Verdas høgaste idrettsutøvar vekker oppsikt – måtte sove på golvet i Paris

1 month ago 18



Iran var enorme gullfavorittar i sittande volleyball. Dei er regjerande paralympiske meistrar, og den store stjerna heiter Morteza Mehrzad.

For 36-åringen skil seg ut frå både medspelarar og motspelarar. Det er rett og slett umogleg å ikkje legge merke til han.

Under OL skreiv NRK om den franske volleyballspelaren Victor Wembanyama. Med sine 2 meter og 24 centimeter ruva han over konkurrentane, og bildet under gjekk viralt.

Basketball - Men's Group Phase - Group B - Japan vs France

HØY BASKETSTJERNE: Victor Wembanyama.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

Samanlikna med Mehrzad er Wembanyama for smågut å rekne. Iranaren er 2,46 eller 2,47 meter høg, avhengig av kva kjelde ein bruker.

Han er fødd med gigantisme – ein tilstand som gjer at kroppen produserer mykje veksthormon.

Det gjer han til den høgaste idrettsutøvaren i verda. Og verdas nest høgaste nålevande menneske. Berre tyrkiske Sultan Kösen, på 2,51 meter, ragar høgare over bakken.

Måtte sove på golvet

Under Paralympics har høgda skapt både problem og fordelar. For å ta problema først:

Den første perioden av leikane har Mehrzad sove på golvet i utøvarlandsbyen. Sengene utøvarane blei tildelte av arrangøren var rett og slett altfor små for den langstrekte iranaren.

– Det har blitt tatt hand om nå, trygger irans trenar Hadi Rezaei overfor NRK og fortel at alt nå ligg til rette for at også Mehrzad kan få ei god natts søvn.

1NZ1fw6xjak

LANDSLAG: Iran er dei suverent beste landslaga i verda i sittande volleyball.

Foto: AFP

For det treng han. Iran har dominert fullstendig i sittande volleyball i Paralympics, og vant fredag gull. Laget tapte kun eitt einaste sett i løpet av leikane.

NRK var eit av media som prøvde å få eit intervju med Mehrzad etter kampen mot Tyskland, men han trilla rett gjennom pressesona utan å veksle eit blikk med journalistane.

– Han er ein sjenert person, og liker ikkje å gjere intervju. Han er veldig jordnær, har ein iransk journalist forklart overfor Paralympics nettside.

Oppdaga på TV

Men trenar Rezaei kan fortelje meir om stjernespelaren til NRK.

– Første gong eg såg han var på nasjonal TV i Iran. Han var med i eit program om uvanlege menneske, fortel Rezaei, som da fekk ein idé.

Han dreiv tidlegare med sittande volleyball sjølv, og etter karrieren var over begynte han som trenar for landslaget.

– Eg såg potensialet i han, og ville gi han ein sjanse til å drive med parasport. Og så skjønte eg at han kom til å sørge for at vi vinn, smiler trenaren.

khsuL5ybD4M

Foto: AFP

Da Morteza var 15 år gammal, hamna han i ei sykkelulykke. Han på drog seg eit brot, som førte til at hans høgre bein slutta å vekse. Det er derfor 15 centimeter kortare enn det venstre, og volleyballspelaren bruker rullestol og krykker som følge av det.

– Da han var 12 år, var det ingen som brydde seg om han. Nå som han driv med sittande volleyball og folk frå heile verda kjenner til han, får han respekt, seier Rezaei.

– Sjanselaust å stoppe han

Iran skal ha ikkje tapt ein kamp i sittande volleyball på rundt ti år. Det hevdar i alle fall Heiko Wiesenthal, ein av Tyskland fremste spelarar.

Han fekk merke at det ikkje er berre berre å stoppe ein motstandar på nesten 2,5 meter.

HMz_4Bxzt7g

BLOKK: Morteza når nesten to meter over bakken mens han sit.

Foto: AP

– Det er veldig vanskeleg å spele mot han. Han kan smashe ballen 1,90 meter over bakken, mens blokka mi er 1,5 meter over bakken. Da er det sjanselaust å stoppe han. Det er kult å møte han, men veldig vanskeleg òg, seier Wiesenthal.

– Prøver du å unngå og komme i duell mot han på banen?

– Det er bra for oss når han ikkje er på banen, men Iran har mange gode spelarar.

Bildene du ikke fikk se på TV: Her går det galt for Markus Rooth 00:43

Publisert 07.09.2024, kl. 11.55 Oppdatert 07.09.2024, kl. 11.59

Read Entire Article