To menn tatt med 14-åring – mistenkt for menneskehandel

2 hours ago 5



Den fornærma i saka er ein 14 år gamal gut med utanlandsk statsborgarskap.

Det opplyser jourhavande jurist Arne Fjellstad ved Vest politidistrikt til NRK.

Påtaleansvarleg i saka, politiadvokat Sylvia Myklebust, seier slike saker ofte handlar om prostitusjon.

Det var BA som melde om saka først.

Politiinspektør Sylvia Myklebust, Vest politidistrikt

Politiadvokat Sylvia Myklebust.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Saka dreier seg om menneskehandel med mistanke om tvangsarbeid. Dette inneber ofte prostitusjon, seier ho til BA.

Politiet ber om fengsling av dei to mistenkte på grunn av fare for unndraging og bevisøydelegging.

– Kom tilfeldigvis over dette

– Politiet kom tilfeldigvis over dette. Dette er ikkje noko som har gått føre seg over lang tid, så vidt vi er kjente med, seier Myklebust til BA.

Fjellstad opplyser at dei to mistenkte opphavleg vart pågripe for tjuveri på flyplassen i Bergen.

– Der blei politiet gjort kjend med fornærma i saka, og dei er no framstilt for fengsling for noko heilt anna enn det dei først vart pågripe for, seier han til NRK.

Kor mange saker som dette ser de i Vestland politidistrikt?

Me er ikkje ukjende med denne type saker, seier Fjeldstad.

Myklebust og politiet ser svært alvorleg på saka.

– Menneskehandel er alltid alvorleg, men vi har ikkje så mange detaljar ennå, seier ho til BA.

Publisert 11.10.2024, kl. 23.28

Read Entire Article