– Vil auke presset på Russland

3 hours ago 1



– Vi er samde om å gjere meir enn nokon gong tidlegare for å auke presset på den russiske presidenten Vladimir Putin for å få ein slutt på krigen i Ukraina.

Det seier statsministeren i Storbritannia Keir Starmer etter eit møte i London i den såkalla koalisjonen av villige land.

Også den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj og generalsekretæren i Nato Mark Rutte deltok på møtet.

– Auka press på Russland er ein veg mot fred, seier Zelenskyj. Han oppfordrar til sanksjonar mot alle russiske oljeselskap. Han meiner at Russland ønskjer å bruke den kalde vinteren til å få framgang i angrepa sine mot Ukraina.

Mark Rutte seier at straffetiltaka som USA har innført mot Russland, viser at president Donald Trump forpliktar seg til vidare innsats for å få avslutta krigen.

Read Entire Article