Vern må gjelde for alle, ikkje berre for bygdefolk

3 hours ago 1



I generasjonar har bygdefolk brukt heiane som natur, beite og friluftsområder til jakt, fiske, bærplukking og turar med ungane. Heiane er ein del av identiteten vår, av fellesskap og tradisjon.

Det er dobbeltmoral når ein snakkar om vern samstundes som hyttebygging og ferdsel aukar, skriv innsendaren. Foto: Paul Kleiven / NTB

No ser vi at tilgangen vår minkar. Det uroar, og det provoserer.

Hyttebygginga har eksplodert dei siste tjue åra. Med ho kjem vegar, parkeringsplassar, sykkelstiar og løyper, alt for hyttefolket. Samstundes får vi som bur her stadig fleire forbod og restriksjonar, ofte med villreinen som grunngiving. Resultatet? Fastbuande blir stengde ute, medan hytteeigarar og turistar får stadig meir plass.

Fastbuande blir stengde ute, medan hytteeigarar og turistar får stadig meir plass.

Den Norske Turistforening (DNT) og hytteutbyggjarane må ta ansvar for at villreinen faktisk får leveområde, ikkje berre eit turistområde. Vern må gjelde for alle, ikkje berre for bygdefolk.

Vi har respekt for naturen og villreinen, men det er dobbeltmoral når ein snakkar om vern samstundes som hyttebygging og ferdsel aukar. Når kapital og utbyggingspress går føre omsynet til dei som bur her, trugar det både naturen og livsgrunnlaget i bygdene.

Kommunen må høyre på dei som bur her, ikkje berre på utbyggjarar og konsulentar med kart og kalkylar. Heiane høyrer oss alle til, men forvaltinga må starte med respekt for dei som har levd i og med fjellet i generasjonar.

Det handlar om rettferd – og framtida til bygda..

Read Entire Article