Vi må også ha kunnskap om korleis vi vil leve

2 weeks ago 19



Dei universitetsstudia som fekk minst søknad ved årets opptak, var Bærekraft og kultur og Interkulturelle relasjonar ved Ansgar Høgskole.

AV-veteran Alf Holmelid meiner ein skal vere varsom med å kaste for mykje i tullesekken. Foto: Kristin Ellefsen / Fædrelandsvennen

Dette fekk Peter Frølich frå Høgre til å rykke ut og krevje færre tullestudium ved universitet og høgskular. No har Oda Oline Omdal frå same parti kasta seg inn i debatten med eit innlegg her i avisa.

Utspelet frå Frølich fekk meg til å tenkje på ein konferanse i regi av Forskingsrådet for ein del år sidan. Der var det mykje snakk om å prioritere det vi skal leve av i framtida. Då var det ein som tok ordet og sa: Sjølvsagt må vi jobbe med det vi skal leve av, men vi må også ha kunnskap om korleis vi vil leve. Mange humanistiske fag og samfunnsfag kjem i den siste kategorien og kan lett hamne i tullesekken til Høgre.

Eg kom også til å tenkje på ein tekst som Paal-Helge Haugen framførte då vi feira at UiA fekk status som universitet. Ein del av ei strofe har festa seg i minnet. Med få ord seier den mykje om kunnskap og universiteta sitt ansvar. Den er slik:

… Han bed oss

minnast at den kunnskapen du ikkje kan

smørje på brødet i dag

kan vere den som reddar

og livnærer deg i morgon.

Oda Oline Omdal krev meir politisk styring over universiteta, og ho vil ha sterkare prioritering av fag som arbeidslivet treng. Å legge politiske føringar for dimensjonering av studium er ikkje noko nytt. Det er ein del av den normale budsjettprosessen og styringsdialogen mellom universiteta og departementet.

Men når politikarar ser seg til doms over fag som dei ofte ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om, trakker dei over ei grense. Slik fagleg overstyring er eit inngrep i den akademiske fridomen som i samspel med samfunnet omkring skal sikre oss kunnskap for framtida og evne til kritisk tenking.

Då eg var student for over femti år sidan, var eg innom eit fag (mønstergjenkjenning) som ein kan seie er forløparen til dagens KI. På den tid var dette nerdestoff for teknologar, og eg har ikkje fått bruk for kunnskapen i min yrkeskarriere. I dag er KI i ferd med å ta over samfunnsutviklinga, og vi treng spisskompetanse frå mange ulike fagområde for å klare å henge med. Andre fagområde har sikkert minst like gode eksempel på at det er vanskeleg å føresjå nytteverdien av kunnskap inn i framtida.

Kunnskapsbasert kritikk og korreksjon av dei som har makt i samfunnet, er også ein del av den akademiske tradisjonen. Dersom den politiske eller økonomiske makta får fingrane for langt inn i dei faglege vurderingane på universiteta, kan denne delen av samfunnsoppdraget komme i fare.

Å diskutere dei overordna prioriteringane for ressursbruk i universitetssektoren har lange tradisjonar. Men når ein begynner å snakke om tullefag, så nærmar ein seg amerikanske tilstandar der Trump og hans folk lagar lister over kva det er ulovleg å forske på og skrive om på universiteta.

Vi må passe oss så vi ikkje kastar alt som vi ikkje kan smørje på brødet i dag, i tullesekken til Frølich.

Read Entire Article