Verken Nav eller Lånekassen kan gi gravide Marita full støtte etter fødselen

2 weeks ago 25



– Vi blir stressa og veit ikkje heilt kva vi skal gjere.

Marita Brakstad og Ole Martin Eig var frå seg av glede då dei i mai oppdaga at dei ventar barn i slutten av januar.

Men i sommar seig alvoret innover det unge paret. Pengealvoret.

Toppolitikarar har i årevis bedt unge om å få barn. Helsepersonell ber par planlegge mindre.

Brakstad og Eig har tatt dei på ordet.

Men litt for seint fann dei ut at dei burde ha planlagt meir.

For den nyutdanna og framtidige mora kvalifiserer seg verken for fødselsstipend frå Lånekassen eller foreldrepengar frå Nav.

– Det er litt lite gjennomtenkt at det er mogleg å hamne mellom desse to stolane, seier Brakstad.

Marita og Ole Martin_Redigert-15

Den første og førebels einaste barneleiken i leilegheita så langt. Ei uro mora til Marita har kjøpt på ferie i Vietnam.

Marita og Ole Martin_Redigert-18

Mora til Martia kjøpte også desse babyskoa på ferie. Denne gong i Singapore. Paret har ikkje fått kjøpt så mykje anna babyutstyr enno.

Trøblete termindato

Fleire tilfeldigheiter gjer at dei no står i ein skvis:

  • I juni fullførte Brakstad sin master i psykologi. Hadde termindato for fødsel vore før 15. januar, kunne ho fått fødselsstipend frå Lånekassen. Men termin er 31. januar.
  • For å få foreldrepengar frå Nav må ein jobbe i seks av ti månadar før fødsel. Men tilkallingsvikariatet Brakstad har hatt på si som student, viser seg å ikkje kvalifisere til dette.

– Det er ikkje aktuelt å sette i gang fødsel tidlegare for å rekke Lånekassen-stipend?

– Den er litt dryg, synest vi. Det blir ikkje heilt riktig, seier dei og smiler.

Marita og Ole Martin

Ole Martin og Marita gler seg til å få barn. Men meiner systemet jobbar mot dei.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Nav og Lånekassen stadfestar overfor NRK at dei ikkje eller i liten grad kan vise skjønn i slike saker.

– Må sette heile karrieren på vent

Marita Brakstad har heller ikkje høve til å ta ein jobb som psykolog no.

Faktisk tilrår Helsedirektorat ho per e-post å vente til etter foreldrepermisjonen er over. NRK har sett e-posten.

Årsaka er at ho som nyutdanna må ho ha minst seks månadar samanhengande relevant praksis før ho kan søke om å bli autorisert psykolog, ein såkalla lisensperiode, og dette krasjar med termindato.

– Skulle vi ha planlagt å få barn, hadde vi ikkje hatt høve før i slutten av 20-åra. Elles må du nesten sette heile karrieren på vent, og då står du ein økonomisk knipe, seier Brakstad.

Marita og Ole Martin_Redigert-12

Det har tatt tid å finne ut av alt, og dobbeltsjekke det med Nav og Lånekassen.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Etterlyser meir fleksibilitet

No etterlyser paret meir fleksibilitet frå statlege ordningar, særleg for nybakte, unge foreldre.

Marita og Ole Martin_Redigert-13

Marita Brakstad ber staten vise meir fleksibilitet.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Ver litt meir fleksibel i ordningane og la det vere meir situasjonsbestemt. Eventuelt utvid fristane så det blir litt meir overlapp, og ein kan hamne under ei støtteordning uansett situasjon, seier Brakstad.

Ho møter forståing frå høgaste politiske nivå i Noreg:

Eg forstår veldig godt at dette er kjempekjedeleg for dei vordende foreldra! Det fell mellom to ordningar.

Det seier familie- og barneminister Kjersti Toppe (Sp).

– Samstundes er det slik at ordningar må ha nokre rammer, understrekar ho.

Oppdrag for fødselsutvalet

Statsråden opnar for å kunne vere meir fleksibel, men overlèt til det nyleg utnemnde fødselsutvalet å sjå på slike saker framover.

Utvalet skal sjå på tiltak som spesielt kan vere viktige for dei unge. Eg håpar at vi kan tette desse gapa som framtidige foreldre kan oppleve i overgangen frå student til arbeidsliv, seier Toppe.

Kjersti Toppe

Statsråd Kjersti Toppe (Sp) har bedt fødselsutvalet finne tiltak for å få fleire til få barn.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Bittert å bruke sparepengane

Men det vil ta fleire år før politikarane får endra på noko.

– Når ein sit der som student og et loff med salami på til middag, er det fint å tenke på at «ein dag får eg ei ok løn». Og no blir det utsett to år til. Det er bittert, seier Brakstad.

Midt i alt er dei heldige. Dei har sparepengar som skulle gå til å kjøpe bustad. No må det brukast til babyutstyr, bleier og barnemat - og husleige og mat.

– Vi skal nok klare oss, men tenk om vi ikkje hadde hatt det? Då hadde vi enda opp på gata, seier paret.

Tips til andre: – Tenk pengar!

I tillegg får dei eingongsstønaden frå staten på 92.000 kroner, og som sisteårsstudent og nybakt far vil Ole Martin Eig få noko ekstra stipend og lån i to-tre månadar.

– Den studiestøtta han får, er ikkje så mykje å skryte av til to personar, eller tre for saks skuld, seier Brakstad.

Jobbjakta hennar har heller ikkje bore frukter så langt. Og det er neppe alt for mykje å spare på å bli student att.

Dei komande foreldra har følgande tips til andre i liknande situasjon:

– Tenk pengar med ein gong. Det er synd, at pengar er det første du må innstille deg på, seier Brakstad.

– Og dobbeltsjekk kva jobbstilling du har, og at Nav i det heile godkjenner det, seier Eig.

Publisert 18.09.2024, kl. 05.28

Read Entire Article