Vet ikkje korleis de skal handheve russegenserforbud

1 month ago 17



På tampen av førre skuleår kom Innlandet fylkeskommune, som første i landet, med eit kanskje kontroversielt vedtak. Ungdommar får ikkje lov til å gå med klede som viser at dei høyrer til ei spesiell gruppe.

Altså, blant anna russeklede med logo.

Reaksjonane lét ikkje vente på seg, og på første skuledag troppa Gjøvikrussen opp i genserane sine i protest.

Det fekk ingen konsekvensar for russen på Gjøvik.

russegenser-roar

Rikke Skatvedt Engen (t.v.) og Marte Emilie Ridder Slettum møtte opp med genseren på første skuledag: – Vi går ikkje med dei for å ekskludere, seier Slettum.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Konklusjon: «Dialog»

Formålet med vedtaket er at ein skal hindre ekskludering med slike typar plagg. Fleire rektorar har tidlegare sagt til NRK at dei ikkje visste heilt korleis dei skulle handheve forbodet.

Alle vidaregåande-rektorar møttest til eit felles møte 5. september for å snakke om dette.

NRK har ringt rundt til fleire rektorar etter møtet. Ingen av dei vi har snakka med seier at gensarbruk har fått nokon konsekvensar for elevane deira.

Det som ikkje er lov er å gå med ein slik genser med det formålet å ekskludere nokon.

– Og så er det sjølvsagt krevjande å kunne bevise at ein går med russegenser med det formålet at det skal vere ekskluderande. Eg syns framleis det er krevjande, seier Bjørn Matsson som er rektor i Gjøvik.

Han seier samstundes at rektorane er einige i at dei skal handheve reglane fylkestinget har vedteke.

Rektor Bjørn Matsson ved Gjøvik videregående skole.

Rektor ved Gjøvik vidaregåande skule, Bjørn Matsson, synst det er krevjande å handheve forbodet.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Og ifølge rektorar NRK har snakka med er konklusjonen på korleis ein skal handheve forbodet; «dialog».

– Eg har hatt dialog, og det er jo ingen som hevdar at dei har russegenserar fordi dei ønsker å ekskludere.

– Vi kan ikkje stå ved døra og seie at du skal ta av deg genseren. Men vi kan stille spørsmål. Og det blir gjort. Vi er ikkje ute og jaktar på elevar med russegenserar no.

Det seier rektor ved Nord-Gudbrandsdalen vidaregåande skule, Kristin Undseth.

Rektor ved Sentrum vidaregåande i Kongsvinger, Marianne Bye har heller ikkje delt ut merknadar til tredjeklassingane.

– Så vil vi jo da gå i dialog med elevane viss vi ser at dette fører til ekskludering, på lik line med all anna aktivitet eller symbol og slike ting, seier ho.

– Rart formulert

Marte Emilie Ridder Slettum går på Gjøvik vidaregåande skule, og er russ til våren. Ho var blant dei som møtte opp med genseren på etter at forbodet kom.

Likevel har ho berre brukt den denne eine gongen. Ho synst forbodet er vanskeleg å forhalde seg til.

Slettum seier at samstundes som at fleire lærarar gjev inntrykk av at ein ikkje skal gå med genserane, får ikkje elevane nokon merknad eller annan sanksjon.

russegenser-roar

Marte Emilie Ridder Slettum (t.h.) synst at forbodet er rart formulert.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Vi synst det er rart formulert, vi skjønar det ikkje heilt sjølv. Ingen har eit formål om å ekskludere, seier ho.

Ved skulen er det nokon som framleis går med genseren som før, medan andre går med den sjeldnare.

Det er kanskje fordi folk er redde for den merknaden som det er litt snakk om.

I tillegg trur ho det kan skuldast at ein ikkje vil bli sett på som ein som ekskluderer. Samstundes er ho klar på at hensikta med genserane ikkje er å ekskludere.

For å ta grep i saka sjølv, har dei på si side foreslått planar om å lage ein «Gjøvik-russen 2025»-genser, som hele russekullet kan gå med.

Slik at alle er i ei samla gruppe.

– Må stokke beina

Thomas Breen, som er fylkesordførar for Arbeidarpartiet i Innlandet, var altså først ute i landet med eit slikt vedtak.

Han er framleis klar på at han vil dit at det blir forbode å bruke russegenser på skulen. Men at han har forståing for at regelen ikkje blir handheva så strengt no.

Fylkesordfører i Innlandet Thomas Breen

Fylkesordførar i Innlandet, Thomas Breen (Ap), forstår at dagens formulering gjer forbodet vanskeleg å handheve.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Det er ikkje alltid man treffer planke på alt. Sånn sett opplever eg det ikkje som noko dramatisk. Det kan godt vere at denne hausten blir litt sånn dialogspor kor man må finne ut av handlingsrommet, seier Breen.

Formuleringa i vedtaket om at det er plagga som har som hensikt å ekskludere, seier han ikkje var heilt heldig. Formuleringa var opphavleg ikkje med, fortel han.

– Og så kom den inn i komitébehandlinga. Rett og slett fordi ein ønska å forklare kvifor vi ønska dette bort. Eg trur den kom litt skeivt ut, rett og slett. Så eg skjønar godt at rektorar og lærarar syns det å vurdere formål er ekstremt vanskeleg.

Forbodet skal mest sannsynleg på lovlegheitskontroll i løpet av hausten. Framstegspartiet har bedt om det, fordi dei vil finne ut om fylkeskommunen i heile teke har lov å bestemme kva ungdommane skal kle seg i.

Breen seier det er aktuelt å endre ordlyden og få meir konkrete retningsliner på regelverket etter ein slik lovlegheitskontroll er gjort.

– I den mellomfasen og fram til neste fylkesting er det vanskeleg å vere sånn veldig det eine eller andre. Og så er det da å få stokka beina på ein måte som gjør at vi kan stå trygt i et reglement som både lærarar, rektorar og vi er einige om går an å praktisere da.

Publisert 07.09.2024, kl. 09.45

Read Entire Article