil starte prosessen med å finne eit ganske snart.

– Vi er nøye på at vi vil ha ein ordentleg prosess på det, så då vil vi få inn forslag på namn og diskutere det politisk.

Knut Hamsun videregående skole - joarkkaskåvllå

Fylkeskommunen vil endre namn på den vidaregåande skulen i Hamarøy.

Foto: Simon Piera Paulsen

Eggesvik var også opptatt av å seie unnskyld for at dei tidlegare samiske elevane ved skulen har opplevd samehets over fleire år.

– Det har vore systematisk gjennomført. Og på vegner av heile Nordland fylkeskommune så vil eg av heile mitt hjarte seie, unnskyld, sa fylkesrådsleiaren til salen onsdags kveld.

– Kjente seg utrygg

Trakassering har vore ein del av kvardagen dei samiske elevane ved skulen i fleire tiår.

Tidlegare elev, Peggy Øvervoll opplevde å få namnet sitt på ei hatliste som hang rundt omkring på skulen. Der var også andre samiske elevar namngitt.

– Det gjorde noko med meg. Ein kjenner seg såra og skuffa, seier ho.

Øvervoll hadde ei oppfatning av at dei som laga lista ville gjere dei vondt.

– Ein kjente seg utrygg, seier ho og legg til:

– Eg skjønner ikkje at skulen tillét elevane å lage ei sånn liste som gjorde at det blei utrygt for mange elevar.

Peggy Øvervoll har svart hår og rød topp på seg, og hun står ved siden av Miriam Paulsen med brunt hår og ikledd sort skjorte. De står begge inne i et furukledd rom.

Peggy Øvervoll og Miriam Paulsen fortalde begge to om dei vonde opplevingane dei har hatt på Knut Hamsun vidaregåande skule.

Foto: Vetle Knutsen / NRK

Miriam Paulsen fortalde også korleis ho som tidlegare elev ved skulen kjente på skam og det å bli latterleggjort fordi ho var same.

– Vi blei nekta å snakke samisk på skulen. Vi som samar blei ikkje verdsett. Språket vårt blei ikkje verdsett. Kulturen vår blei ikkje verdsett. Utsjånaden vårt blei også rakka ned på.

Ho seier at desse opplevingane har sett spor i henne.

Kor kritisk var han til samane?

Ståle Dingstad er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo, og har skrive boka «Knut Hamsun og det norske Holocaust».

Han fortel at det var forskjell mellom Hamsuns personlege haldningar til samar og korleis har skildra samane i bøkene sine.

Hamsuns haldning til samane var nok noko delt. Han vaks opp på Hamarøy og kom att då han skreiv dramaet Munken Vendt (1902). Der omtalar han fleire samar og bor sjølv i ei gamme medan han skriv.

Bokomslag "Knut Hamsun og det norske Holocaust" og Ståle Dingstad

Bokomslag Knut Hamsun og det norske Holocaust og Ståle Dingstad

Foto: Dreyer forlag

Seinare meldte han Johan Turis bok «Muitalus sámiid birra», som kom i 1910, og då er han ganske positiv, seier Dingstad.

Men då han kjøpte seg gard på Hamarøy i 1912 og busette seg der med familien, har han nok fått eit meir negativt syn etter kvart.

Dingstad seier at Hamsun omtalar fleire samar i forfattarskapen, frå Pan (1895) til Men Livet lever (1933). Markens Grøde (1917) har nokre karakteristikkar som er svært rasistiske. Der skriv han for eksempel:

Kor mykje av haldningane var prega av tida han levde i?

Etter våre normer var det nok mange som hadde rasistiske og antisemittiske haldningar. Det kan vi sjå av gamle aviser, til dømes. Men Hamsun blei også i si samtid konfrontert med sine haldningar, og då berre avviste han all kritikk.

Det er ei oppfatning at Hamsun var rasist, stemme det?

Det er ingen tvil om at Hamsun var både antisemitt og rasist. I Amerika-bok si kan vi blant anna lese:

I reiseskildringa I Æventyrland (1904) og i den store romanen Landstrykere (1927) har han fleire utfall mot jødane.

Dei negative haldningane han har til jødar, kjem også tydeleg fram i ei rekke artiklar og brev. Personleg tenker eg at det ikkje er nokon grunn til å kalle opp ein vidaregåande skule etter forfattaren. Derimot er det ein fordel om elevane les litt av det Hamsun skreiv. Det gjer alltid stort rom for diskusjon, seier professor Ståle Dingstad

Vil framheve samisk språk og kultur

Fylkeskommunen kjem også med andre tiltak enn namnebyte.

Dei skal få slutt på mobbinga, og framheve samisk språk og kultur, seier fylkesrådsleiar Eggesvik.

– Sånn at det blir heilt normalt og likestilt med det norske.

Øvervoll og Paulsen er fornøgd med møtet onsdag.

– Det er bra at dei gjer tiltak. For det skal ikkje vere sånn, seier Øvervoll.

– Eg håpar at eg om tre eller fire år kan oppfordre barna mine til å søke seg til denne skulen, seier Paulsen.

Men da må skulen ta innspela på alvor og gjere det samiske til ein naturleg del av kvardagen.

Det har ikkje lykkes NRK å få kommentar frå Knut Hamsun sine etterkommarar.

Publisert 21.09.2024, kl. 08.46

Read Entire Article