Vegard (25) tok over garden: – Har eit samfunns­ansvar

4 hours ago 1



Eg har ein ambisjon om å kunne bygge meg roleg opp i ein grad som kanskje gjer at eg kan drive på heiltid med dette her.

25 år gamle Vegard Lie frå Etnedal i Valdres har nyleg teke over familiegarden. Faren hadde lagt ned drifta, så dei siste åra før sjølve overtakinga har den unge bonden brukt på å bygge opp att og få tilbake dyrelivet.

Det er givande å drive med dyr. Vite at dei har det bra og har den hjelpa dei treng til å bli rolege og snille, seier Lie.

en gutt med en bøtte og en ku på en åker

Vegard Lie har ein draum om å berre jobbe på garden, sjølv om det betyr usikkerheit og mykje arbeid. Han vil gjerne drive tradisjonane vidare og bidra til matproduksjon.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Lie jobbar i full stilling utanom gardsdrifta. Han erkjenner at det er ei usikker bransje han vel å satse på. Han seier om seg sjølv at han er ein god blanding av ein optimist og «idiot».

Ein graf som peikar oppover

Tidlegare denne månaden omtala Nationen og NRK tala frå SSB som viser at det er fleire bønder enn før under 40 år:

SSB har oversikta over kor mange som driv gardsbruk, kor dei er og kor gamle dei er. Ein kan sjølv søke i tabellane på sida deira.

Grafane som viser kor mange bønder det er i Noreg har berre gått nedover og nedover sidan ein begynte registreringa i 1999.

Men grafen som viser kor mange av dei som er under 40 har derimot skifta retning:

Tala til SSB er på personlege brukarar, noko som betyr at unge folk i samdrift ikkje er med i statistikken.

Forskar: Overraskande

Tom Bratrud er sosialantropolog og forskar ved Universitetet i Bergen. Han har forska mykje på Bygde-Noreg, tilflytting, avlytting og landbruket.

Han er eigentleg litt overraska over at talet på unge bønder auka, fordi han seier vilkåra for å drive som bonde ikkje er dei enklaste no.

Og det er veldig mange andre livsvegar for unge vaksne som kan synest enklare. Med andre jobbar og tryggare inntekt og den type ting. Men samstundes så har eg sett at det er ei interesse for å bidra til særleg matsikkerheit.

Tom Bratrud, Sosialantropolog og forsker ved Universitetet i Bergen

Tom Bratrud har forska på blant anna landbruk og har snakka med mange bønder som seier dei står i ein krevjande situasjon. Samstundes er mange veldig glade i jobben, fortel Bratrud.

Foto: Universitetet i Bergen

Han trur grunnen er samansett. Det kan vere mange unge som er i posisjon til å ta over no og at generasjonen føre allereie har gjort ein del investeringar. Det kan også vere den politiske og sikkerheitsmessige situasjonen no som gjer at nokon vil satse. Eller plikt.

– Som med tidlegare generasjonar bønder, er det nok fleire av dei unge bøndene i dag også som driv ut av plikt og respekt for familie, bygda og tradisjonar. Men også ein følt plikt for å forsyne samfunnet med mat. Som fleire eg har prata med seier: «Vi må jo ha mat».

Camilla Rostad, som er leiar for Innlandet bondelag har merka at fleire unge vil inn i landbruket. Ho trur også det handlar om beredskap og ei usikker tid. Men også at det er meir framtidstru i bransjen sidan det er satsa meir på landbruket dei siste åra.

Sjølv om det er mange spreke, kjekke 60-åringar som har mange år igjen i bransjen, er det viktig å få med seg ungdommen. Det er uansett avgjerande for å lukkast med oppdraget med å auke beredskap og matforsyninga i Noreg, seier ho.

Camilla Rostad

Camilla Rostad i Bondelaget fortel at interessa for å drive i landbruket har auka og ho har sjølv hatt mange unge i arbeid hos seg i sommar. Men også fleire vaksne har fatta interesse, seier ho.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Kjenner eit samfunnsansvar

Og akkurat det kjenner Vegard Lie i Etnedal på. Han hadde ikkje odel på garden. Han fortel at den eldre søstera var einig i at han skulle ta over då han ville starte opp drift.

Han har alltid hatt ei veldig interesse for landbruket. Men i tillegg har han eit stort ønske om å kunne bidra.

– Ein har på ein måte eit samfunnsansvar med seg og vere med og produsere mat, seier han.

Og eg ser det som ein veldig fordel og ein verdi å kunne bruke jorda si sjølv.

en ung bonde med caps og blå jakke

Vegard Lie er glad det er fleire unge bønder og trur dei som kjem til vil ha nye idear om korleis ein kan løyse ting i landbruket.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Han kjenner ikkje veldig mange på sin eigen alder som har starta opp som bonde, men han seier mange rundt han har liknande interesser.

Det er veldig positivt og bra, det. At det er fleire av oss som kanskje tenker slik som eg gjer. Eg har et lite håp om at sjølvforsyningsgraden kanskje aukar litt meir.

Publisert 06.10.2025, kl. 17.55

Read Entire Article