Vi er inne i ein fase der mange land kjempar for å bygge opp konkurransedyktig grøn industri, og Noreg har gode føresetnader på dette området.
Men det er ikkje gitt at det er god næringspolitikk for eit lite land å satse breitt på industriutvikling i alle sektorar som står sentralt i omstillinga til eit klimavenleg samfunn. Dei problema som grøn industri har møtt her i lamdet i det siste, bør utløyse ein debatt om kva som er god næringspolitikk for omstilling til eit miljøvennleg samfunn.
Noreg er eit lite land med ein open økonomi. Spørsmålet er korleis vi skal posisjonere oss i ein situasjon der store tunge aktørar som USA og Kina satsar tungt for å bli dominerande i dei nye grøne marknadene. Volumproduksjon der mange tunge aktørar satsar samtidig, er ikkje alltid det beste utgangspunktet. Det gjeld å finne dei områda der vi kan bygge på vår kompetanse og våre fortrinn i tillegg til å bidra til grøn omstilling nasjonalt og internasjonalt.
Dei økonomiske lovene gjeld også for næringspolitikk for det grøne skiftet.
Ambisjonane om å etablere store batterifabrikkar her i landet har så langt møtt ein bratt motbakke med teknologiutfordringar og hard konkurranse frå land med omfattande statleg industristøtte. Tida vil vise om det er liv laga. Men batteriproduksjon er ikkje berre volumproduksjon av sluttprodukt. Det er også nisjeproduksjon og leveransar til ulike deler av verdikjeden for batteri.
Det grøne skiftet handlar om å redusere utslepp og erstatte fossil energi med miljøvennleg energi. Samtidig handlar det, ikkje minst i Noreg, om å utvikle eit konkurransedyktig næringsliv for det postfossile samfunnet. Men ikkje all produksjon som er viktig for det miljøvennlege samfunnet, ligg til rette for vellukka næringsutvikling her i landet. Dei økonomiske lovene gjeld også for næringspolitikk for det grøne skiftet.
Produksjon, lagring og transport av utsleppsfri energi er grunnpilarar i det grøne skiftet. Men grøn industripolitikk må handle om langt meir. All industri må omstillast til nullutslepp og bidra til verdiskaping i eit utsleppsfritt samfunnet. Bransjar som prosessindustri, skipsbygging, IKT, turisme og bygg og anlegg har også sin plass i ein grøn næringspolitikk som skal sikre arbeidsplassar og verdiskaping. Å bidra til det grøne skiftet er ikkje nokon garanti for kommersiell suksess.
Det er mange andre forhold som må falle på plass for å sikre langsiktig konkurransekraft og verdiskaping. No står vi i tillegg overfor store utfordringar som er skapt av ein turbulent geopolitisk situasjon med fare for handelskrig. I ein slik situasjon er det vanskeleg å komme utanom risiko for å feile. Då norsk industri for om lag femti år sidan fekk krav om å redusere utslepp til luft og vatn, så tok bedriftene utfordringa og satsa på teknologiutvikling med statleg støtte. Her i regionen stod prosessindustrien sentralt i denne omstillinga. Resultatet blei ein konkurransedyktig industri med verdsleiande teknologi.
No står vi overfor ei større omstilling. Vi skal bygge industri for ei framtid utan klimautslepp. Det vil kreve ein aktiv stat som kan samarbeidet med næringslivet for å bygge opp nye satsingar i ein turbulent konkurransesituasjon. Men også grøn industrien må etter kvart vere konkurransedyktig og bidra til fellesskapet.